Ukultur forsvinn ikkje av seg sjølv

Er det ein ting denne vinteren har lært oss, er det at ukultur som hindrar likestilling ikkje forsvinn av seg sjølv.

#metoo-kampanjen har kosta mange av dei som stod fram mykje, utan at me no kan seie at rettferd er på plass. Storsamfunnet veit nok meir om problemet enn før, men det er ikkje nok. Me er ikkje garantert at trakassering og overgrep no tar slut, trass ei lang rekke opprop i mange bransjar. Arbeidet mot det er berre så vidt i gong. Den beste måten me kan stø opp om dei som sto fram i #metoo-kampanjen no, er gjennom å løfte ein større debatt om vegen vidare, med konkrete forslag på bordet, både i politikken og i arbeidslivet.

Alternativet er stillstand. Det er mange nok som meiner at likestillinga kjem av seg sjølv, berre me smører oss med tålmod og ventar lenge nok. Sånn er det diverre ikkje. I beste fall vil me med den strategien få til noko bra når me er gamle og grå, og det kan vere like sannsynleg at me får likestilling i revers.

Det har eg merka i jobben min som politisk rådgivar, der eg av og til er på bedriftsbesøk. I møte med det private næringslivet har eg fleire gongar på hyggelege og nyttige omvisningar oppdaga at likestilling er ganske langt ned på prioriteringslista til desse bedriftene, sjølv om dei er opptekne av samfunnsansvar på andre område. Ein gong besøkte eg ein fabrikk der tre av fire veggar på kontrollrommet var prega av dataskjermar, grafar og plakatar med faglege instruksar. På den fjerde hang det fleire plakatar av topplause damer. Samtidig snakka fabrikksjefen om at dei syntes det var så vanskeleg å få tak i kvinnelege lærlingar. Mon tru kvifor. Seinare snakka eg om dette med ei kvinne som jobba i same bransje, men i eit anna selskap. Ho hadde møtt det same på sin arbeidsplass. Til slutt hadde ho sett seg nødt til å gå til toppsjefen og be han krevje at alle fabrikksjefane skulle ta ned alle plakatane med topplause kvinner. Ein skulle tru at me her snakka om ei hending frå 1980-talet, men det er berre snakk om eit par år sidan.

På eit anna bedriftsbesøk blei det trukke fram at grunnen til at denne fabrikken hadde få kvinner, var at kvinner er lite interesserte i det produktet fabrikken lager. Kvinner var visstnok meir interesserte i å jobbe ved fabrikkar som produserer andre produkt, der dei kunne ha ei meir teoretisk tilnærming til jobben. I ettertid har eg lurt på om han trudde på det han sa sjølv, eller om det berre var ein nødløgn for å ro seg ut av ein ubehageleg situasjon. Ei dårleg unnskyldning var det i alle fall.

Riv ein ikkje ned plakatane med dei topplause damene, er det vanskeleg å få tak i fleire kvinnelege lærlingar.

Desse besøka har gjort meg medviten på kor kort me kjem dersom ingen pressar på. Dersom leiinga lukkar auga for ukultur eller manglande mangfald, vil det ikkje skje noko som helst. Og det ser diverre ut som at det stadig er mange som lukkar auga. Riv ein ikkje ned plakatane med dei topplause damene, er det vanskeleg å få tak i fleire kvinnelege lærlingar. Slår ein ikkje hardt ned på trakassering, vil trakasseringa fortsetje. Og tar ein ikkje ansvar sjølv for å rekruttere mangfaldig, vil dei nye arbeidstakarane fortsetje å likne på dei som jobbar der frå før. Og dette er eit leiaransvar som leiarane oftare bør bli minna på at dei har.

Å jobbe for gjennomslag for tiltak som bidrar til fortgang på vegen mot likestilling er ikkje enkelt. Ser me på dei kvinnene som gjekk i front før oss, ser me at det ofte kosta dei dyrt. Sjølv om det er ein rett me tar for gitt i dag, var det ikkje lett å vere forkjempar for kvinneleg røysterett. Det var ikkje lett å stå opp for retten til fri abort. Og det har ikkje vore lett å varsle om #metoo-hendingar i 2017 og 2018. Dei som snakkar høgt om likestilling får ofte tøff motstand i retur.

I dette lyset blir det klart at dersom me meiner alvor om at me vil vidare, må me tørre å fortsetje å dytte litt i folk og stille krav. Eg meiner at rapporteringskrav på likestilling må inn i lovverket igjen. Bedrifter som går inn for å ta samfunnsansvar må hugse på likestillinga og godta å bli målt på ambisiøse likestillingskrav. Og politikarane må ta litt meir møllers tran og tørre litt meir. Tørre å stille nye krav for kvotering. Tørre å stå opp for ein lengre fedrekvote (som regjeringa no heldigvis gjer etter å ha prøvd det motsette i nokre år). Tørre å ta større grep for likelønn, og sjå til Island. Og tørre å røyste for når det kjem gode, konkrete forslag på bordet mot seksuell trakassering og overgrep.

Det vil nok gi høg temperatur og tøffe debattar. Men med tanke på alle dei modige der ute som har sagt i frå om ugreie ting før oss, er det verste som no kan skje at fleirtalet vel stillstand framfor framgang. Og då vil det ikkje skje noko som helst.

Bilete: Stunt driving av darkday (CC BY 2.0)

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website

Comments are closed.