Eit anna Noreg er mogleg

Justisministeren gjekk av i dag tidleg etter å ha blitt konfrontert med massiv kritikk for eit Facebook-innlegg ho publiserte 9. mars. Kritikken har kome frå Stortinget, kommentatorar og frå vanlege folk gjennom Facebook-innlegg og ulike protesthandlingar. Men den tidelgare ministeren får også massiv støtte. Frå nynazistar og høgreekstreme, frå tidelgare formann Carl I. Hagen så vel som mindre ekstreme FrP-velgjarar. Men også blant dei som ikkje støtter FrP sitt politiske prosjekt og aldri ville stemt på partiet, finst dei som syns at den tidlegare Justisministeren har blitt urettmessig behandla og ikkje burde blitt pressa til å gå av i denne saka.

Eg kan få ei kjensle av at den avgåtte ministeren på ein måte vinn uansett. Men det er viktig å minna kvarandre på at slik er det ikkje.

Du som leser tekstar frå det feministiske bloggkollektivet Maddam er mest sannsynleg kritisk til handlingane, fråsegnene og politikken til den avgåtte ministeren. Du er kanskje glad for at det no er trekt opp ei tydeleg grense for kva sjølv ein høgrepopulistisk minister kan tillate seg. For dei fleste av oss leser stort sett tekstar skrive av folk som i større eller mindre grad deler vårt eige verdsbilde og våre eigne meiningar. Overfor deg er det neppe nødvendig å gjenta kvifor høgrepopulismen som den avgåtte ministeren representerer er eit farleg politisk prosjekt.

Me må organisera oss for eit anna politisk prosjekt – kampen for eit rettvist, solidarisk og inkluderande samfunn.

Det me må bruka kreftene våre på i tida som kjem, er å kjempa for eit anna politiske prosjekt. Når eg leser om den massive støtta høgrepopulismen har, og om konspirasjonsteoriane, dei hatefulle ytringane og grove trugsmåla som florerer i kommentarfeltet, er det lett å mista trua på folk, på Norge og på verda. Eg kan få ei kjensle av at den avgåtte ministeren på ein måte vinn uansett. Men det er viktig å minna kvarandre på at slik er det ikkje.

#MeToo-kampanjen har tydeleg vist at tida for storstilt kollektiv mobilisering ikkje er forbi. Me nekter å teia, nekter å spela dette spelet og endrar verda i fellesskap.

Høgrepopulismens frammarsj er ikkje ein nødvendigheit. Han kan og må slåast tilbake. Historia frå mellomkrigstida skal ikkje gjenta seg. Det skal me sørgja føre. Men for å få til det må me organisera oss for eit anna politisk prosjekt – kampen for eit rettvist, solidarisk og inkluderande samfunn. La oss melda oss inn i politiske parti som kjemper for eit anna Noreg. La oss inngå strategiske alliansar med dei som ønskjer eit anna Høgre og eit anna Venstre, som ikkje plasserer høgrepopulistar i regjering. Og med dei som ikkje ønskjer at KrF skal konkurrera med FrP om anit-islamske velgjarar. La oss ta diskusjonane på arbeidsplassen og skulen, lytta til meiningsmotstandarar og argumentera for støtte til ei ny regjering. La oss mobilisera til seminar, demonstrasjonar, studiesirklar og kampanjar i sosiale media der me kjempar for at ei anna verd er mogleg.

For at det skal vera mogleg å endra verda, må me kunna forestilla oss at endring er mogleg. Høgrepopulismens frammarsj er ikkje ein nødvendigheit.

#MeToo-kampanjen har tydeleg vist at tida for storstilt kollektiv mobilisering ikkje er forbi. Det har blitt ein massiv global sosiale bevegelse for rettferd og motmakt. Med utgangspunkt i kvardagserfaringar er maktstrukturar blitt synlege for oss alle. Me nekter å teia, nekter å spela dette spelet og endrar verda i fellesskap.

Men for at det skal vera mogleg å endra verda, må me kunna forestilla oss at endring er mogleg. Me må la oss inspirera når me ser at endring er mogleg, halda oppe trua og gjera jobben. Høgrepopulismen er ikkje vårt prosjekt. Eit anna Noreg er mogleg. Ei anna verd er mogleg.

Illustrasjonsbilde: Erna Solbergs regjering, av Statsministerens kontor, CC BY-NC 2.0.

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Eg skriv gjerne så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Eg bur og arbeider i Bodø i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website

Comments are closed.