Me som visste, men tidde

custom-Custom_Size___silentbreakers-internatiional

Me må slutta med å stillteiande akseptera at talentfulle menneske med dårleg dømmekraft ikkje endrar praksis sjølv når dei får ettertrykkeleg beskjed om å gjera det. Når me møter elendig oppførsel med å kviskra om det til dei som allereie veit, men samstundes aksepterer at «dette ikkje er noko det skal snakkast om», bidreg me berre til å sementera ein ukultur.

“Nå er Giske singel igjen, så nå må de passe dykk, jenter!”, sa ein AUF-ar då gjengen var på veg ut på byen for ein ti års tid sidan. Me lo rått. Utsegna var litt for sann.

Då Giske-saka byrja rulla i media, var folk utanfor organisasjonsbobla forundra over at ingen visste. For om nokon visste, kunne han då ikkje bli vald om att og om att? Sanninga er at mange visste. Og enda fleire hadde høyrt rykte. Men det var blitt lagt lokk på, det var rekna som uvesentleg målt mot det politiske talentet hans.

Dette skal ikkje handla om Giske, Riise, Leirstein, Rønning eller andre som ikkje har forstått si eiga rolle, og som ikkje har skjønt at dei ikkje kan oppføra seg som dei vil og samstundes inneha dei verva dei har. Men om oss som visste, eller i det minste hadde høyrt, og som likevel bidrog til å glatta over. Me som på ulike måtar bidrog til å oppretthalda ein ukultur, sjølv om me ikkje nødvendigvis meinte det var greitt. Me som blei irettesett når me kom med kritiske innvendingar om moral, og som godtok det. Me som lot vera å klappa, lot vera å stemma, men som heller aldri heva stemma utanfor lukka rom. For husfredas skuld. Og kanskje litt for vår eiga.

Dette skal ikkje handla om Giske, Riise, Leirstein, Rønning eller andre som ikkje har forstått si eiga rolle, og som ikkje har skjønt at dei ikkje kan oppføra seg som dei vil og samstundes inneha dei verva dei har. Men om oss som visste, eller i det minste hadde høyrt, og som likevel bidrog til å glatta over.

Eg er fødd inn i organisasjonslivet. Engasjement og frivillig arbeid har vore naturleg i barndomsheimen, så det var sjølvsagt at eg skulle melda meg til både elevråd og heimbyens ungdomsråd. Som 16-åring fekk eg mitt første landsmøtevalde verv. Seinare blei eg ein av desse som brukte studietida på alt mogleg anna enn studiar – organisasjonsarbeid var viktigare og gildare. Eg har hatt verv i eit tosifra tal organisasjonar. Eg har vore aktiv på alt frå lokalt til europeisk nivå, og har også arbeidd i organisasjon i periodar. Organisasjonane har eit stort spenn, frå å arbeida for og med relativt smale interessefelt til å arbeida for og med breie politiske saksfelt på nasjonalt eller internasjonalt nivå.

Når ein har tillitsverv i ein organisasjon, må ein oppføra seg annleis enn ein kan som vanleg medlem. Særleg gjeld dette tillitvalde på nasjonalt nivå. Det kan vera vanskeleg å forstå når ein sit i vervet sjølv, fordi ein kjenner seg som akkurat den same som ein var før ein fekk vervet. Ein må vega orda sine på ein annan måte dersom ein ikkje kjenner alle i rommet, og ein har eit større ansvar for å passa på å inkludera alle. Ein blir eit førebilete i organisasjonen, og det er det rart å skulla forhalda seg til, for ein er jo akkurat like feilbarleg som ein var før. Men om ein ikkje er medviten at ein har fått ei ny rolle, er det fare på ferde. Er ein ikkje medviten rolla, står ein i fare for å misbruka den makta ein har fått, uansett kor lite mektig ein sjølv måtte føla seg. Og i dragsuget følger ein organisasjonskultur der mange vil ønska å dekka over maktmisbruket.

Nokre har eller får ei misforstått lojalitet om at organisasjonens beste er at alt ubehageleg blir dyssa ned og dekka over. Nokre vil kanskje verna om enkeltpersonar, andre om eigen posisjon. Nokre vil verna om organisasjonen eller organisasjonen sitt rykte. Summen av alt dette, er at det blir eit skilje mellom det gilde me snakkar høgt om og det ubehagelege, det me berre kviskrar om bak lukka dører.

custom-Custom_Size___shh

Eg byrja telle opp kor mange gonger eg har blitt beden om å halde kjeft, eller om å ikkje bruke manglande dømmekraft som argument når eg skal forklara kvifor eg ikkje ønsker ein bestemt kandidat. Kor mange gonger eg har tidd stille og nøydd meg med å stemma blankt. Etter x antall fylkesårsmøter og landsmøter i x antall organisasjonar blei det ganske mange. For dei finst i så godt som alle dei organisasjonane eg har vore ein del av, desse som gjer ting som er ugreitt når talarstolsmikrofonen er av, og som får lov til det. Dei er ikkje mange, men dei er der. Dei som er sosialt oppegåande, men som likevel ikkje tek korrigeringar. Dei treng nemleg ikkje korrigera seg, for det oppstår ein slags kollektiv aksept for at det gjeld andre reglar for dei enn for andre.

“Det er bare sånn han er på fest. Han blir bare litt vill med alkohol innabords. Men det er jo det han utretter i edru tilstand som betyr noko!”, sa fylkesleiaren då eg klaga over ein bestemt persons måte å oppføra seg på på fest. Og fylkesleiaren hadde jo rett i at vedkommande var drivande dyktig i vervet, i alle fall fram til festen starta. Då blei den trivelege, høflege og kunnskapsrike karen forvandla til ein av desse brautande idiotane som trur at alle fornærmingar han måtte trilla ut av seg er rasande festlege, og som innbiller seg at terskelen for kva som er innanfor å seia og gjera på magisk vis blir heva når akkurat han drikk. Han fekk beskjed frå fleire hald om å endra åtferd, men gjorde det aldri.

“Dette er ikkje ei sak ein skal ta opp no, for det er urimeleg å diskutera det når ein diskuterer kandidatar til verv”, var beskjeden då nokon innvendte mot ein kandidat at han hadde ein tendens til å bli klåfingra i fylla. Fleire jenter hadde meldt at dei opplevde han som ubehageleg å vera rundt, og trass i at han gong på gong lova å slutta, gløymde han det visst så fort ølboksen blei spretta.

“Det er ille nok at dette blir sagt bak lukka dører! Denne forma for vondsinna ryktespreiing er bare vondsinna, og har ingenting med vedkommande sitt kandidatur å gjera!”, var den tydelege beskjeden då nokon på eit delegasjonsmøte melde at dei ikkje ynskja å røysta på ein bestemt kandidat fordi han hadde innleia, og avslutta, eit forhold til ei jente mange år yngre enn seg. Det var ein ubalanse mellom dei, og ubalansen handla om både posisjon og alder. Han hadde ein høg posisjon i organisasjonen, ho var relativt fersk. Han var i eit langvarig forhold, ho var sårbar og forelska. Dei som tok dette opp hadde sjølv observert paret ved fleire høve og varsla leiinga, så det var meir enn eit rykte.

“Vedkommande har fått beskjed”, heitte det om ho som var så ufin i måten ho snakka til andre på at folk hadde meldt seg ut av organisasjonen for å sleppa ho. Men beskjedane hjelpte ikkje stort, for ho fortsette med same åtferd. Og blei attvald til same posisjonen.

Når nokon har stilt spørsmål ved kandidatar med stort talent og elendig dømmekraft, har meldinga vore tydeleg: åtferda deira i gitte sosiale situasjonar er ei ikkje-sak.

Når nokon har stilt spørsmål ved kandidatar med stort talent og elendig dømmekraft, har meldinga vore tydeleg: åtferda deira i gitte sosiale situasjonar er ei ikkje-sak. Det er ei sak ein kan diskutera bak lukka dører, men så fort ein har låst opp, skal saka vera ute av verda. Ein kan ta det opp med vedkommande, ein kan diskutera det med vedkommande sine side- eller overordna, men det skal aldri ha betyding for om vedkommande er valbar. Då er det ein ting, og berre den eine tingen, som betyr noko: kor dyktig vedkommande er i jobben sin. Eventuell sosial del av jobben ikkje medrekna.

La meg for ordens skuld understreke at det går ei grense ein stad. Ulike variantar av setninga “det er jo ikkje ulovleg, sjølv om det kanskje er moralsk tvilsamt” har alltid vore med i lukka diskusjonar om tilfelle som dei eg har nemnd. Med eit tidvis unnatak for forbodet mot å servera alkohol til mindreårige, har det nemleg vore nulltoleranse for direkte lovbrot i alle organisasjonane der eg har ferdast.

Så eg har beskytta. Gjennom å halda kjeft. Gjennom å ikkje ta samtalen som burde ha blitt tatt dagen derpå. Gjennom å sjå ein annan veg. Gjennom å ta samtalen med vedkommande dagen etter, men ikkje kopla inn andre høgare oppe i systemet.

Så eg har beskytta. Gjennom å halda kjeft. Gjennom å ikkje ta samtalen som burde ha blitt tatt dagen derpå. Gjennom å sjå ein annan veg. Gjennom å ta samtalen med vedkommande dagen etter, men ikkje kopla inn andre høgare oppe i systemet. Gjennom å stadig tru på at lovnad om bot og betring er det same som reell endring. Gjennom å melde meg som “den du kan klå på” til ein som alltid skulle klå i fylla, for på den måten å skåna nykomarane for fingrane hans. Gjennom å passe på at informasjonen eg sat på ikkje blei spreidd til andre enn dei som allereie visste. Gjennom å bortforklara med “vedkommande var visst litt for langt nede i flaska” eller “du veit, dei har ein litt anna festkultur i den delen av landet enn den me er vande med”.

Eg har også beskytta for å beskytta meg sjølv, for eg vil ikkje ha rykte på meg for å vera ryktespreiar. Eg har beskytta fordi dei det handlar om, er folk eg har sett opp til, og som difor har fått ekstra mykje goodwill. Eg har halde kjeft fordi eg sjølv har hatt ønske om å stilla til val. Eg har late vere å seia noko til andre (som t.d. ein valkomité) fordi eg fortsett skal ha eit tillitsforhold til eller eit samarbeid med vedkommande etter valet – “for saka er ikkje alvorleg nok til at ho blir grunnlag for at vedkommande ikkje blir vald”. Eg har late vere å ta det opp for å sleppa å bli oppfatta som moralist. Eg har ved fleire høve sagt klart ifrå i lukka rom, og smilt som ei sol etterpå, for å lata som om ingenting vondt var sagt. Eg har sjølv snakka med nye i organisasjonen om oppførselen deira – men stillteiande “godteke” same åtferd frå nokon høgare oppe i systemet. Og eg har heilt sikkert sjølv sagt til andre at “det er ein ting å snakka om dette her og nå, men sprei ikkje vidare det du veit”.

Kan 2018 bli året der me sluttar å beskytta dei som oppfører seg som dritsekkar? Ikkje gjennom ein offentleg skittentøyvask, men ved å tydeleg seia ifrå. Til den det gjeld, og til dei som treng å vita. Me må oppheva den uskrivne regelen om at «nokre ting snakkar me berre ikkje om». Det må bli slutt på at den einaste konsekvensen det får om ein er talentfull, men har idiotoppførsel, er at vedkommande får tillitsverv med tausheitas vern.

Eg er overtydd om at kuren mot ukulturen er at me blir opne internt om også det som er problematisk. Er det ein lærdom me må ta med oss frå dei opprullingane som skjer no, og av dei som eventuelt måtte koma, så er det at me må utvida den kollektive forståinga vår av kva som skal til for å vera ein god, eigna og skikka kandidat, anten det er som burettslagsleiar, som fylkesstyremedlem eller som statsråd.

 

Signhild-portrett

Gjesteblogger er Signhild Stave Samuelsen. Sørlending busett på Jæren etter mange år i Oslo. Master i religion og samfunn. Lærar. Organisasjonsnerd. Senterkvinne. Over snittet glad i vind, dialekter og vedtekter.

 

Foto: 1) EPA/EFE Peter Foley, fra Daily Maverick og 2) illustrasjonsbilde fra Women Working.

Om forfatteren

Gjesteblogger

Gjesteblogger

Hvis du vil være gjesteblogger for Maddam, send en mail til hei@maddam.no. Få med hva du vil skrive om og tre linjer om deg selv.

Visit Website

Comments are closed.