Helseuro, kroppspositivisme og objektivisering

Devon Buchanan Follow Protest Against DSK at the Cambridge Union Society, Devon Buchanan, (CC BY 2.0)

Devon Buchanan Follow
Protest Against DSK at the Cambridge Union Society, Devon Buchanan, (CC BY 2.0)

Så tar vi visst debatten igjen. Om kropp. Om vekt. Er det greitt at ein lar folk – i beste sendetid på tv – tru at det er akseptabelt å vere tjukk? I Dagbladet uttrykker to masterstudentar i klinisk ernæring, uro over helsa til folk som lar seg lure til å tru noko slikt. Helse er lik fysikk, nemleg, og dersom vi seier til folk at det er greitt å vere tjukk, vil folkehelsa verkeleg få slite. Ytringa engasjerer. Folk liker og deler og kommenterer i veg. ”Nettopp”, skrivas det, og ”amen!” –  eit kor av folk som er veldig uroa for helsa til dei tjukke. Helsa, og så det at det ikkje er så sexy, da. Eg likar sjeldan å lese kommentarfelt av openbare grunnar, men under meiningstekstar forkledd som omsorg for den tjukke si dårlege helse, synes eg dei er frigjerande. Det er her vi finn sakas kjerne. Dei er litt meir ærlege, rett og slett:

Det er overvektige, så er det feite folk. Er stor forskjell det! Men det snakker ingen om, å det syntes jeg er rart. Hvorfor skal de med litt ekstra føle seg truffet av at folk syntes det å veie 200kg ikke er spesielt sunt eller sexy? Spis,tren og kos deg. Ingen som sier at noen kilo ektra er galt. Men å glorifisere disse michelinmenneskene er for meg tåpelig!

Bra innlegg! Mange i Norge er for feit..og der er verken fint eller sunt å være det!

Hvis de overvektige hadde brukt halvparten av energien på trening som de gjør på å overtale alle om at overvekt er attraktivt så hadde de vært syltynne alle sammen.

Kommentarane over er henta frå facebooktråden til Dagbladet under nemnde ytring. Eg har ikkje tatt meg bryet med å lese igjennom alle. Det er for mange. Desse tre er ikkje henta ut fordi eg trur dei er spesielt ille. Dei er henta fordi dei var der utan at eg trong leite. Det skal seiast at mange også var kritiske til debattstartarane sitt syn, og forfektar at eit mangfald av kroppstypar i media vil betre sjølvbilete til mange unge kvinner og menn.

Dersom ein er uroa for helsa til tjukke folk, vil ein også vere uroa for den mobbing og hets ein kan møte som følgje av overvekt, og hugse at helsa også femner om det mentale.

Desse stemmene bidreg med ei breiare forståing av kva helse er. Eg tenkjer ofte, når eg støyter på folk som av helseomsyn er uroa over kroppspositivismen som søkjer å utvide samfunnsnormar for kva som er ein akseptabel kropp, at eg ikkje klarer å kjøpe den forklaringa deira. Dersom ein er uroa for helsa til tjukke folk, vil ein også vere uroa for den mobbing og hets ein kan møte som følgje av overvekt, og hugse at helsa også femner om det mentale. Det er tildøme påfallande større førekomst av spiseforstyrringar i vestlege land, enn i verda elles. Har dette ein samanheng med vestlege samfunn sitt sjukelege fokus på kropp- særleg kvinnekropp? På korleis den er avkledd i magasin, reklame, musikk, seriar og film, korleis den er klistra opp på reklameplakatar i byrom og busskur? Kroppspositivismen er likevel eit sidespor. Sjølv om eg meiner den har noko for seg (eg har sjølv som individ funne trøyst i å sjå kvinner eg finn vakre med same ”feil” som mine), og at det er eit problem at vi berre vert presentert for ein type idealkropp i det offentlege rom, er dette til sjuande og sist symptombehandling.

Den tilbyr individuelle løysningar på kollektive problem. Vi er alle med på å oppretthalde det kollektive status quo.

The male gaze

Vi er kondisjonerte til å objektivisere kropp, særleg kvinnekropp, til å vurdere menneske i eigenskap av deira kropp sin nytteverdi. Spesielt nytteverdien den har for menn. Filmkritikaren Laura Mulvey lanserte omgrepet ”the male gaze” i 1975, for å forklare korleis kamera fangar kvinner. I film og foto, opptrer kameraet ofte i forlenging av mannen sitt blikk. Det sveiper opp og ned over kvinnekroppen – fokuserer på enkeltdeler – og som sjåarar gjør vi det same. Det fangar dei andre karakterane i det dei kommenterer denne kroppen, og vi blir delaktige i dette. The male gaze er ein sjølvsagt del av det offentlege rommet. Så sjølvsagt, at vi føretar same øving – kvinner som menn – når vi ser, spesielt kvinner, i verda, på tv og film, i aviser og magasin og på internett. Vi vurderer kroppsdelar mot ein standard som er satt utanfrå, og dette avgjør kva verdi ein har som menneske.

Vi er kondisjonerte til å objektivisere kropp, særleg kvinnekropp, til å vurdere menneske i eigenskap av deira kropp sin nytteverdi. Spesielt nytteverdien den har for menn.

Så vanleg er det, at vi gjør same øving når vi ser på oss sjølve; vi sjølvobjektiviserer! Vi vurderer oss ut i frå desse kriteria, og som eit resultat får vi det vi rett og slett kallar ”normativ misnøye”- omlag 60% av norske kvinner seier at dei misliker kroppen sin. At vi kallar denne misnøya ”normativ”, er med på å fråskrive ansvar frå samfunnet. ”Kvinner er berre sånn”, seies det. Intet å gjøre med, liksom. For å bøte på sjølvbiletet legg vi ut foto av oss sjølve. Flatterande, ofte med seksuelle undertonar, etter gjeldande samfunnsnormer, og så venter vi på likarklikk. Likarklikk styrker oss. Vi føler oss betre, og tenkjer at dette er empowerment – dette styrker oss!

Sjølvobjetivisering er at kvinner (og i aukande grad menn) ikkje er i kroppen sin utan å tenke korleis den tar seg ut for andre. Går vi på gata, tenkjer vi på korleis vi ser ut. Driver vi med sport, tenkjer vi på korleis vi ser ut. Leiker vi, elskar vi, sit vi på kafé, tenkjer vi på korleis vi ser ut. Dette hindrar oss i å vere fullt til stades i det vi gjør. Dette fratar oss glede og nyting, gir oss skam og uro. Dette bind opp tankekapasitet og energi, og vert ei lenke som held oss på vår plass.

Rett til å være meir enn kropp

Kvinner har blitt grundig opplærde til å hate kroppen vår. Vi får det forsterka av film, reklame, magasin, velmeinande råd og tips, tilbakemeldingar frå jamningar og tilfedige forbipasserande. Malen vi skal passe inn i er trong. Den ekskluderer dei fleste. Kameraet, det mannlege blikk, serverer måpande, struttande, bydande kvinner. Halvnakne kvinner. Kvinner med rumpe og bryst vende mot oss. Kvinner som skal stille mannens lyst til å sjå – som skal tene det mannlege blikk. Kvinner vi objektiviserer. Kvinner som kan tene ein funksjon. Desse kvinnene møtes med beundring i samfunnet, og vi lærer at det knyttes verdi til å vekke begjær. Så vi objektiviserer kvarande. Vi objektiviserer oss sjølve. Vi måler oss etter kroppslege standardar, og vi, særleg kvinnene, lever med eit skilje mellom kropp og sjel. Vi lever ikkje i kroppen vår. Vi lever med den, og verdien vår i verda er knytt til denne. Vår eigen ”den andre” som vi verken kan verte kvitt, eller sameina med.

Det eg spør meg vert følgjeleg: ønskjer vi retta til å føle at også vår kropp er vakker, eller ønskjer vi retta til å vere meir enn kropp? Det skurrar når kvinner vert venta å syne kor komfortable dei er, med same verkjemiddel vi syner fram kvinner for å tilfredsstille det mannlege blikket. At noko gagnar enkeltkvinner, gjør ikkje dette noko nødvendigvis til kvinnekamp. Kvinnekampen kjemper for frigjøring av grupper. Den er kollektiv i sin natur.

Men nokre kjemper attende! Nokre tar til fjernsyn, sosiale mediar, til aviser og blad, og syner oss eit mangfald av kroppar. Dei seier til oss at vi er også fine og attråverdige. Med feil og manglar. Cellulittar og strekkmerker. Med vekt fordelt noko annleis enn det vi vert servert. Dei strutter av sjølvtillit og oppfordrar andre til å gjere det same. Kjenn deg bra, seier dei. Drit i skjønnheitsideal – du er også vakker. Du er også verd begjær, seier dei, gjennom halvnakne og heilnakne sjølvportrett. Det skrives artiklar om desse kvinnene. Er du sjølvsikker? spør dei, journalistane. Kle deg så naken og syn oss, din sjølvtillit, kvinne – lat oss studere deg med vårt kollektive mannlege blikk! Paradokset er at der dette på den eine sida hjelper enkeltmenneske med å like den kroppen dei har, følgjer det også reglene om at kvinnekroppen skal vere eit estetisk objekt. Det krevjar at ”the male gaze” skal vurdere fleire kroppar som verdige.

Det eg spør meg vert følgjeleg: ønskjer vi retta til å føle at også vår kropp er vakker, eller ønskjer vi retta til å vere meir enn kropp? Det skurrar når kvinner vert venta å syne kor komfortable dei er, med same verkjemiddel vi syner fram kvinner for å tilfredsstille det mannlege blikket. At noko gagnar enkeltkvinner, gjør ikkje dette noko nødvendigvis til kvinnekamp. Kvinnekampen kjemper for frigjøring av grupper. Den er kollektiv i sin natur.

For kor mektig er du eigentleg dersom makta di vert tildelt deg grunna ytre vurderingar? Kvinner som kler av seg, får fleire likes. Det kan følgje ei skinnmakt av dette. Pengar av klikk. Sponsorar. Eksponering. Ein arena til å seie kva dei enn måtte ville. Kallar mange dette feminisme for å tette den sjelelege dissonansen mellom å ville kjenne seg mektig, og vissa om at makta di kjem av at andre skjenker deg denne, så lenge dei synes du er interessant i eigenskap av din kropp? Kva når vi attrår andre fysiske attributt? Kva når du vert eldre? Kva om vi ser noko vi ikkje finner tiltrekkande? Har du reell makt om vi så enkelt kan ta ho frå deg? Kjem ikkje reell makt utifrå å vite at du, i eigenskap av deg sjølv, har noko å bidra med. At du, i eigenskap av deg sjølv, bringer verdi til bordet?

Så; For å konkludere:

  • Slutt å lat som at de er uroa for overvekt og fedme ut av helseomsyn. Er de uroa for folk si helse, bry dykk – vær gode! Ikkje bidra til auka stigma og legg stein på den mentale børa til ei gruppe menneske du ikkje veit noko anna om, enn korleis dei ser ut.
  • Slutt å vente at alle skal vere seksuelt tiltrekkande for deg som enkeltmenneske. Ingen skuldar deg opphissing, eller velbehag, ut frå sitt ytre.
  • Kroppsposistivisme er ein god ting, dersom dette ikkje bidreg til at stadig fleire syner sin verdi ved å kle av seg. Nakeheit er i og for seg heilt flott det, men dersom vi følgjer reglene til eit samfunn som objektiverer kvinner, jobber vi til sjuande og sist i mot oss sjølve. Eit auka mangfald i media og det offentlege rom, vil vere eit naturleg konsekvens av eit samfunn som bryr seg mindre om kropp.
  • Oppmuntre unge kvinner og menn til å finne ut kva dei sjølve har å bringe til bordet. Kva som er deira krefter – uavhengig av ytre ideal og press. Å ikkje knytte sin eigenverdi til ytre faktorar, vil føre til betre mental helse, og gjøre oss i stand til å oppnå enda større ting. Både som enkeltindivid, og som gruppe.

Sofie lite

 

 

Gjestebloggar Sofie Klemetzen er utdanna kunsthistorikar, og arbeider som  verdsarvkoordinator ved Urnes stavkyrkje i Luster. Ho er aktiv i partiet Raudt og brenn for å avkle maktstrukturar.

Om forfatteren

Gjesteblogger

Gjesteblogger

Hvis du vil være gjesteblogger for Maddam, send en mail til hei@maddam.no. Få med hva du vil skrive om og tre linjer om deg selv.

Visit Website

Comments are closed.