Alle dei vakre kroppane
Dei plettfrie menneska me ser på reklamar rundt oss heile tida påverkar oss på eit eller anna vis. Men korleis?
Dei er overalt. Tynne, solbrune, sterke og vakre modellar. På T-banen, på Facebook, på nettavisene og TV. Me slepp ikkje unna.
Nokre har argumentert for at det beste er å overse all den kroppsbaserte reklamen, ikkje bry oss. Nokre forskarar ved Idrettshøgskulen og Høgskolen i Lillehammer hevda i fjor at det er snakket om kroppspresset, ikkje kroppspresset i seg sjølv, som er eit problem for ungdom. Alt snakket om alt presset gjer at det blir eit større press, hevdar dei. Det hadde vore veldig greitt om det var sånn, då hadde me jo løyst problemet berre ved å slutte å snakke om det, men eg tviler på at det er så enkelt.
Eg trur ikkje nødvendigvis at hjernen er så enkel å styre. Underbevisstheita vår tar inn mange ting heile tida og lar dei påverke oss, utan at me nødvendigvis har tatt eit aktivt val for at dei skal gjere det. Og fakta er at omverda vår er full av veldig vakre kroppar. Spørsmålet er korleis me blir påverka av det.
For nokre år sidan las eg ei bok som viser fleire interessante ting om korleis hovuda våre fungerer, som kanskje er relevante for denne debatten også. Den heiter Thinking fast and slow og er skrive av forskaren Daniel Kahneman. Noko av det mest interessante ved den boka, var eit poeng om at me ikkje er så sjølvstendige og objektive som me kanskje skulle tru, i det minste når det er snakk om korleis hjernen vår arbeider med tal, som er det han har forska på. Me blir i stor grad forma av omgivnadene rundt oss.
Kahneman fann ut at når me skal gjette på eit tal, bruker underbevisstheita vår nylege tal-referansar når den skal prøve å kome med eit forslag. Dette blir kalla ankringseffekten. Eit eksempel: Saman med ein annan forskar, Amos Tversky, gjorde Kahneman ein studie der dei fyrst ba folk snurre eit ruletthjul. Det stoppa enten på 10 eller 60. I del to av undersøkinga skulle folk gjette kor mange prosent av medlemslanda i FN som var afrikanske land. Dei som fekk 10 på ruletten gjetta gjennomgåande lågare tal (25% i snitt) enn dei som fekk 60 på rulletten (45% i snitt). Når det kjem til tal, er me altså på ingen måte så objektive som me kanskje skulle tru. Me blir påverka av omverda også når me prøver å tenkje fritt.
Eg kan lite om hjernen, og eg veit ikkje om denne effekten gjeld andre område enn tal. Men eg skulle gjerne ha visst det. For tenk om ankringseffekten også påverkar oss når det kjem til kropp og skjønnheitsideal? Det ville vore ei skremmande tanke.
Kvardagen vår er nemleg prega av jamlege møte med perfekte kroppar. Nokre av dei er så perfekte at dei ikkje er realistiske ein gong, dei har blitt endra i fotoprogram før dei er publisert. Britney Spears har demonstrert det, då ho publiserte eit før-og-etter-bilete av seg sjølv for å vise effekten av retusjering.
Dersom ankringseffekten gjeld her, er det ikkje berre å ignorere dei perfekte reklamane, fordi bileta snik seg inn i hjernen vår likevel. Dei dannar grunnlaget for vårt bilete av kva ein normal kropp er. Det blir umogleg å skjerme seg. Og dersom ein vil prøve å demme opp ved å sjå litt vanlege kroppar innimellom, for eksempel ved å gå i symjehallen, må ein vel bli yrkessvømmar for å ha sjans til å gå ofte nok i ein garderobe til å kunne kompensere for alle inntrykka frå reklamen.
Og om denne ankringseffekten finst også for skjønnheitsideala våre, er det ikkje rart mange slankar seg og har spiseforstyrrelsar. Då er det veldig logisk at mange av oss har dårleg syn på eigne kroppar. Me ser jo uoppnåelege kroppar heile tida.
Eg ynskjer meg at me diskuterer dette meir. Kva kan me gjere for å dempe presset? Kunne nokon ha laga eit filter for å stenge ute reklame basert på urealistiske kroppsideal? Kan me dempe reklamestraumen? I Hordaland har fylkeskommunen finansiert bysyklane sjølv, nettopp for å spare innbyggarane for alle reklamestativa som følger med dersom syklane skulle blitt sponsa av private. Det er faktisk også ei investering i folkehelse. Post gjerne kommentarar under, eller på Facebook-sida til Maddam, om du har forslag til kva me kan gjere for å dempe presset. Det kan vere ein start for å gjere denne debatten større enn den er i dag.
Enkelt, få folket i aktivitet. Vi blir stadig feitere og nekter å ta ansvar for det.