Åleine om gleda og ansvaret
For litt over eit år sidan fekk eg mitt fyrste barn. Eg må innrømme at det å bli mamma har vore eit lite sjokk. Det er veldig fint, men eg vil ikkje leggje skjul på at også har vore ei stor omveltning frå livet sånn som det var. Det er nokon som skal passast godt på gjennom heile døgnet. Ein veit ikkje heilt når ein må bysse, mate, skifte på eller lese for barnet. Dagane mine har fått ein ny sjef. So long til lange lesestundar med avis i helgene og impuls-turar på kino, hallo til trilleturar og bleieskift.
Og er det ei gruppe eg har fått enorm respekt for det siste året, er det dei av oss som er åleineforeldre. Dei får den same omveltninga som eg har gått gjennom, men må stå i det åleine. Dei har ingen andre som kan stå opp frå den varme senga for å gi smokk når poden vaknar for tiande gong i løpet av natta, sjølv om alt dei vil er å sove. Dei har ingen som kan løfte for dei når ryggen deira verkar. Dei må passe på dette nye, fantastiske mennesket dei har fått ansvaret for på eiga hand. Det er imponerande, og det må vere krevjande.
Og åleineforsørgarar er ikkje berre åleine om dei praktiske omsorgsoppgåvene. Dei er også åleine om det økonomiske ansvaret for at barnet får ein trygg oppvekst. Og det er ikkje enkelt. Det er dyrt. I følgje SIFO kostar det 46 480 kroner berre det fyrste året. Det er ein stor byrde å bære når ein står åleine om den.
Statistikken viser at det å vere åleineforsørgar ofte er ei oppskrift på fattigdom. Ei undersøking seier at ei av tre åleinemødre er fattige. Det gjer ikkje akkurat omsorgsjobben enklare.
Og så er det den praktiske biten. Det kan vere vanskeleg å jobbe fullt. Kva gjer du om du har ein jobb med kvelds- og helgeturnus, når ingen barnehagar er opne? Kva gjer du om du ikkje rekk å levere i barnehagen, jobbe full dag og hente barnet igjen før barnehagen stenger? For mange av oss går ikkje kabalen opp. Og må ein seie frå seg fulltidsjobben, aukar sjansen for fattigdom enno meir.
Tidlegare har åleineforsørgarar hatt moglegheit til å få overgangsstønad etter å ha blitt åleine med omsorgsansvaret. Det har gjort det mogleg å vidareutdane seg eller kvalifisere seg til ein jobb på dagtid med ei inntekt det er mogleg å forsørge familien med.
Overgangsstønaden finst fortsatt, men vilkåra har blitt stramma strengt inn dei siste åra. Dersom ein skal få støtte til utdanning, må utdanninga vere «hensiktsmessig». Kven bestemmer det? I praksis ser det ut som om dette vilkåret blir tolka strengt, sånn at åleineforeldre som allereie har ei utdanning, ikkje får ei ny. Då forsvinn mykje av føremålet.
Dagbladet skreiv i 2014 om ein typisk mottakar av overgangsstønad, Anne Kristine. Ho er utdana sceneteknikar, ein jobb med mykje kveldsarbeid som det viste seg vanskeleg å kombinere med oppgåvene som åleinemor. Difor fekk ho pengar til å forsørge sonen mens ho vidareutdana seg til ein ny, trygg dagjobb som teiknspråktolk. Det er lite sannsynleg at ho ville fått støtte til det i dag, under dagens regelverk.
Ofte er ikkje situasjonen som åleineforelder planlagt. Men den er veldig vanleg. 1 av 10 kvinner som føder barn er åleine om omsorgsansvaret.
Denne gruppa har alt for tøffe vilkår i dag. Eg vil ha eit politisk løft for åleineforsørgarar frå Stortinget, med forslag til praktiske løysingar som gjer det mogleg å kombinere full jobb med åleineansvar for barn. Og ei inntektsheving, sånn at ein positiv graviditetstest på eit uventa tidspunkt ikkje treng å bety ein oppvekst i fattigdom. Fellesskap fungerer. No er det på tide at me i fellesskap gir eit løft til alle åleineforeldre.
Bilete: Set fra højre av Jess Have (CC BY-NC-ND 2.0).
Om forfatteren

trine
Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.
Related Posts
-
Vi må gjere meir for å beskytte Ukrainske familier, kvinner og barn
Russlands invasjon av Ukraina har ført til at millionar av menneske er på flukt internt og inn i Europa, og vi står ovanfor den største […]
Jeg tenker på kollaps
Jeg tenker ganske ofte på kollaps. Eller ‘unravelings’, ting som rakner, faller fra hverandre. Kollaps av økosystemer, klimakollaps, kollaps av artsbestander, samfunnskollaps, demokratisk kollaps, kollaps […]
One Comment
Trackbacks for this post
[…] å jobba sjølv om den betalte permisjonen er slutt. Det gjeld openbart ikkje dei av oss som er åleineforsørgjarar – og det er faktisk ei av ti kvinner som føder barn. Det gjeld heller ikkje dei av oss som lever […]