Far eller medmor?

barnefotter

For ei tid tilbake hadde eg mitt første møte med svangerskapsomsorgen. Det syns eg var strålande opplegg. Då jordmora fylte ut helsekortet spurde ho: “Er der ein far eller ei medmor inni bildet?”

Eit heilt ope spørsmål der ein får høve til å svara til dømes: 1) nei, 2) ja, far eller 3) ja, medmor. Eit spørsmål i staden for ein antakelse om ein partnar av eit bestemt kjønn. Dermed blir me alle sparte for å måtta “koma ut av skapet” ved å korrigera eventuelle feilaktige antakelsar.

Som eg skreiv i eit anna innlegg nettopp: Dei av oss som lever ope skeivt blir alt for ofte tvungne til å gjera eit nummer ut av det. Ein bryt med det «normale» og dermed «koma ut» kvar gong ein møter nye folk. Å vera åleine med barn kan også vera eit brot med norma, som avkrever at du stadigvekk forklarer deg.

Derfor er dette enkle opne spørsmålet og dette enkle alternativet i helseskjemaet så viktig. Som eg har lært av dyktige samarbeidspartnarar i Rosa kompetanse – fagavdelinga til FRI foreningen for kjønnsmangfold: Inkluderande språk treng ikkje vera særleg vanskeleg.

Kanskje heterohelvete rett og slett er på vikande front? tenkte eg optimistisk i det eg gjekk ut døra.

Meir frå Maddam om seksuell orientering og kjønnsidentitet:

Illustrasjonsbilde: digitsb+w av Kevin Muir Follow, CC BY-NC-ND 2.0

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Eg skriv gjerne så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Eg bur og arbeider i Bodø i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website

Comments are closed.