Utan ein plan


Menneskehandel er noko av det verste som finst i vår levetid.
Me er vante med å tenkje at slaveriet er oppheva, men menneskehandel er vår tids slaveri. Me burde ha kome lenger i å bekjempe det. Og me burde i det minste hatt ein plan for å bekjempe det. Men det har me ikkje.

Handlingsplan er kanskje ikkje det mest spennande ein kan jobbe med i politikken, men det er likevel utruleg viktig. Dette er eit oversiktsdokument der ein sett opp mål og ambisjonar framover, og der ein fordeler ansvaret mellom departementa, ofte med ein tidsplan. Veldig lurt for å få ting til å skje.

Sist Noreg hadde ein handlingsplan mot menneskehandel, var frå 2011 til 2014. Då denne snart blei utdatert i desember 2014, spurte nokon justisminister Anders Anundsen om han hadde tenkt å lage ein ny. Departementet svarte at dei ikkje kom til å lage ein ny plan, heller ikkje evaluere den førre. Mange reagerte. Meinte ikkje regjeringa at menneskehandel var viktig? Litt seinare på dagen kom Anundsen til unnsetning for å oppklare: Jo, sjølvsagt skulle me ha ein plan! Det måtte vere ei misforståing at regjeringa hadde sagt at dei ikkje kom til å lage ein ny. Dei satt faktisk og jobba med planen i departementet akkurat no. Menneskerettsforkjemparar pusta letta ut.

menneskehandelMen ingenting skjedde. Eit år seinare, rett før jul 2015, spurde politikarane på Stortinget: kor blir det av planen? Anundsen forklarte at dei var heilt i sluttspurten på arbeidet:

“Det hjørnet jeg sa jeg skulle runde, i desember 2014, var litt lengre enn jeg på det tidspunktet hadde forutsett. Men vi er helt i sluttspurten med handlingsplanen nå, og den vil bli lagt frem ikke så langt utpå nyåret. Jeg pleier ikke å datofeste det, men vi vil også bruke litt tid på å legge inn en del av det som er naturlig å legge inn fra det som skjer her i dag, og så vil vi komme med handlingsplanen så raskt som overhodet mulig.”

Planen er enno ikkje her. Departementet seier no at planen vil kome i haust. Det bør den gjere. For dette handlar om det aller mest grunnleggande, retten til å vere fri frå slaveri.

Fakta om menneskehandel:

  • I Noreg var det rekordmange som meldte saker om menneskehandel i 2015.
  • Over 70% av sakene handla om prostitusjon.
  • Det er store mørketal
  • Mange offer for menneskehandel opplever at dei ikkje blir trygge sjølv om dei klarer å sleppe unna og melde i frå til politiet. Yasmin-saka er eit eksempel på det.

(Kjelde: Aftenposten)

 

Bilete: Stop trafficing av Lars Kristian Flem (CC BY-NC 2.0).

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website

One Comment

  1. Jo Øiongen 29/08/2016

    Et første steg er å slutte å dømme de som leier ut husvære/hotellrom til prostituerte som halliker. Å ha fokus på at de prostituerte skal oppleve en trygg arbeidsplass vil jeg tro de prostituerte vil sette stor pris på.