Kvinner i krigen
Bokmelding: Krigen har intet kvinnelig ansikt.
Av Svetlana Aleksijevitsj.
I det siste har eg vore fullstendig oppslukt av ei bok eg fekk til jul – Krigen har intet kvinnelig ansikt av Svetlana Aleksijevitsj. Ho banka på dører i Sovjetunionen og kom inn til kvinnene som hadde deltatt i andre verdskrig. I boka deler kvinnene sine personlege historier om korleis krigen var.Delar av boka var sensurert fram til 2004, fordi ho viste fleire og dystrare sider av krigen enn den offisielle versjonen opna for.
Korleis var det å puste, spise og leve mens landet deira stod i brann og dei stod på slagmarka? Kvinnene frå Den raude arme fortel om brutale og hjarteskjærande minne. Krig var ikkje berre heltemot, verken for dei kvinnelege eller dei mannlege soldatane. Det var skjelvande frykt, skit og håplausheit. Krig var å sjå sine kameratar døy på slagmarka. Det var å forlate skadde på bakken for å redde seg sjølv. Det var å vaske soldatuniformer tunge av frose blod i kokvarmt vatn, dag etter dag. Det var å gå til kamp mot tyske tanksar og maskingevær, utan så mykje som eit våpen i hand, fordi dei ikkje hadde fleire gevær igjen på sovjetisk side.
Samtidig som dette er ei allmenn forteljing om krig, er det også ei samling av erfaringar frå det å vere med som kvinne. Før Aleksijevitsj ga ut boka i 1984, hadde historiene frå dei kvinnelege soldatane blitt dyssa ned. Her fekk dei endeleg fortelje om opplevingane sine. Det som til då hadde vore ei rekke med private, tause erfaringar, viste seg å vere historier tusenvis av tidlegare soldatar kunne kjenne seg igjen i.
Kvifor ville desse kvinnene, som ofte hadde høve til å sleppe å krige, delta i krigen som soldatar? Boka gir oss mange svar. Krigen ga nokre av kvinnene sterke ynskjer om hemn. Og når dei fyrst skulle vere med, var det ikkje alltid nok å jobbe med samband, post eller brødbaking. Dei måtte ut og skyte motstandaren sjølv. Mange av kvinnene fann også drivkraft i å gjere noko godt for sine, for landet sitt eller for ein ideologi dei trudde sterkt på. Dei ville bidra.
Jeg har fått høre… Ord…Gift… Ord som steiner… Folk har sagt at det er et mannsønske å ville gå i krig. Kan virkelig en kvinne drepe?! Dette er unormale, ikke fullverdige kvinner …
Nei! Tusen ganger nei! Det var et menneskeønske. Det var krig, jeg levde et vanlig liv. Et vanlig liv som ungjente. Men nabokonen fikk et brev – hennes mann var blitt såret, han lå på sykehuset. Jeg tenkte: ”Han er såret, hvem skal ta hans plass?”
Klara Semjonovna Tikhonovitsj, eldstesersjant i luftvernartilleriet
Aleksijevitsj sin metode er å la sitat etter sitat følgje kvarandre i lengre strekk. På den måten les ein om ein krig som endra livet til mange millionar menneske frå forskjellige vinklar. Skriveteknikken til forfattaren er noko av det som gjer dette prosjektet leseverdig. Som sitatet over er eit eksempel på, lar Aleksijevitsj særpreget i stemmene til kvinnene kome fram. Dei er opptekne av heilt ulike ting, og dei har heilt ulikt vis å fortelje på. På den måten blir teksten spennande.
Trass i at det sovjetiske forsvaret hadde lite plass til kvinner, fann altså mange seg ein plass likevel. Dei blei møtt med motstand frå både familie og styresmakter, fordi dei var for unge, for spinkle, fordi dei ikkje var menn. Nokre reiste frå gråtande foreldre, eller sneik seg ut om natta, for å kunne vere med.
Når dei fyrst kom inn i krigen, blei det ofte på mannlege premiss. Dei fekk utstyr som var laga for menn, som for eksempel alt for store sko. Bh-ar, bind og nok underty kunne vere mangelvare. Det er liten tvil om at gnagsår og upraktisk utstyr må ha gått ut over deira evne til å yte sitt beste.
Det var vanskelig… Selvfølgelig var det vanskelig… Bare en ting som å klatre opp i bilen med skjørt, når det bare står menn rundt omkring. Og lastebilene var høye, disse spesielle sanitetsbilene. Kom deg helt opp! Bare prøv det selv….
Vera Vladimirovna Sjevaldysjeva, eldsteløytnant, kirurg.
Sjølv om det meste er forskjellig mellom Sovjetunionen på 1940-talet og Noreg i 2016, er det likevel mogleg å kjenne igjen problemstillingar frå dagens norske forsvar.Seksuell trakassering finn framleis stad også her. Soldatar lærer framleis våpenreglar ved hjelp av regla ”Berit Puler Alle Hun Kjenner”, sjølv etter at me fekk kjønnsnøytral verneplikt her i landet. Problematikken fleire av kvinnene fortel om, ved det å kome inn som kvinne i mindretal i eit mannsdominert system, gjer at boka framleis kan gjere oss klokare på vår eiga samtid.
Og uavhengig av kjønnsperspektiv, er boka ei rystande innføring i kva krig kan vere. Her kjem ein tett på den store stygge krigen, med sin kombinasjon av kvardagslege og eksistensielle problem, i det som merkeleg nok likevel er ei vakker bok om modige kvinner. Ho er vel vert å bruke tida si på.
PS. I desse dagar kjem også ei ny bok av Aleksijevitsj på norsk, ”De siste vitnene”, der ho har intervjua 100 personar som var barn under andre verdskrig om korleis dei opplevde krigen. http://www.vg.no/rampelys/bok/bokanmeldelser/bokanmeldelse-svetlana-aleksijevitsj-de-siste-vitnene/a/23649988/
Bilete: Aircraft – 1942, Union Soviétique, Un avion de transport Junkers Ju 52 passe à basse altitude au-dessus d’un attelage hippomobile allemand. il semble avoir largué un colis av ww2gallery. (CC BY-NC 2.0)
Comments are closed.