Lov om fosterreduksjon

Bilde-Helga-redigert

Ja til tvillingabort” og nei til ”ekstrem sortering”, lyder avisoverskriftene etter at spørsmålet om fosterreduksjon dukka opp på dagsordenen. Polemiske overskrifter til trass. Alle syns å gå med premissen om at fosterreduksjon er abort. Men er det det?

Det er berre eit par år sidan sittande regjering gjekk til åtak på kvinners rett til sjølvbestemt abort med forslag om å gje fastlegar rett til å nekta henvisning. Derfor er det ikkje rart at feministar umiddelbart rykker ut til forsvar for sjølvbestemming med det same nokon nemner abortlova.

Fosterreduksjon er strengt tatt ikkje eit svangerskapsavbrot. Prosedyren er ein heilt annan, og svangerskapet held fram.

På same måte er det heller ikkje rart at abortkritikarane ser fanden på veggen og får vatn på mølla. Tanken på at helsepersonell skulle koma til å sprøyta kaliumklorid inn i hjartet til eit levedyktig tvillingfoster er ubehageleg.

Men før me køyrer i gang ein ny runde med abortdebatt er det verd å ta eit steg tilbake og stilla nokre kritiske spørsmål her. Korleis og under kva omstende blir fosterreduksjon utført? Og er det logisk, rimeleg og rett å definera fosterreduksjon som ”svangerskapsavbrot”?

Fosterreduksjon er strengt tatt ikkje eit svangerskapsavbrot. Prosedyren er ein heilt annan, og svangerskapet held fram. Fosterreduksjon er heller ikkje ein abort, ettersom det i denne samanhengen betyr å tøyma livmora. Spørsmålet burde ikkje vore vurdert ut i frå lov om svangerskapsavbrot.

Komplisert inngrep

I Noreg har det vore utført 39 fosterreduksjonar ved St. Olavs hospital og ved Oslo Universitetssykehus mellom 2002 og 2014. Det er altså snakk om tre i året i gjennomsnitt. Prosedyren er at legen, med hjelp av ultralyd, stikk ei nål gjennom buken og inn i livmora, og sprøyter kaliumklorid inn i fosterhjartet til det stoppar.

Fagmiljøa i Noreg er samde om at fosterreduksjon ikkje er medisinsk forsvarleg før veke 12.

Der er ei rekke utfordringar med sjølve inngrepet. Det å stikka ei nål inn i livmora og gjennom fosterhinnene aukar faren for spontanabort med mellom 5 og 15 prosent. Risikoen vil avhenga av kor trent legen er i å gjera inngrepet. Med tre tilfelle i året seier det seg sjølv at det ikkje blir så mykje trening i Noreg i alle fall. Dersom fostera har same morkake er det dessutan ikkje mogleg å gjera inngrepet. Sist men ikkje minst: Fagmiljøa i Noreg er samde om at fosterreduksjon ikkje er medisinsk forsvarleg før veke 12.

Å ropa opp om skråplaneffekt mot sorteringsavgrunnen er krisemaksimering.

Dette kompliserte, sjeldne og noko risikable inngrepet har blitt utført på fleirlingar og misdanna foster. Det kan vera snakk om at det eine fosteret manglar hjerne. Dette fører til komplikasjonar som vil setta det friske fosteret i fare. Når det gjeld firlingar er det stor sjanse for at alle fostera vil døy. I samråd med foreldra reduserer ein derfor talet på foster frå fire til to, for å auka sjansen for dei to overlever svangerskapet utan varige mén.

Teoretiske og reelle problem

Fosterreduksjon på friske tvillingar er – i alle fall førebels – ei reint teoretisk problemstilling. Dette er det så langt ingen som har bede om i Noreg. Eit kan ikkje utelukka at det vil skje i framtida, men å ropa opp om skråplaneffekt mot sorteringsavgrunnen er krisemaksimering.

Fosterreduksjon før veke 12 er ikkje rekna som medisinsk forsvarleg. Kvifor i alle dagar diskuterer me då ja eller nei til sjølvbestemt tvillingabort?

Reelt sett er fosterreduksjon på friske trillingar det vanskelege spørsmålet. Også for trillingar er det relativt høg risiko for fortidleg fødsel, komplikasjonar, skader og død. Reduksjon frå tre til to aukar sjansen for at svangerskapet skal gå bra, men ikkje mykje.

For å oppsummera så langt: Fosterreduksjon på friske tvillingar blir ikkje etterspurd. Fosterreduksjon før veke 12 er ikkje rekna som medisinsk forsvarleg. Kvifor i alle dagar diskuterer me då ja eller nei til sjølvbestemt tvillingabort?

Me har fått ein hypotetisk tvillingdebatt og ein polemisk abortdebatt som i verste fall skader legitimiteten til abortlova.

Skrivebordsjuss

Bakgrunnen for debatten er at fagmiljøa bad om ei juridisk avklaring når det gjeld spørsmålet om trillingar. Mange år seinare har Helse- og omsorgsdepartementet fått Justisdepartementets lovavdeling til å levera ei skrivebordsjuridisk tolking av abortlova. Det er ingenting å seia på den juridiske metoden, men dette er ei komplisert problemstilling som ikkje bør løysast som eit jussteknisk spørsmål.

Ein burde også sjå på ordninga med éin permisjon for to barn som myndigheitene praktiserer ved tvillingfødslar

Det me treng er ei grundig utgreiing av dei medisinske, etiske, velferdsmessige, praktiske og juridiske sidene ved dette spørsmålet. I ei slik utgreiing burde ein også sjå på ordninga med éin permisjon for to som myndigheitene praktiserer ved tvillingfødslar. Og ikkje minst kva stønad kommunane tilbyr tvilling og trillingforeldre. Deretter kunne ein funne fram til ein god måte å lovregulera dette på. Lov om fosterreduksjon er ein moglegheit.

I staden for den avklaringa fagmiljøa bad om, har me nå fått ein hypotetisk tvillingdebatt og ein polemisk abortdebatt som i verste fall skader legitimiteten til abortlova.

Illustrasjonsbilde: Helse- og omsorgsminister Bent Høie, av Justis- og beredskapsdepartementet, CC BY-ND 2.0.

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Eg skriv gjerne så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Eg bur og arbeider i Bodø i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website

4 Comments

  1. Mette Løkeland 04/03/2016

    Som feminist, gynekolog og abortforsker meiner eg du gjer fleire store feilslutningar i denne saka. For det fyrste så meiner eg det er ei feilslutning å tru at fosterreduksjon kun handlar om medisinsk nytte i det aktuelle svangerskapet. Det kan sjølvsagt vera medisinsk nytte når det gjeld å redusere frå 4 og 3 til eit mindre tal, men for mange handlar denne reduksjonen fyrst og fremst om livet etter at barna er født. Og det er identisk med årskaen til kvifor kvinner vel abort. Ein har behov for å bestemme kor mange og kor tett ein skal få barn. For dei aller fleste vil det å verta gravid med tvillingar vera lukka på jorda – dobbel lukke, men slik er det ikkje for alle. Vi må respektere og ha tillit til at kvinner vel det som er riktig for dei. Det er det same prinsippet som må ligga til grunn her som til eit kvart spørsmål om abort – tillit til kvinner og retten til å ta eit val utan å verta pålagt skuld, skam og moralisme frå andre. Vi må også ha tillit til at kvinner er kompetente nok til å skjøna risikoen for at det gjenlevande fosteret også kan dø og eventuelle andre medisinske risiki. Det gjeld i ein kvar medisinsk og etisk samanhang. Av den grunn så er det sikkert også eit fåtal som vil koma til å velga fosterreduksjon. Alternativet for nokre kvinner er ikkje å velga å få tvillingar viss dei ikkje kan forsøke fosterreduksjon det vil vera å ta abort på båe foster. Kva vert då skilnaden på fosterreduksjon og abort? Skilnaden på kirurgisk og medikamentell abort er at ved kirurgisk abort så er det legen som utfører svangerskapsavbrotet medan ved medikamentell abort så er det kvinna som sjølv utfører det ved å fysisk ta tablettane. Ved fosterreduksjon er det til liks som ved kirurgisk abort legen som vert den utførande part. Det siste er det nok ein del legar som vil finna vanskeleg, men det fjerner ikkje den juridiske og moralske retten til kvinna til å få bestemme over kor mange barn ho skal få.

    Det undrar meg storleg at mange kvinner som med stor rett og kraft forsvarte retten til skuldfri abort mot legar som ville reservere seg gjer seg til moralistar over kvinner som ynskjer og vel eit tilbod om fosterreduksjon.

    Elles er eg ein tilhengar av alle tiltak som gjer det enkelt for kvinner å velga å få barn om det er eitt, to eller fleire.

  2. Jo Øiongen 04/03/2016

    En annen forskjell er jo den samtalen 18 år senere: Joda, du skulle hatt en bror, men vi vi drepte fyren siden vi heller ville gi deg et litt bedre materielt liv.

    En kan gjerne beskylde meg for å være flåsete, men jeg savner refleksjoner over ha det gjenlevende søskenet vil føle og tenke den dagen det kommer for en dag at en er den overlevende delen av et tvillingpar.

    Lurer også på hvordan det vil oppleves å være far der kvinnen sier til ha at han kan få velge ett barn. For her som ellers ved abort har far ingen juridisk rett overhode. Hvordan vil en slik situasjon påvirke forholdet mellom foreldrene til det gjenlevende barnet?

  3. Arne Bakkebø 05/03/2016

    Flåsete. Beklager, men jeg makter ikke etter beste evne å se at dette er annet enn et retorisk, oppkonstruert problem fra din side. Hva skal jeg tenke, som er den eneste overelevende etter en billiard sædceller?

    Lurer også på hvordan det vil oppleves å være mor der faren krever å få styre hvor mange barn hun skal føde. Om de ikke klarer å snakke sammen om disse tingene, så burde de kanskje ikke være sammen i utgangspunktet? Dette er en utdatert diskusjon, hvor var du på 70-tallet?

Trackbacks for this post

  1. […] Innlegg vart først publisert 4. mars på Maddam. […]