Fiksjon og realitet
– Veit du likskapen mellom kvinner og lova, spør ein politibetjent dei andre betjentane under ein lunsj, i boka 2666. – Dei er begge skapt for å bli brotne…. I originalversjonen av boka blir det spanske verbet «violar» brukt, eit ord som både betyr å bryte (lova) og å valdta. Dette er dei same politibetjentane som i boka har ansvaret for å etterforske og oppklare drapa og valdtektene på hundrevis, kanskje tusenvis, av unge kvinner og jenter i byen. Brutale valdtekter og drap på fattige arbeidarkvinner, som blir etterforska av dei same politibetjentane som ler høgt og rått av slike vitsar, og som gruppevaldtek prostituerte kvinner i varetekt. Byen er «Santa Teresa» i Mexico, ein fiktiv by i romanen av forfattaren Roberto Bolaño, men ein by som er tydelig inspirert av hendingane i den meksikansk-amerikanske grensebyen Ciudad Juarez. Fiksjon og realisme går hand i hand, og gjer boka ekstremt brutal, og samtidig særs viktig.
Stor aksept for vald og valdtekt
I sommar hadde eg den lengste sommarferien eg har hatt på mange år, noko som gav meg sjansen til å pløye gjennom ein stor bunke bøker. Men ei bok brukte eg lenger tid på enn dei andre, og måtte legge unna med jamne mellomrom før eg orka å lese vidare. Og det er ikkje berre fordi den er lengre enn dei fleste (den engelske versjonen eg plukka opp på ein flyplass er på nesten 900 sider, fordelt på fem sjølvstendige delar som boka er inndelt i), men fordi delar av boka var for mykje å ta inn utan pause. Dette gjeld spesielt den eine delen. Dei nesten 300 sidene i «Delen om forbrytelsene» er fylte med gru og vald, i stor grad skriven som tørre obduksjonsrapportar av lika av mishandla jenter og kvinner som blir funne, med den emosjonelle avstanden det skaper til jentene og kvinnene det gjeld. På ein måte gjer denne avstanden og forma som er brukt at brutaliteten står fram som noko verre enn om vi hadde fått skildra sjølve valdshandlingane. Lika av valdtekne og mishandla jenter og kvinner og bakgrunnen deira blir skildra nøkternt og sakleg. Mange av sakene har like kjenneteikn, og er truleg myrda av den eller dei same, medan andre saker blir oppklara ganske raskt. Denne siste kategorien er stort sett saker der kvinna sin mann, kjærast eller ekspartnar har drepe henne. Boka skildrar eit samfunn der det er stor aksept for vald og valdtekter av jenter og kvinner, og eit gjennomgåande kvinnefiendtlig system. Igjen er det det realistiske i fiksjonen som grip meg.
Drepne fordi dei er kvinner
Kvinner blir drepne kvar dag, fordi dei er kvinner. Menn og unge gutar er mykje meir utsette for drap enn det jenter og kvinner er, verda over, men det som skil drapa på jenter og kvinner frå drap på menn, er kor ofte det er ektemenn, kjærastar eller familiemedlemmar som drep kvinnene. Dei blir drepne fordi dei er kvinner, fordi dei er i ein relasjon til drapsmannen (og ja, det er som oftast ein mann). Samtidig blir det gjort altfor lite i dei fleste land i verda for å førebygge slike drap. I følgje UN Women vart 1 av 2 drepne kvinner i 2012 drepen av ein partnar eller eit familiemedlem. For drepne menn gjaldt dette 1 av 20.
Ein av tre kvinner verda over er, eller har vore, utsett for vald og overgrep av ein partnar
Dette er grunnen til at FN sin spesialrapportør på vald mot kvinner, Dubravka Šimonović, i år markerte den internasjonale dagen mot vald mot kvinner, 25. november, med å oppmode alle verdas regjeringar til å etablere «femicide watch», for å overvake, dokumentere og kartleggje årsakene bak drap på kvinner. Ved å få meir kunnskap om kvart drap kan ein sjå samanhengar, kartleggje faremoment og slik kunne gripe inn på eit tidligare tidspunkt og forhindre drap. Her i Norge har Likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik i år som i fjor kome med krav til justisministeren om at ein granskar kvart partnardrap som finn stad, som del av tiltak for å hindre og førebyggje kjønnsbasert vald og drap på kvinner.
Ein av tre kvinner verda over er, eller har vore, utsett for vald og overgrep av ein partnar. Nokre av desse kvinnene blir drepne. Vald mot jenter og kvinner har mange årsaker, men stor aksept i samfunnet for seksualisert vald, trakassering og andre overgrep mot kvinner er med på å gjere valden meir utbreidd. Rundt 2,6 milliardar jenter og kvinner lever i land der det ikkje er eksplisitte lovforbod mot valdtekt i ekteskapet. Det er ikkje fiksjon, og det hender ikkje i «Santa Teresa». Det hender her, og der, og overalt. Og det går ikkje an å leggje frå seg denne boka. Taushet tek liv.
Ragnhild Nordvik er sosialantropolog, og har også ein master i menneskerettar. Ragnhild har jobba lenge med bistand og internasjonale utviklingsspørsmål, og er programsjef i FOKUS (Forum for kvinner og utviklingsspørsmål).
Bilder:
364 | lunita lu | CC BY-NC 2.0
Ragnhild Nordvik: Eget bilde
Oh, wow. Jeg ønsker jeg hadde noe intelligent å si, det har jeg ikke. Dette er bare trist.
“Violar”, kan for øvrig jevnføres med det engelske, “violate”.
Jeg vet du skyver den statistikken med mannlige ofre litt i bakgrunnen. Selv om det helt klart er etisk verst at kvinner blir drept fordi de er kvinner, enda verre, fordi de bryr seg om, viser omtanke, kjærlighet, for andre… Så er altså dette med at menn også utsettes for vold og mord i et hypermaskulint samfunn en viktig bit av det hele.
Patriarkatet er ikke sunt for noen. Ikke en gang for menn. Noe som er ironisk, med tanke på at det er menn som sitter med makten. Men at menn har makt betyr ikke at menn har kontrollen. Menn kjemper i stedet seg i mellom, til stadighet, om denne makten. Og derfor… er menn og gutter mer utsatte for vold og drap.
Eg fekk så absolutt lyst til å både lese boka og redde verda!