Likestilling? Ikkje prioritert
Etter to år med ei regjering som har sett likestillinga i Noreg i revers, kom det i går nok eit budsjett som ikkje prioriterer likestilling.
Barne- og likestillingsdepartementet og Solveig Horne skisserer 7 hovudsatsingar i budsjettet sitt. Likestilling er ikke ei av desse.
Her er ei kjapp oppsummering av det som blei lagt fram i gårsdagens budsjett, lest med likestillingsbrillene på:
- 400 millionar til eit meir fleksibelt barnehageopptak, for å redusere ventetida på barnehageplass for dei med barn født etter 1. september
- Regjeringa sett berre av 10 millionar til stortingsmeldinga om likestilling, som blir lagt fram klokka 12 på fredag.
- Kvinneorganisasjonane og lhbt-organisasjonane får om lag som før
- Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) får eit kutt på 1 million, frå 54 til 53 millionar
- Likestillings- og diskrimineringsnemnda får 1 million meir
- Eingongsstønaden ved fødsel blir justert opp i tråd med prisvekst, til 45 295 kroner
- 2 millionar til prosjektet “Jenter og teknologi”, i regi av NHO
- 200 000 til skyggerapportering for FNs kvinnediskrimineringskomite
- Kutt på 10 millionar til Kontoret for voldsoffererstatning
Oppsummert: Ingen store satsingar. Inga satsing på rett til heiltid, likelønn, fedrekvote eller mot diskriminering i arbeidslivet. Regjeringa ser framleis ut til å tru at likestilling er noko som kjem av seg sjølv.
Har du sett noko som bør med på lista, eller har du lyst til å skrive eit innlegg om statsbudsjettet? Kontakt oss på hei@maddam.no!
Bilete 1: Stortinget av Aktiv i Oslo (CC BY-NC-ND 2.0).
Bilete 2: Skjermdump
2 Comments
Trackbacks for this post
[…] gjøre siste innspurt for oss”, er oppfatninger som gjenspeiles i regjeringens politikk. I årets statsbudsjett får kvinneorganisasjonene og lhbt-bevegelsen fortsatt ikke det løftet de har behov for, de […]
[…] hvordan går det med likestillingen i Norge i dag? Trine er ikke imponert over regjeringens prioriteringer, og det er heller ikke kvinneorganisasjonene. Malin syntes det var mye flørting og lite […]