Ekteskap og fridom

marriage

Som den Hollywood-generasjonen vi er, kan vi alle litt av kvart om kjærleik og klisjear. Vi har eit tikkande soundtrack som seier at Askepott får prinsen og at livet burde vere som ein romantisk komedie. Vi er sjeleglade for at vi lever i ei tid og eit land der parfohold og ekteskap vert inngått av to likeverdige partar, og ikkje vert bestemd av ein tredjepart. Vi ser attende på historien og er glade for at sosiale klasser og familienamn ikkje styrer kjærleikslivet vårt, og rynker med avsky på nasen når vi les i avisene om tvangsekteskap. Men er vi så frie til å velje som vi trur?

Felles ekteskapslov

Sjølv om vi er blenda av Hollywood-glansen, veit vi at kjærleik og parforhold krev arbeid. For nokre er det fleire utfordringar, meire arbeid og fleire hinder før kjærleiken sigrar. Giftemål av likekjønna par vart ikkje lovleg i Noreg før med felles ekteskapslov som trådde i kraft 1.januar 2009. Fram til då, tilsa eigentleg norsk lovverk at homofil kjærleik ikkje var likeverdig med heterofil kjærleik. Rettigheiter og fridom vart begrensa på bakgrunn av seksuell legning. Denne begrensninga finns framleis innad i religiøse samfunn, der ekteskapstermen ikkje er styrt av eit sekulært lovverk. Vi er mange som tykkjer dette er galt, men det er ikkje den debatten eg skal peike på i dag. Det er likevel eit prov på at når det kjem til kjærleik og ekteskap, så er vi kanskje ikkje like frie til å velje som vi trudde. Vi lever ikkje i ein romantisk komedie, og livet vert sjeldan som på film. 

Familiegjennforening

For at fridomen til å velje partner fritt skal kjennast reell, er det visst ein fordel om ekteskapet inngås med nokon fødd i same land som deg. Fordi lovverket er strengt når det gjeld “familiegjennforening”. Familiegjennforening er det juridiske ordet som vert brukt når nokon med oppholdstillating/statsborgerskap i Noreg søker om å få sin ektefelle eller sine born til landet. Sjølv om den som søker har vore norsk statsborger heile sitt liv. Før har alle desse historiane for meg berre vore tal, statistikk og debattinnlegg i avisene. I fjor vart tala til noko handfast og personleg.

For i fjor skulle eg til Palestina i bryllaup. Pga. den pågåande konflikten vart flyet mitt kanselert. Tel Aviv hadde dagen i førvegen blitt bomba. Dermed vart eg att i Oslo, medan ei venninne var i eit anna land og gifta seg. Men korkje hvetebrødsdagene eller gleda til dei nygifte skulle vare lenge. Fordi Liv Hanne er norsk. Bur i Noreg. Studerar i Noreg. Raed er fødd i Palestina. For at desse to i det heile skulle ha mogelegheit til å bu saman som vanlige ektepar, måtte Liv Hanne ta pause frå studiene og flytte til ein annan del av landet for å jobbe. Det såkalla underholdningsbidraget er i dag på minimum 250 000kr. Denne inntekta skal kunne forsørge både den som tener pengene og den som det vert søkt familiegjenforening med. 250 000kr er ikkje ei høg årslønn, men det er ein høg nok sum til at studier ved sidan av arbeid er nærast umogeleg. Ikkje berre sit Liv Hanne og ventar på at mannen hennar skal få lov å kome til Noreg. Ho må samstundes setje resten av livet og framtida på vent.

Den lange ventetida

Det er snart eit år sidan Liv Hanne og Raed gifta seg. Det er nesten like mange månader sidan dei sendte inn søknadspapirene til UDI. For berre 3 år sidan var gjennomsnittstida på å få behandla slike saker 2-3månader. Denne tida har auka kraftig under dagens regjering. No er forventa behandlingstid på 13 månader. Eg er ikkje gift, men eg kan tenkje meg at det er ganske vanskeleg å ikkje få bu under same tak som sin ektefelle og bli tvunget til ein så stor avstand. Han får ikkje ein gong lov til å besøke Noreg medan dei ventar på svar.

Det er til ei viss grad forståeleg at reglar og lovverk finns, og at ein prøver å sile ut eventuelle proformaekteksap frå søknadsbunken. Men at det i dag tar 10 månader lengre tid å behandle søknadane har eg lite forståing for. Hadde Raed vore frå eit EU/EØS-land ville saken ha vore ei heilt anna. Det er tilogmed heilt greitt at EU-/EØS-borgarar kjem til Noreg for å arbeidde og tar med sin ektefelle, utan nokon søknadsprosess.

13 000 venter på svar

Landegrenser begrenser og gjer livet litt mindre fritt for mange menneske og familiar. I dag er det rundt 13 000 søknader om familiegjennforening som venter på å bli ferdigbehandla. 13 000 ulike familier som saknar kvarandre. Alle med kvar sin historie. Og mykje savn. Ingen Hollywood-klisjè her, gitt. Nygifte skal glede seg til framtida, Liv Hanne og Raed må vente med å starte kvardagen saman. No når “folk flest” gler seg til sommar og ferie, seier Liv Hanne at ho gjerne skulle ha bytta bort alle ferier for å få ein kvardag saman med ektefellen sin.

Det er ikkje gitt at ein finn sin sjelefrende, den ein vil dele resten av livet saman med. Men gjer ein fyrst det, burde ikkje eit lovverk legge så stort beslag på fridomen din at du må vente over eit år på å få bu saman med ektefellen. Landegrenser burde ikkje vere ein stoppar for kjærleiken. Sjølv om livet ikkje er ein romantisk komedie, så har Hollywood-klisjeene rett i ein ting; vi burde få lov til å dele livet med den vil vil.

Liv Hanne sitt innlegg i BT om hennar historie ligger her.

Innlegget er skrevet av gjesteblogger Mailiss Solheim som er bergenser i Oslo, feminist, miljøvernar og veganar. Hun har snart en mastergrad i teologi, trener kampsport og er koordinator for Ladyfest Oslo

Bilde: Marriage| Leland Fransico |CC BY 2.0

 

 

Om forfatteren

Gjesteblogger

Gjesteblogger

Hvis du vil være gjesteblogger for Maddam, send en mail til hei@maddam.no. Få med hva du vil skrive om og tre linjer om deg selv.

Visit Website

Comments are closed.