Qvinde i nød?

helgaI det store og heile har eg stor tru på at eg kan få til det meste, og at kva eg duger til ikkje har noko med kjønn å gjera. Med der er ei lita handfull oppgåver som gjev meg prestasjonsangst fullstendig ute av proposjonar, fordi eg for alt i verda ikkje vil framstå som ei kjerring og er redd for at det er akkurat det som kjem til å skje.

 

Å treffa leirduer på skytebana er ei slik oppgåve. Å skifta dekk på bilen er ei anna. Dette innlegget handlar om dekket.

No har det seg sånn at eg har greidd å koma meg gjennom dei 32 første åra av livet mitt utan å skifta dekk på bilen. Ikkje fordi eg har fått nokon andre til å gjera det for meg, men fordi eg ikkje har hatt bil.

Men no rundt 1. mai var det tid for å skifta frå piggdekk til sommardekk, også i Nord-Noreg. Og ettersom eg har køyrd rundt i min eigen fine grå Skoda i omlag ni månader no, var eg nøydd til å få dei der dekka skifta.

Men eg hadde bestemt meg for at no skulle eg skifta dei der dekka sjølve. Det handlar ikkje om økonomisk rasjonalitet. Det handlar om å reisa kjerringa. Det handlar om å ikkje vera ei kjerring.

Eg kunne ha levert bilen til Frank på oljeservicen i Hellnes, og betalt nokre skarve hundrelappar for å få jobben gjort av dei som har dette som jobb. Den tenesta let seg greitt betala ved hjelp av løna eg får for min eigen jobb. Spesialisering og bytte av varer og tenester på denne måten er visst nok veldig økonomisk rasjonelt.

Og i og med at veka var ekstremt travel og det var eit lite frivindu med fint padlevêr, ville det vore god gammaldags nyttemaksimering å gjera det på den måten.

Men eg hadde bestemt meg for at no skulle eg skifta dei der dekka sjølve. Det handlar ikkje om økonomisk rasjonalitet. Det handlar om å reisa kjerringa. Det handlar om å ikkje vera ei kjerring. Det handlar om å ikkje stå der som ei qvinde i nød, den dagen du har punktert og er nøydd til å skifta det dekket.

Det er ikkje heilt sant at eg er fullstendig ukjend med dekkskifting. Eg var med ein kompis og skifta nokre dekk ein gong. Basert på den erfaringa var eg ganske viss på at dette ikkje var nokon heksekunst. På ingen måte.

Likevel var der ei viss uro knytt til det heile. Kom eg til å få det til sjølv, eller bli nøydd til å tilkalla ekspertise? Eg kunne venta på kjærastbesøk i helga og gjera det då. Men det framstod som eit dårleg alternativ å stilla med reint hus, fredagsmiddag klar, og så be om hjelp til å skifta dekk.

Ettersom nymotens bilar tenderer til å ikkje ha reservedekk, men ein slags sprayboks som ein kan reparera hol i dekket med, var der korkje jekk eller verktøy i bilen. Derfor hadde eg planlagd godt og lånt ein jekk av ein kollega, og heilgradert meg med ein nabo med mykje verktøy.

(Mangelen på reservedekk og tilhøyrande punkteringsreperasjonsutstyr slår beina under argumentet om at det er greitt å kunna når ein punkterer ein vakker dag, eg veit. Men det er ikkje punktering dette handlar om.)

Første skjeret i sjøen var at eg kunne konstatera at det er skilnad på jekk og jekk. Kollegaen sin bil er høg, og min er vanleg. Dermed passa ikkje jekken. Eg fekk han ikkje under bilen. Heldigvis manglar det ikkje på naboar, som villig vekk lånar ut greiene sine.

Trikset viste seg å vera det same som når du opnar eit glass. Du vrir og vrir, og lokket rikkar seg ikkje. Men når du gjev opp og ber om hjelp, så popper det opp med ein gong, for jobben er eigentleg gjort.

Neste skjer i sjøen var at jekken jekka seg ned i gjørma, i staden for å jekka opp bilen. Ei plate frå vedskjulet løyste det problemet. Vidare greidde eg ikkje få opp siste skrua på første dekket. Ho satt bom fast. Kva er trikset, undra eg, og fekk naboen til å bryta ho opp.

Trikset viste seg å vera det same som når du opnar eit glass. Du vrir og vrir, og lokket rikkar seg ikkje. Men når du gjev opp og ber om hjelp, så popper det opp med ein gong, for jobben er eigentleg gjort.

Etter ei stund kraup eg til korset og ringte Frank på oljeservicen. Han kunne trikset: spark alt du vinn i øvre del av dekket. Då sprett det av sjølv om det har rusta litt fast i løp av vinteren.

Men så viste det seg at når alle boltane var skrudd av det dekket, så ville det framleis ikkje rikka seg. Eg dytta og lirka og kikka og grubla. Men det sat bom fast. Eg kunne ikkje hugsa at det skulle vera noko meir som skulle hektast eller skrus av. Etter ei stund kraup eg til korset og ringte Frank på oljeservicen. Han kunne trikset: spark alt du vinn i øvre del av dekket. Då sprett det av sjølv om det har rusta litt fast i løp av vinteren.

Etter første dekket, som tok si tid, gjekk det fortare og fortare med dei andre. Jobben var gjort, og eg kunne pent setta meg inn i bilen og køyra til Nordfold med ei viss noia for at eg skulle ha gjort noko spinngale og at hjula ramla av i fart….

 

Skrevet av gjesteblogger Helga Eggebø. Helga er seniorrådgiver ved KUN og blogger.

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Anten skriv eg så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Elles finn du meg hoppande rundt i fjellet med eit lukkeleg glis. Eg bur og arbeider i Steigen i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website

3 Comments

  1. Arnt Joakim Wrålsen 11/05/2015

    Husk å etterstramme når du har kjørt et lite stykke. God tur! :)

  2. Jonas 11/05/2015

    Så flink du er !

    En kvinne som skiftet dekk på bilen – hvem hadde vel trodd det?

Trackbacks for this post

  1. […] Eg er heilt akutt lei av å la ting fara. Ikkje irritera meg. Ikkje bry meg. Oversjå forsøk på usynleggjering og latterleggjering. Av å berre roleg ta kontrollen på situasjonen og markera at dei ikkje vipper meg av pinnen. Akutt lei av å bli sett på som ei qvinde i nød. […]