Paragraf Jegharopplevd?

Anti-Sexual Harassment Graffiti, by Lillian Wagdy, (CC BY 2.0)

Anti-Sexual Harassment Graffiti, by Lillian Wagdy, (CC BY 2.0)

Likestillingslova forbyr seksuell trakassering. Men viss du opplever dette, er det ingen vits i å klaga til Likestillings- og diskrimineringsombudet (LDO). Dei handhever alle andre paragrafar i likestillingslova, men ikkje denne.

Twitterkampanjen #jegharopplevd sette fokus på at seksuell trakassering, så vel, som alvorlige seksuelle overgrep er vanleg. I løp av kort tid hadde mange tusen personar delt sine erfaringar under denne emneknaggen. Elisabeth Gade tvitra til dømes:

#Jegharopplevd at sjefen min tok rundt meg, kysset meg på kinnet og spurte om vi skulle ligge sammen, på min første arbeidsdag på jobben

Diskriminering i arbeidslivet

Seksuell trakassering er ei vanleg form for diskriminering i arbeidslivet. Statistikken viser at 13 prosent av unge kvinner rapporterer om seksuell trakassering på jobb ein gong i månaden eller meir.

Også andre formar for diskriminering i arbeidslivet er utbreidd. LDO publiserte nett ein rapport som viser at annakvar kvinne og kvar femte mann opplever diskriminering når dei får barn.

Diskriminering i arbeidslivet er alvorleg, anten det er snakk om graviditetsdiskriminering eller trakassering. Men når det gjeld diskriminering på grunn av graviditet har du betre rettstryggleik. Skulle du oppleva å få sparken fordi du vart gravid, kan du senda ein klage til LDO. Likestillingsombodet skal vera eit lågterskeltilbod for dei som opplever diskriminering. Dei er ekspertar på diskrimineringsrett og klagebehandlinga kostar ingenting.

Må til domstolane

Blir ein utsett for seksuell trakassering derimot, må ein eventuelt ta saka til domstolane. Men dette kostar pengar. Når ein i tillegg veit at det er vanskeleg å få medhold i saka fordi det er ord mot ord og ein manglar bevis, kostar det fort meir enn det smakar å ta saka til retten. Ikkje rart at berre 6 saker har vart ført for retten mellom 2002 og 2013.

I lovforarbeida står ei kort grunngjeving for kvifor ombodet ikkje skal handheva forbodet mot seksuell trakassering. Det blir sagt at ein påstand om seksuell trakassering vil vera «alvorlig og inngripende for den anklagen gjelder» og ombudet vil ikkje kunne ivareta «de særlige rettsikkerhetshensyn denne typen saker reiser».

Rettstryggleik?

Spørsmålet eg stiller meg er kva som på ein heilt prinsipiell måte skulle skilja seksuell trakasseringssaker frå alle andre diskrimineringssaker. Kvifor skulle ei klage om seksuell trakassering vera så mykje meir «inngripande» enn ei klage om graviditetsdiskriminering? Kva særlege rettstryggleiksomsyn er det eigentleg snakk om?

Argumentasjonen og lovverket framstår dessutan som inkonsekvent, all den tid LDO faktisk handhever forbodet mot trakassering på grunn av kjønn, etnisitet/hudfarge, seksuell orientering, kjønnsidentitet eller nedsett funksjonevne. Berre ikkje seksuell trakassering.

Likestillingsutvalet, som vurderte heile systemet for handheving og implementering av likestillingspolitikken, kunne heller ikkje sjå at det skulle vera heilt særskilte rettstryggleiksspørsmål i trakasseringssaker. I 2011 føreslo utvalet å endra lova slik at LDO handhever forbodet mot seksuell trakassering. Men forslaget vart ikkje følgd opp då likestillingslova vart endra i 2013.

Svært mange trakasseringserfaringar er synliggjorte gjennom #jegharopplevd-kampanjen. Tilgjengeleg statistikk stadfester dessutan inntrykket av at dette er eit omfattande problem:

  • 15 prosent av kvinnelege eliteidrettsutøvarar har opplevd seksuell trakassering frå støtteapparatet.
  • Meir enn halvparten av elevane i vidaregåande skule opplever seksuell trakassering.
  • 13 prosent av unge kvinner rapporterer om seksuell trakassering på jobben.

Likevel har altså norske politikarar vald å gje eit tydeleg signal om at seksuell trakassering ikkje vil få konsekvensar. Det kan sjå ut som om det signalet er fanga opp.

Kanskje kan #jegharopplevd vera ei politisk brekkstong for å få pressa fram effektiv handheving av lovforbodet mot seksuell trakassering?

Skrevet av gjesteblogger Helga Eggebø, seniorrådgjevar ved KUN og bloggar.

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Eg skriv gjerne så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Eg bur og arbeider i Bodø i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website

4 Comments

  1. Frank Follestad 06/05/2015

    Jeg tror den neste bølgen feminisme vil handle om at man innser at noen problemer er utenfor politikkens grenser. Samfunnet kan ikke løse alle problemer, enkelte ting må man rett og slett ta tak i selv. Hvordan i all verden skal politiet bevise en sleivete kommentar på et julebord?

  2. Gjest 06/05/2015

    Vitner? Og hvordan tror du kvinner kan “ta tak i ting selv” dersom dette skjer av en person i maktposisjon- som sjefen din- eller av noen på bussen som er dobbelt så stor som deg selv? Forrstyrrende mange opplever at de blir slått osv. dersom de sier ifra. Når skjer systematiske ting som er ulovlig, som seksuell trakassering, så forventer du at ofre selv skal fjerne dette samfunnsproblemet som politiet og rettssystemet har ansvar for?

  3. Frank Follestad 06/05/2015

    Jeg gjør noe så kontroversielt som å forvente at voksne folk greier å si fra selv dersom noen sier eller gjør noe som ikke er greit. Dette handler ikke om vold, det er faktisk en helt annen diskusjon og ikke minst en sak politiet i så fall bør bruke ressurser på.

    Et annet moment er selvsagt at det er offeret selv som i følge bla. likestillingsombudet definerer hva som kvalifiserer til seksuell trakassering. Bare det gjør begrepet håpløst å behandle i rettssystemet.

  4. Jonas 06/05/2015

    Jøss, dobbelt så stor. Jeg synes jeg får inntrykket av at oppfatningen til feminister er at kvinner er minst like kapable til hva det enn måtte være, i alle sammenhenger? Da må de vel klare å si ifra på samme måte som menn gjør i situasjoner de ikke liker, uavhengig av hvem som er sjefen din, større enn deg osv?