Fedrene har kjempet, mødrene har grætt?
Dei siste vekene har eg site klistra til skjermen når NRK har vist serien Alliert og alene. Her får nokre av dei som var til stades i Noreg under den tyske invasjonen i 1940 kome til orde. Dei fortel om frykt, sjokk og traumar.
Serien er på mange måtar veldig god. Krigen framstår så kompleks og kaotisk som han må ha vore. Og som eit sjokk. Vanlege folk måtte ut i skogane og opp på fjella, sjå fiendenen i auga og så faktisk skyte. Dei måtte sjå sine kameratar bli skote på. Mange hadde ikkje haldt i eit gevær før. Det er brutalt å sjå på, men også utruleg viktig at desse historiane kjem ut.
Det er likevel noko ved serien som ikkje er så bra. Med fare for at eg har oversett noko desse sundagskveldane, lar ikkje serien, som er på tre lange episodar, kvinner kome til orde.
Kvinners innsats blir nemnt når ein soldat fortel om då dei kvinnelege sjukepleiarane song for såra soldatar på sjukehuset i Namsos, for å overdøve lyden av bombinga av byen. Bortsett frå det får me ikkje vite særleg mykje om korleis kvinner opplevde den tyske invasjonen i vårmånadane i 1940.
Det er pussig av NRK å lage dokumentaren på denne måten. Ambisjonen ser ut til å vere å fortelje om dei meir ukjente sidene av krigen og å korrigere det glansbiletet av kampane som har blitt fortalt av mange. Mykje av dette gjer dei veldig godt. Men dei gjer det samtidig ved å gjenta ein av dei store feila ved tidlegare norsk krigshistorieskriving – at det berre er halve befolkninga sine opplevingar som blir fortalte og dokumenterte.
Ein kunne kanskje ha sagt at det er naturleg at det er menn som fortel i dokumentarserien, når det er sjølve krigshandlingane det handlar om. Det var mest menn som kjempa med våpen i hand i 1940. Men den grunngivinga er ikkje god nok. Moderne historieskriving har fortalt oss om mange kvinner med ei aktiv rolle. Dei skjulte flyktningar, var spionar og var med på motstandsarbeid. Nye verk om krigen burde ta opp i seg den lærdommen.
Fortellinga i serien er også breiare enn å berre handle om reine krigshandlingar: Ho handlar mellom anna om kva som skjer i Oslo når tyskarane marsjerer inn i gatene. Ho handlar om kva som skjer med dei sivile i Narvik. Ho handlar om kongefamilien og regjeringa sin flukt nordover. Kvinner som opplevde dette burde kunne fått plass i fortellinga.
Alliert og alene er eit eksempel på at mangfald, representasjon og likestilling kan bli gløymt, sjølv i ein solid dokumentarserie med gode ambisjonar om å gi eit utfyllande og nytt bilete av ein veldokumentert historisk periode.
Den går inn i eit kjedeleg mønster der menn blir omtalt som kjempande og aktive, kvinnane som sørgande og passive. Eg krympar meg kvar gong nasjonalsangen kjem til delen der fedrene kjempar og mødrene gret. For det er ikkje sånn verda er – kvinner og menn er meir komplekse enn som så. Sannsynlegvis var det både kjemping og grining blant begge kjønn under andre verdskrig. Det var berre ikkje så synleg i denne serien.
Bilete 1: 1st Women Marines Volunteer to Ship Out av England (CC BY-NC-SA 2.0).
Bilete 2: Protest mot Quisling – plakat av Riksarkivet (ingen kjente restriksjonar).
Nå var det vel stort sett menn som var soldater, menn som døde, og menn som drepte og generelt kjempet for fedrelandet under krigen. Og påstå noe annet blir for teit. At du ønsker en dokumentar som utelukkende handler om kvinner for så være, men det endrer ikke det faktum at fordelingen mellom kjønn under 2.verdenskrig ikke er slik du ønsker at den var, med typisk sterke kvinneskikkelser i uniform og våpen som kravlet seg gjennom gjørma mens hun hjalp sine medsoldater med stridspakningen der mannfolka rett og slett ikke strakk til.
“At du ønsker en dokumentar som utelukkende handler om kvinner for så være”
Det var ikke det som sto i teksten i det hele tatt, Jonas, du får øve på tekstforståelse i fremtiden.
Men et øvrig svar av vesentlig betydning i.f.t det jeg skrev hadde du ikke.