Å feire kvinnedagen med Ladyfest
If I can’t dance, it’s not my revolution!
I år er det 100 år sidan kvinnedagen fyrst vart markert. Men det er framleis mange enkeltsaker å kjempe for. I innland og utland. Det er ein lang veg att før kvinner er fullstendig likestilt med menn. Òg i Noreg. Samstundes er det mange ulike måter å vere feminist på. Sidan januar i fjor har eg kjempa likestillingskampen med budsjettstyring, søknadsskriving og å leite fram dyktige kvinner i kulturlivet. Sidan 2004 har det i Oslo vore arrangert ein festival i tida rundt 8.mars, som har systerfestivalar og -arrangement rundt omkring i store deler av verda. Det er sjølvsagt Ladyfest eg snakkar om! Kulturfestivalen som gir kvinner ei scene å stå på og eit fora å snakke i. For det er ikkje sjølvsagt at det er lett å vere kvinne i kulturlivet.
Dei siste åra har line up-en på mange musikkfestivalar vorte kritiserte for å ha dårleg kjønnsbalanse. Nokre meiner det berre er eit resultat av etterspurnad. At vi (festivalgjengarane) altså helst vil sjå menn på scena. Eg trur det er ein falsk etterspurnad arrangørane sikter til. Saman med det faktum at musikkbransjen, av mange grunnar, er dominert av menn – og det dermed er fleire menn å ta av, når festivalkabalen skal leggast. Det er festivalane si oppgåve å sørge for ei sunn kjønnsbalanse på scena, nett slik det er i andre bransjer, der f.eks. styresamansettinga i bedrifter skal ha eit prosentminimum av kvart kjønn representert.
Når kvinner endeleg får scenetid, så er diverre ikkje kampen ferdigkjempa enno. Då kjem ryktene og skuldnadane. om at ein «berre» er ein songar og eit ansikt utad. Det er ikkje snakk om at kvinner kan få creds for å stå for eiga komponering eller produksjon. Det er ikkje lengre sidan enn januar i år, at Björk gjekk ut og fortalte korleis ho, som har vore verdskjent musikar i tiår, vert møtt som kvinne i musikkbransjen.

Frivil er eit hardtslåande Oslo-band, som blander sjangre og speler såkalla “sludgecore”, speler laurdag kveld.
Ladyfest Oslo er ein kulturfestival, der vi inviterer til feiring av kvinnedagen og vil skape ein møteplass for feminister av alle kjønn. Vi liker å bruke Emma Goldman sitt sitat «If I can’t dance, it’s not my revolution» og ynskjer med dette kvart år å feire dyktige kvinner i dei ulike kulturfelta. Vi gir scenetid til musikarar, dansarar og mange andre sjangre, og debuterer i år med å vise fram kvinnelege teikneserieskaparar som Jenny Jordahl – som står bak teikneserien Livet blant dyrene. På Ladyfest møtes kultur og politikk i likestillinga sitt namn. Og er det ein ting eg er sikker på etter arbeidet med Ladyfest: det treng ikkje vere keisamt å vere feminist!
Festivalen er eit kulturelt innspel til likestillingspolitikken, og vi støtter i år det viktige arbeidet for å bevare arbeidsmiljøloven (AML), som står i fare for å endrast i mange negative retninger, og med størst konsekvenser for kvinner. Festivalen er proppfull av spanande innslag, dyktige musikarar, appeller, generell goodtimes og vert avslutta søndag kveld med eit Ladyfest-spesial-DJ-set frå Sandra Kolstad (fullstendig program finns på ladyfestoslo.com).
I dagane fram mot festivalen og 8.mars, kjem eg til å vere spent. I fjor var det rekordoppslutning rundt 8.marstoget, fordi spørsmålet om abortlovgivinga i landet igjen var aktuell. I år har det ikkje vore same kampstemning i oppmarsjen til kvinnedagen. Det er likevel klart at likestillingskampen ikkje er over, m.a. med tanke på AML. Så det er ingen grunn til å kvile på laurbæra, som ein seier. La fjorårets engasjement fortsette. La oss feire kvinnene som har gått foran og stadig gitt oss meire fridom og likestilling. La oss feire kvinnene som i dag fortsetter å kjempe kamper dagleg. La oss gå saman under paroler om å bevare AML og om å stoppe vald mot kvinner. La oss saman feire at det er 100 år sidan kvinnedagen fyrste gong vart markert og la oss hugse på alle sigrar vi har vunnet! La oss vise at vi fortsett kampen i åra som kjem. La oss vise at vi vil ha likestilling i alle sektorar i samfunnet. La oss vise at vi vil ha likestilling i kulturlivet! Og la oss saman feire kvinna, kvinnedagen, og kvinner i kulturlivet med ein heidundranes todagersfestival. La oss gjere årets Ladyfest til den beste ladyfestfestivalen så langt!
Bli med og marker årets viktigaste dag, og feir med festival 7.-8.mars på Deichmanske Bibliotek på Grünerløkka. Dagsprogrammet er gratis, inngongsprisen på kvelden er billig og programmet er stappfullt av innslag du ikkje vil gå glipp av!
Nettside: http://ladyfestoslo.com/
Facebookevent: https://www.facebook.com/events/1101384683210240

Kristina Leganger Iversen er forfattar og skal snakke om feminisme og litteratur, og lese frå si kommande bok “I Ringane” søndag 8.mars kl. 13.00-13.30. Foto: Thale Hendenes
Innlegget er skrevet at gjesteblogger Mailiss Solheim, og bildene er brukt med tillatelse fra Ladyfest.
Comments are closed.