Inspirerande kvinnekupp
I desember i fjor, då eg stod bøyd over eit småkaotisk flyttelass og prøvde å setje opp nokre bokhyller til jul, kom eg over ei bok eg ikkje ante at eg hadde. Nederst i ei eske låg ein feministisk klassikar frå 1979, “Kvinnekupp” i kommunene av Torild Skard (red.), i litt rusten, kvit innbinding. Det var ei inspirerande bok å lese, 36 år etter at ho kom ut.
Boka fortel om det som skjedde i 1971, då folk organiserte seg over heile landet og røysta rekordmange kvinner inn i kommunestyra. Kvinnenes deltaking i kommunestyra gikk opp med 50 prosent det året. I store kommunar som Asker, Oslo og Trondheim var kvinnene i fleirtal frå 1971 til 1975. Gjennom å møte opp på nominasjonsmøta, setje kvinner høgare på vallistene og gi såkalla “slengarar” til kvinner frå andre parti, klarte dei å gjere noko med den skeive fordelinga av posisjonar.
Karakteristikkane av det som skjedde var ikkje nådige frå dei etablerte partia:
“Hvis denne aksjonen kroner med hell, tør jeg påstå at dette er blitt litt av en karikatur på et politisk valg,” sa Willy Greiner, ordførar for Høgre i Bærum.
Skard og dei andre forfattarane av boka fortel om korleis dei nye representantane blei møtt med hersketeknikkar, og kor vanskeleg det kunne vere å kombinere det nye vervet med jobb og familieliv. Erfaringane var mangfaldige, og boka fortel godt om det.
I ettertid er det likevel liten tvil om at aksjonen var vellukka. Kvinner fekk større sjanse til å delta i demokratiet, og den urettferdige fordelinga av makt mellom kvinner og menn blei litt retta opp.
I år, i 2015, eit halvt år før neste kommuneval, treng me stadig fleire kvinner i kommunestyra. Det er gode grunnar til å bli inspirert av kvinneaksjonen i 1971 også i dag. Ved førre val haldt andelen på 38% kvinner seg stabil. Alle partia legg ikkje inn ein innsats for å få rettferdig representasjon på sine vallister. Om fleire parti tok dette på alvor, ville det bli enklare for fleire kvinner å rekke opp handa og melde seg til innsats.
Lik representasjon mellom kvinner og menn i kommunestyra er diverre ikkje nok for at me skal nå vårt mål om likestilling, at kvinner og menn skal få like sjansar i livet. Det som har endra seg sidan 1971, er mellom anna at me har fått ein kvinneleg statsminister og ein kvinneleg finansminister. Paradokset er at likestillingspolitikken blir reversert av dei same kvinnene, med kutt i fedrekvote, høgare barnehagepris og svekking av vernet arbeidsmiljølova.
I kommunestyrevalet til hausten treng me fleire representantar av begge kjønn som er opptekne av likestillingspolitikk og vil løfte denne høgare der dei bur. Dei som kjem inn kan til dømes:
- Krevje at kommunen får på plass ein handlingsplan om vald i nære relasjonar. Berre 30 prosent av kommunane har dette i dag. Samtidig veit me at 1 av 10 har blitt utsett for valdtekt i Noreg. Dette hjelpetilbodet trengst.
- Styrke helsestasjonen i kommunen og få på plass fleire helsesystre på skulane – ein utruleg viktig form for førebygging, der kommunepolitikarane er sentrale i å få på plass eit godt tilbod.
- Stoppe feilslått og kvinnefiendtlig politikk som kjem frå regjeringa, som reservasjonsretten og endringane av arbeidsmiljølova. I Trondheim har dei sagt nei til regjeringas opning for midlertidige stillingar. Du kan vere med på å få din kommune til å seie nei om du kjem inn til hausten.
Nokre gongar er det som manglar at politikarane i kommunestyret rett og slett tar desse initiativa, andre gongar trengst det eit nytt fleirtal i kommunestyra.
Om dette fristar, bør du kontakte lokallaget til partiet ditt så kjapt som mogleg. Listefristen er 31. mars, men i ein god del kommunar er partia framleis ute etter engasjerte folk.
Til slutt, boka hadde også med ein song frå 1971, som Berit Ås skreiv til valkampen i Asker. Eg gjengir denne her, til inspirasjon:
Sov Dukke Lise
Sov Dukke Lise, sov og bli stor,
Og mens du sover, styrer din bror,
Planlegger veier, bygger bedrift.
Sov Dukke Lise, sov og bli gift.
Sov Dukke Lise, sov og bli stor,
Før du vet av det, er du blitt mor
Kanskje du fikk ditt barn på klinikk
Vær da takknemlig for alt du fikk,
Se, Dukke Lise, der står et tre,
Som du i blant kan glede deg ved,
De andre gikk dukken i kullos og bly,
Sov Dukke Lise, slumre på ny.
Sov Dukke Lise, sov og bli stor,
Og mens du sover, ødes din jord,
Fisken i havet, fuglen på gren,
Sakte forgiftes en etter en.
Derfor min Lise må du stå opp,
Rope et varsko, kreve en stopp,
Mane til kamp i handling og ord,
Både for din og alle barns jord.
Bileta er tatt av boka “Kvinnekupp” i kommunene av Torild Skard (red.).
Hvordan står det til med fisken og trærne? Friskere enn på flere tiår? Hvorfor det? Kan det ha noe med planlegging av vei og fabrikk å gjøre? Og sånn forskning og utvikling og sånne andre mannegreier…