Har du råd til å føde?

babyolivia

Eit absurd spørsmål, kanskje, for dei fleste av oss. For korleis hadde du reagert om det nyfødde barnet ditt fekk ein prislapp rundt handleddet? Vi bestemte oss for å teste det ut.

Ikkje på nybakte foreldre, men på yrkesgruppa som framfor alle andre kjempar for fødande kvinners rettar: jordmødrene. Med skjulte kamera dokumenterte Redd Barna reaksjonane då eit «fødselstaksameter» skulle bli installert på eit norsk sjukehus. Eit taksameter der alle utgifter ved fødselen skulle registrerast, frå epidural og bruk av badekar til timeløna til anestesilegane og skift av sengetøy.

Dei var positive fyrst, jordmødrene, til å sleppa alt papirarbeidet, men då mannen frå økonomiavdelinga la fram planane om at mødrene sjølv skulle betale rekninga, snudde dei. Fleire reagerte med sinne, andre blei så frustrerte at dei nesten tok til tårene. For helsehjelp til gravide kvinner og nyfødde skal vere gratis. Sjølvsagt.

Men slik er det jo ikkje. Ikkje i mange andre land. Ikkje for kenyanske Eveline. Ho har åtte barn, og kvar gong ho har gått gravid, har ho og mannen måtte vurdert om dei har råd til å føde på klinikken denne gongen. Difor er berre fem av borna hennar fødd med kvalifisert helsehjelp tilstade. Då ho i fjor skulle føde tvillingar, hadde dei ikkje råd til å betale. Den fyrste tvillingen blei difor fødd heime, men då den andre skulle ut oppstod det komplikasjonar. Ho blei tatt med til ein privat klinikk som kunne utføre eit akutt keisarsnitt. Då var det for seint. Likevel slit no Eveline og mannen med ei stor rekning etter keisarsnittet som ikkje kunne redde den andre tvillingen.

RS79280_Eveline_Bungoma_Kenya_SP-3

Nokon fattige land, som Nicaragua, har innført gratis helsetenester for gravide og born, og fått ned barnedødelegheita. På verdsbasis har talet på born som dør før dei fyller 5 år, nesten blitt halvert sidan 1990. Men i ei gruppe, spedborna, har det ikkje skjedd. 1 million born døyr framleis dagen dei blir fødd, og 2,8 millionar dei 28 fyrste levedagane. Tilgang på gratis og kvalifisert helsehjelp kan utgjere heile forskjellen.

Har eg råd til å føde? Heldigvis treng eg ikkje stille meg spørsmålet eingong. Frå augneblinken to blå strekar dukkar opp på graviditetstesten, kan eg gå inn og ut av legekontor, sjukehus og helsestasjonar utan å betale eit øre. Og når eg skal føde treng eg ikkje ta valet som Eveline måtte: føde heime utan kvalifisert helsehjelp eller risikere livslang gjeld. Den fødselsrekninga bør ingen betale.

Har du råd til å føde? Sjekk her

Bergit Sønstebø Svendseid er kampanjerådgjevar i Redd Barna

Bildene er av jenta Bianca og Eveline (Bianca er ikke datteren til Eveline). Rettighetene tilhører Redd Barna.

 

Om forfatteren

Gjesteblogger

Gjesteblogger

Hvis du vil være gjesteblogger for Maddam, send en mail til hei@maddam.no. Få med hva du vil skrive om og tre linjer om deg selv.

Visit Website

3 Comments

  1. CrvenaZvezda 11/02/2015

    Preventiver er vel det første som må til her?

  2. Hildegerd Haugen 11/02/2015

    Finnes det en innsamling hvor vi kan gi til Evelines legeregning?

  3. mathildemathilde 12/02/2015

    Heller ikke i Norge er dette en selvfølge: http://www.aftenposten.no/helse/Papirlos-mor-ma-betale-52000-for-a-fode-7879512.html