10 ting å glede seg til i 2015
Feministar har mykje å sjå fram til i år:
1. Girls kjem med sin fjerde sesong. Anmeldarane skriv at i denne sesongen skal dei karakterane bli vaksnare, men serien skal vere like bra som før.
2. To av mine feministheltinner, Madeleine Schultz og Marta Breen, lanserer bok! «Det farlige F-ordet» kjem i bokhandlane i løpet av våren.
3. No til helga inviterer SV for femte år på rad til kvinnekonferanse. Bra kvinner som Inga Marte Thorkildsen, Torhild Skar, Berit Ås, Mina Adampour og Kirsti Bergstø kjem, mellom anna for å diskutere kva me kan gjere mot vald mot kvinner. Programmet ligg her.
4. Dyktige Emilie Nicholas speler på Rockefeller 14. februar.
5. 8. mars! I fjor blei 8. mars ei fantastisk markering for kvinners rett til abort. Regjeringa måtte til slutt snu. Mobiliseringa virka. Snart er det møte om kva parolar som skal vere årets hovudsaker på parolane. I Oslo er parolemøtet 9. februar.
6. Denne veka kom nyheita om at Susanne Sundfør skal avslutte Øyafestivalen. Det ser ut til å bli ein legendarisk kveld.
7. Sara Stridsberg, som ga ut Drømmefakultetet om ekstremistfeministen Valerie Solanas i 2007, og fekk Nordisk Råds litteraturpris for det, gir ut boka «Beckomberga» i løpet av 2015.
8. 14. september er det valdag! Du kan gjere kommunen din meir likestilt ved å røyste på feministisk politikk og krysse av for kvinnelege kandidatar.
9. Kristina Leganger Iversen, som mellom anna har skrive for Fett, gir ut si andre bok, I ringane, ei bok om identitet, kjønn og makt.
10. Tusvik & Tønne fortsett med sine frekke, fantastiske podcastar, og dei har fleire førestillingar på Latter også i løpet av våren.
Bilete 1: Lena Dunham TFF 2012 Shankbone 2 av David Shankbone (CC BY 2.0).
Bilete 2: Youngstorget av Morten F (CC BY-NC-SA 2.0).
Bilete 3: Skjermbilete.
Punkt 6, den dyktige Susanne. det er kun i et feministisk magasin en går helt av skaftet og “Wooohoooo en kvinne skal avslutte Øyaaaaaa!!!!!” Mens resten av verden tenker “Hm, bra artist, blir en bra avslutning på Øya.” En smule ironisk, er det ikke?