Spel for galleriet

Færre kvinner i arbeid med ny arbeidsmiljølov.

Årets kjipaste julegåve, forslaga til ny arbeidsmiljølov, har enno ikkje blitt pakka skikkeleg opp. Det er mykje ved dette forslaget me ikkje har diskutert så mykje. Korleis forslaga vil skyve kvinner ut av arbeidslivet, for eksempel.

Før forslaga blei lagt fram, blei dei i sommar sendt på ein stor høyringsrunde, til fagrørsle, kommunar, Arbeidstilsynet,  interesseorganisasjonar og andre som kunne tenkjast å meine noko om kva dette vil føre til. Høyringssvara er deprimerande lesing. Arbeidslivet vil bli tøffare for kvinner framover.

Delar av forslaga frå regjeringa handlar om at du skal kunne jobbe lengre dagar i periodar, og at sjefen din skal kunne pålegge deg mykje meir overtid. Du vil kunne måtte jobbe meir i helger og på sundagar. Det gjer det vanskelegare for arbeidstakarane å kombinere jobb og familieliv. Og kven er det som trappar ned i jobben når den kombinasjonen blir for tøff? Veldig ofte er det kvinnene.

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) skreiv i sitt høyringssvar at «det er stor sannsynlighet for at endringsforslagene vil føre til intensive arbeidsperioder som i mange tilfeller ikke vil la seg kombinere med omsorgsansvar

sykepleierOg kva vil skje då? Jo, det er ombodet tydeleg på når dei skriv at fleire kvinner og personar med helseutfordringar kan bli støtt heilt eller delvis ut av arbeidslivet, for eksempel gjennom ufrivillig deltid, uførheit eller sjukefråver. Samtidig vil menn oppleve eit auka press for å forsørge resten av familien. Når ein les dette, blir det lett å konkludere med at forslaget vil gi mindre likestilling enn i dag.

Forslaget om fleire midlertidige stillingar råkar også kvinner spesielt. Dei er oftare midlertidig tilsette, og forsking har funne eit mønster der «selv om det er flere kvinner som innehar midlertidige stillinger, er det menn som i størst grad drar fordeler av denne posisjonen med tanke på å oppnå permanente stillinger». Gravide kvinner vil blir særleg utsette for diskriminering. Det same mønsteret vil også slå ut på andre grupper, som minoritetar eller personar med nedsett funksjonsevne.

Høyringssvara gir også ein annan grunn til bekymring. Regjeringa har ikkje utreda skikkeleg korleis dette forslaget vil slå ut på likestillinga. Faktisk er dette så alvorleg at regjeringa sjølv, gjennom BLD, har sendt brev til Robert Eriksson og bedt om at dette blir tydelegare utgreia. Lovforslaget Eriksson la fram i etterkant går ikkje særleg nøye gjennom konsekvensar for likestilling, så vidt eg kan lese. Det er grunn til å spørje om Eriksson faktisk har lytta til Horne her, eller om brevet berre har blitt oversett.

Me treng meir kunnskap om kva effektar desse forslaga vil ha for folk, men når Erikssons strategi er å leggje den kunnskapen han allereie har i skuffen på kontoret sitt, er det lite truleg at ny kunnskap uansett vil bli lytta til. Regjeringa har gjort eit godt stykke arbeid for å miste si truverd når dei seier at dei satsar på kunnskap. Dei har uansett høyringssvar bestemt seg for å køyre på. Det er tut og køyr-politikk.

Stortinget har no fått ein nykkelrolle. Dei må vise at høyringssvar er noko ein faktisk er interessert i å lytte til, ikkje noko ein berre overser.  Og om dei tar seg tid til å lese og lære, har dei veldig gode grunnar til å trykke på bremsen. Det trengst eit folkeleg press for å få det til.

Om Eriksson får det som han vil, blir det mykje tøffare å vere tilsett og mykje enklare å vere sjef. Det blir vanskelegare å kombinere jobb og barnebursdag, jobb og familieselskap, jobb og tid med vener. Fordi du vil kunne måtte jobbe lengre dagar, meir overtid og fleire helger. Mange fleire av jobbane som finst der ute vil vere midlertidige, ikkje faste, utan at det vil bli skapt fleire jobbar totalt. Fagrørsla vil bli svekka.

Regjeringa har kunnskapen om kva dette vil føre til. Men dei vel å lukke auge og øyre. Det norske folk har fått ei julegåve ingen ynskja seg. Blir me mange nok som seier i frå, må Stortinget seie stopp. Det er verdt å håpe på.

28. januar er det politisk streik i mange byar i protest mot forslaga. Her kan du lese meir om det.

 

 

Bilete: Korrekt antrekk sykepleier av Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN) AttributionNo Derivative Works (CC BY-ND 2.0).

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website

One Comment

  1. Romy Rohmann 19/12/2014

    Riktige og viktige betraktninger av Trine. Men jeg syns ikke det er riktig å si at dette ikke er julegaven folk ønsket seg! Det har aldri vært tvil om hva regjeringspartiene ville gjøre med arbeidsmiljøloven (eller skatten :-) ) og svært mange av det norske folk har stemt på Høyre og Frp faktisk så mange at de nå sitter i regjering – og får da stå for sine valg. At de ikke viste konsekvensene av sitt valg får stå for deres regning. Vi har stemmerett for alle (omtrent) i dette landet ikke bare for de som forstår politikk :-) Viktig å konfrontere FrP og Høyre velgere (Krf og Senterpartivelgere også) med konsekvensene av deres valg. Det er slik det kan bli viktige politiske diskusjoner av.