«Me behandlar alle likt»

Forskjeller i barnehagen

NRK melder i dag at eldre med døtrer får to timar mindre hjelp frå kommunen enn eldre med søner. Det er urettvist. Det reknar eg me at me alle er samde om. Spørsmålet no er kva myndigheitene har tenkt å gjera.

Den ulikebehandlinga som NOVA-rapporten dokumenterer overraskar dei fleste av oss. Me er oppvaksne i eit samfunn der demokratiske verdiar som rettferd og likebehandling står sterkt. Ikkje rart at dei fleste av oss trur at me behandlar alle likt.

Men gong på gong får ein dokumentert at dette dessverre ikkje er tilfelle. Ei undersøking som Kristiansand kommune har gjennomført viser ei skeivfordeling av helsetilbod til eldre i kommunen. Menn, og særleg einslege menn, får i større grad enn kvinner tilgang på rehabilitering og korttidsplassar på sjukeheim. Sjølv om dei er like sjuke og behova er dei same.

Likestillingsprosjekt gjennomført i barnehagar viser at dei tilsette behandlar jenter og gutar ganske så ulikt. Ikkje med vilje sjølvsagt. Men når ein dag i barnehagen vart filma var resultata tydelege: Gutane fekk mykje meir merksemd enn jentene. Gutane fekk mykje meir hjelp av dei vaksne. Så mykje at ein gut som ville kle på seg sjølv strevde med å snika seg unna ivrige vaksne som ville kle på han.

Mangel på likebehandling gjeld ikkje berre mellom kjønna. Arnfinn Midtbøens doktorgradsavhandling viser at jobbsøkjarar med pakistansk namn har 25 prosent mindre sjans til å koma på jobbintervju enn ein heilt identisk søkjar med norsk namn. Ein rapport frå Senter for atferdsforskning viser at 36 prosent av homofile gutar er utsette for mobbing, mot 6 prosent av heterofile gutar.

Når ein først har dokumentert at forskjellsbehandling skjer er det ikkje alltid så vanskeleg å gjera noko med. Det er godt dokumentert at standardiserte rekrutteringsprosessar er det som skal til for å få tak i dei beste folka, uavhengig av etnisk bakgrunn. Diskriminering er altså eit problem som kan løysast.
Barnehageprosjekta handla ikkje berre om å avdekka forskjellsbehandling. Dei starta eit systematisk arbeid for å sørgja føre at ungane vart behandla rettferdig. Resultatet av dette arbeidet var at ungane fekk den merksemda dei har rett på som barn, ikkje ut i frå om dei er gutar eller jenter. Dei tilsette byrja fokusera på ungane som menneske, og ikkje berre kommentera kor søte eller pene jentene var. Likestillingsprosjektet førde til betre pedagogikk og betre kvalitet i barnehagen.

Både undersøkinga i Kristiansand kommune og barnehageprosjekta er gjennomførde som ein del av prosjektet Likestilte kommunar, finansiert av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Men hausten 2013 bestemte regjeringa seg for å kutta støtta til kommunanes likestillingsarbeid, midt i prosjektperioden. I det nye budsjettforslaget er det kutta endå meir i støtta til regionalt og lokalt likestillingsarbeid. I tillegg er pengepotten som går til Skeiv Ungdoms prosjektarbeid for å førebygga og hindra mobbing og trakassering på grunn av kjønn og seksuell orientering, redusert til det halve.

Dersom ikkje praktisk likestillingsarbeid blir gjort i barnehagar, på arbeidsplassar, på ungdomskulane og ved sjukeheim og i tildeling av kommunale tenester, kan eg garantera at forskjellsbehandlinga kjem til å halda fram. Så viss me ikkje ønskjer at ungane våre skal bli forskjellsbehandla i barnehagen, at foreldra våre blir forskjellsbehandla i møte med kommunale omsorgstenester eller at ungdommane våre blir trakassert på skulen, må noko gjerast. Dette ser eg fram til at Likestillingsminister Solveig Horne tek tak i og får på plass effektive tiltak.

Av gjesteblogger Helga Eggebø (ph.d)
Seniorrådgjevar,
KUN senter for kunnskap og likestilling

Bilde: Skjermdump fra NRK nett-TV, Schrødingers katt 

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Eg skriv gjerne så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Eg bur og arbeider i Bodø i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website

One Comment

Trackbacks for this post

  1. […] Søndag blogga eg for Maddam om likestilling i barnehagar, på sjukeheimar og i arbeidslivet. […]