Utradering av likestillingsarbeidet?
Civita ønskjer ikkje at Likestillings- og diskrimineringsombudet (LDO) skal driva det viktige arbeidet med å vera pådrivar for likestilling. Spørsmålet er kven dei då meiner skal følgja opp lovpålegget om aktivt likestillingsarbeid.
Civita framstiller saka som om pådrivararbeid er å fremja politiske standpunkt i den offentlege debatten. Dei er fullt klar over at pådrivararbeidet handlar om mykje meir (jamfør Civita-notat nr 21/2014), men det valde dei å ikkje seia noko i Dagsnytt 18 onsdag.
Men pådrivararbeidet er mykje meir enn å delta i debatt. Den kanskje viktigaste pådrivaroppgåva er å spreia kunnskap og rettleia slik at kommunar og verksemder er i stand til å gjera det aktive likestillingsarbeidet som Stortinget har pålagd dei å gjera.
I NOUen Struktur for likestilling (2011: 18) dokumenterte likestillingsutvalet ein nesten totalt mangel på oppfølging og gjennomføringskraft når det gjeld vedteken likestillingspolitikk. Alle private verksemder, arbeidslivsorganisasjonar, utdanningsinstitusjonar og offentlege myndigheiter har ei plikt til å driva aktivt arbeid for å fremja likestilling og hindra diskriminering på sine samfunnsområde.
Me får ikkje eit liberalt og ikkje-diskriminerande samfunn utan aktivt, systematisk likestillingsarbeid.
Dette er i tråd med regjeringas strategi om «mainstreaming» av likestillingspolitikken, ein strategi det har vore tverrpolitisk semje om i mange tiår. Problemet er at nesten ingen gjer denne jobben. Årsaka er mangel på kunnskap, oppfølging og kontroll.
Det vetle som per dags dato blir gjort av oppfølging og kontroll er det LDO og tre ikkje-statlege likestillingssenter (i Agder, på Hamar og i Steigen) som står for. Men i det budsjettforslaget regjeringa har lagt fram, er den offentlege støtta sentra har fått for å bidra til regionalt og lokalt likestillingsarbeid kutta. Konsekvensen er at sentra må leggja ned mesteparten av sitt pådrivararbeid. Då står me igjen med det pådrivararbeidet som LDO har kapasitet til å gjera.
Det sivilsamfunnet som Civita meiner skal vera pådrivar for likestilling er ikkje særleg stort. Ein av grunnane er at likestillingspolitiske organisasjonar og tiltak får svært lite støtte. Viss budsjettforslaget blir vedteke betyr det så godt som utradering av sivilsamfunnets pådrivararbeid. Men det har kanskje gått Civita hus forbi?
Civita problematiserer i realiteten først og fremst LDOs rolle i det offentlege ordskiftet. Dei hevdar, i likskap med ein rekke andre aktørar frå ulike delar av det politiske spekteret, at deltaking i den offentlege debatten svekker legitimiteten til LDO.
Civita framstiller dessutan diskriminering som nokon som høyrer fortida til
For få år sidan utgreia Likestillingsutvalget dette spørsmålet, på oppdrag frå regjeringa. Utvalet slo fast at det er naudsynt med ei forenkling av LDOs nokså uklåre mandat, og at pådrivararbeidet bør vera tydeleg forankra i diskrimineringssakene ombodet handsamar. Utvalet føreslo dessutan at staten sjølv, og ikkje eit uavhengig ombod, skulle ta ansvar for størsteparten av arbeidet med å vera pådrivar for aktivt likestillingsarbeid. Dette forslaget, som ville løyst dei tilhøva ved pådrivarrolla som Civita problematiserer, er ikkje følgt opp. Når det gjeld ombodets rolle i dag, var konklusjonen likevel tydeleg: Pådrivarrolla svekker ikkje verken legitimiteten eller arbeidet med å handheva lova. Også i dei internasjonale direktiva og konvensjonane som Noreg er bunden av, blir pådrivarrolla kombinert med å handheva lova.
Barneombodet har ein tilsvarande pådrivarfunksjon som LDO, og har den siste tida vore svært aktiv i den offentlege debatten. Ein kan spørra seg om Civitas motstand mot pådrivarfunksjonen er av prinsipiell karakter, eller om pådrivarrolla først og fremst er uønskt når det gjeld politikkområdet likestilling.
Civita framstiller dessutan diskriminering som nokon som høyrer fortida til, og omtaler aktivt likestillingsarbeid som å «bøte på» fortidas synder. Dette er rett og slett feil. At diskriminering på grunn av etnisitet, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønn skjer i Noreg i dag, er et dokumentert faktum. Slik diskriminering er gjerne ikkje intendert, men ein konsekvens av struktur, kultur og umedvitne stereotypiar. Me får ikkje eit liberalt og ikkje-diskriminerande samfunn utan aktivt, systematisk likestillingsarbeid. Eg er derfor spent på kva tiltak Solveig Horne vil fremja i den varsla likestillingsmeldinga, når det gjeld å sørgja føre gjennomføringskraft i regjeringas likestillingspolitikk.
Teksten er skrevet av gjesteblogger Helga Eggebø (ph.d), KUN senter for kunnskap og likestilling, Steigen
Tidlegare medlem av Likestillingsutvalget.
Bilde: Ungdomspolitikere , Likestilling og diskrimineringsombudet, CC BY NC 2.0
2 Comments
Trackbacks for this post
[…] Civita ønskjer ikkje at Likestillings- og diskrimineringsombudet (LDO) skal driva det viktige arbeidet med å vera pådrivar for likestilling. Spørsmålet er kven dei då meiner skal følgja opp lovpålegget om aktivt likestillingsarbeid. Eg gesteblokkar for Maddam i dag. Les heile innlegget der. […]
[…] sosial utjevning og miljø under sperregrensa. Dette samtidig med at Civita ønsker å svekke Likestillingsombudets pådriverrolle for likestilling betraktelig med argumenter som at Madda… Men vi vet at likestilling ikke kommer gratis, ikke av seg selv og ikke uten […]