Dystre tal
At færre personar meldte frå til Oslo-politiet om valdtekt i 2014 treng ikkje bety at det faktisk har vore færre valdtekter.
I førre veke la Oslo-politiet fram sine tal for kriminaliteten så langt i år, og dei fleste pilane peika nedover. Det er veldig bra, men før me slår oss heilt til ro med det, er det grunn til å spørje om det berre er ei positiv utvikling. Når det kjem til valdtekt, er det nemleg ikkje sikkert at det at færre personar gjekk til politiet for å melde i frå om valdtekt betyr at det faktisk har skjedd færre valdtekter.
Talet på meldte valdtekter til Oslo-politiet gjekk ned med 20% i 2014.
Kripos ga ut ein eigen rapport i 2012, som heiter ”Voldtektssituasjonen 2012”. Den sa dette:
Politiets håndtering av voldtektssaker har blitt kritisert, ved blant annet påstander om mangelfull etterforskning, lang saksbehandlingstid og høy henleggelsesprosent. Noe av denne kritikken kommer tydelig frem i DIXI sin undersøkelse blant voldtektsofre fra 2012. Undersøkelsen forteller at kun 45 % av respondentene har anmeldt saken til politiet, og at kun 20 % av anmeldelsene resulterte i en domfellelse. I den samme undersøkelsen rapporterer kun 8 % av ofrene at de mener å ha fått en rettferdig rettergang. Tallene er urovekkende, gitt sakenes alvorlige karakter og ikke minst den generelle tilliten til politiet. Lav tillit til politiet kan være en av flere årsaker til at anmeldelsestilbøyeligheten er lav.
Politiet har altså sjølv skrive, i ein eigen rapport, at det at folk ikkje seier i frå om valdtekt til politiet, kan ha fleire årsaker.Det kan handle om at politiet har eit dårleg rykte i valdtektssaker.
Den kunnskapen me har om korleis det går med dei sakene der valdtekter blir meldte, seier oss at dette fører lite godt med seg for mange. Mange får lågare tillit til politiet og rettsvesenet i etterkant.
Dixi-undersøkinga frå 2012, som Kripos også viste til i sin rapport, fortel om desse dystre tala:
Bare 20 % av anmeldelsene resulterte i en dom. Det betyr at kun 1 av 11 voldtekter blir straffet. Det er grunn til å tro at andelen anmeldelser i virkeligheten er i underkant av 10 % av totalt antall voldtekter. Det betyr det at bare 1 av 50 voldtektsforbryterer blir straffet.
Og Dixi kjem med eit tydeleg råd til politiet:
Dersom antall anmeldelser skal øke betydelig, må tilliten hos de voldtatte til politi og rettsapparat bli betraktelig bedre enn den er i dag. Tillitskapende tiltak bør være en viktig del av myndighetenes handlingsplan.
Det kan også vere fleire andre alvorlege årsaker til at valdtektsoffer vel å ikkje gå til politiet. Det kan handle om skam, kjensla av å ikkje vere eit verdig offer, relasjonen til overgriparen, mellom anna. Alle desse årsakene må me gjere noko med.
At dette er alvor, blei understreka i februar i år, då me for fyrste gong fekk tala frå ei nasjonal omfangsundersøking av vald og overgrep. Me fekk nokre rystande tal. 9,4% av norske kvinner og 1,1% av norske menn har opplevd valdtekt. 1 av 3 hadde aldri fortalt om dette til nokon. Og berre kvart tiande offer valte å gå til politiet med saka.
Tala fortel oss at det er alt for få som går til politiet og melder frå. Det er alt for få som blir dømde.
Me burde altså, diverre, ynskje oss at statistikken for meldte valdtekter til politiet faktisk gjekk opp. Me treng eit politi som tar desse sakene på det største alvor. Det er den einaste måten å gjere noko med dei dystre tala og få fleire overgriparar dømt.
Comments are closed.