Når storsamfunnet sviktar.

På nett kan du no sjå dokumentarfilmen ”Banaz – A love story”, som er laga av norske Deeyah. Få filmar har gjort meir inntrykk på meg.

Ein dag i 2006 kom ei melding om ei sakna kvinne inn til det britiske politiet. Britisk-kurdiske  Banaz  var borte. Men det var få som viste interesse for kva som hadde skjedd. Kvifor leita ikkje familien meir etter Banaz? Og kvifor hadde ho forsvunne? Filmen gir oss dei triste svara.

Før ho forsvann, var Banaz i ein håplaus situasjon. Ho hadde tidleg blitt gifta bort. Ektemannen mishandla ho brutalt. Etter kvart prøvde ho å rømme frå det ulukkelege ekteskapet. Samtidig forelska ho seg i ein annan mann.

Banaz prøvde å få hjelp frå politiet. Kort tid før ho forsvann for godt, hadde ho dratt og meldt ektemannen til politiet. Ho fortalte om dei grove overgrepa ho blei utsett for og at familien ikkje ville hjelpe.  Politiet svarte med velmeinande ord, men tok ikkje meldinga hennar på alvor. Banaz hadde tatt ein stor risiko ved å gå inn politidøra, men fekk ingen hjelp i etterkant.

Fyrst etter at Banaz hadde blitt drept av familien sin, var det ei politikvinne som tok ansvar for å finne ut kva som hadde skjedd. Ho fekk etterforska saka og stilte den skuldige familien til ansvar.

Deeyah

Norske Deeyah har laga filmen om Banaz. Ho måtte rømme frå Noreg i 1996, etter å ha blitt truga for å vere den ho var. Ho var ein populær, ung norsk-pakistansk artist og kledde seg som andre norske kvinnelege artistar ville gjort. Det gjorde det for farleg å vere på norsk jord. Ho måtte flykte til London.

I eit intervju på NRK fortel ho om korleis det var å måtte flykte som tenåring. Ho fortel om korleis ho følte seg særleg svikta av Noreg, som ikkje stod opp for denne 17-åringen.

The hardest for me at the time was complete silence from Norwegian society, Norwegian media, Norwegian everything. Nobody would pose the questions of is this ok. (…) Is it ok that a 17-year old feels that she has no alternative but to leave home? (…) At that time I felt heartbroken. I felt like my heart was broken by Norway, in a way.

Deeyah stiller i intervjuet også spørsmål rundt reaksjonen frå det norske storsamfunnet. Hadde samfunnet reagert annleis dersom ho hadde hatt blondt hår eller blitt sett på som “ekte norsk”?

Filmen om Banaz og historia til Deeyah er begge til å gråte av. Men det er så viktig at begge kjem fram i lyset. Hjelpeapparatet, og storsamfunnet, må vere der for alle.  Kulturell bakgrunn skal ikkje ha noko å seie for korleis me reagerer på overgrep mot enkeltmenneske.

Alt for mange kvinner opplever å bli truga eller mishandla for at dei vil ta eigne val. Nokre får ikkje gifte seg med den dei vil, andre må leve med vald eller streng sosial kontroll. Fordi desse kvinnene er i ein farleg og einsam situasjon, må hjelpeapparatet stå klart med ein gong. Politiet og resten av oss må ta saker om vald og trugsmål på det største alvor. Me må vere viljuge til å prioritere arbeidet mot vald, overgrep og trugslar konsekvent, både gjennom ord og pengar.

Diverre finst det fleire saker, som pågår i dag, som viser at reglane våre og hjelpeapparatet vårt ikkje er bra nok. Ei kvinne som blei trua av mannen sin med motorsag, står i fare for å bli kasta ut av landet fordi dette ikkje blir definert som “mishandling” og ho ikkje har budd her lenge nok til å få bli i Noreg ved ei skilsmisse. Dette regelverket må bli endra.

Den triste kjærleikshistoria, om politikvinna som endeleg brydde seg om skjebnen til Banaz, viser at det nyttar. Vår jobb må vere å fortelje desse historiene vidare, og gjere det me kan for at hjelpa står klar når nye kvinner treng det. Me har ikkje ei kvinne å miste.

Sjå filmen ”Banaz – A love story” her.

 Sjå intervju med Deeyah på Brenner her (intervjuet med Deeyah starter etter 4 minutt). 

 

Bilete: Human Rights Council – 25th Session av UN Geneva (CC BY-NC-ND 2.0).

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website

Comments are closed.