Eg og kroppen min
Eg skulle ynskje at me kunne slutte å framstille kroppen som fienden til sinnet, eller kanskje helst fienden til sjølvkontrollen. Ei slik framstilling bygger oppunder ei framandgjering frå seg sjølv. Dersom målet er at folk, og særleg jenter og kvinner, skal få eit betre forhold til seg sjølv er ein nøydt til å bygge ned framandgjeringa.
Gjesteblogger er i dag Åsne Høgetvedt som er russlandsviter og treningsinstruktør.
Mange, særleg jenter og kvinner, har eit motstridande forhold til eigen og andres kroppar. Ein god del, særleg jenter og kvinner, har eit så dårleg forhold til eigen kropp at dei skadar og straffar seg sjølve på ulike måtar. Gjennom media og av kvarandre vert me på den eine sida fora med usunne kroppsideal, på den andre sida får me beskjed om at kropp ikkje er alt.
Men eg trur at kropp er alt.
Som feminist har kampen for sunne ideal og for merksemd på andre ting enn kropp vore viktig for meg. Men etter at eg byrja som treningsinstruktør måtte eg gå nokre nye rundar med meg sjølv og haldningane. Eg er ikkje noko anna enn kroppen min. Kroppen min er ikkje eit skal for personlegdommen, eller sjela mi. Personlegdomen og identiteten min er ein del av kroppen min. Hadde eg hatt ein annan kropp hadde eg vore ein annan person på alle måtar. Og det trur eg dei fleste er samde med meg i. Hadde eg gjort drastiske endringar på kroppen min hadde eg òg truleg endra både personlegdom og identitet.
Korleis kan det gå an å snakke om meg på den eine sida og kroppen min på den andre, som om det er motsetnadar? Eg har ikkje berre ein kropp – eg er ein kropp.
Korleis eg tenkjer, handlar og kommuniserer er eit resultat av heilskapen. Eg uttrykker meg sjølv på ulike måtar, vokalt (tonefall, dialekt, ordval), med kroppsspråk og fakter, og gjennom utsjånad. Staden tanken vert til, i hjernen, er ein del av kroppen, og eksisterer ikkje uavhengig eller utanfor kroppen. Eg kjenner ein stor klump i magen når eg tenkjer på 22. juli, eg får gåsehud nedover nakken når eg høyrer vakker musikk, og eg misser all tru på at eg kan halde ut eit einaste sekund til når eg bikkar over mjølkesyreterskelen på trening.
Kva tyder kropp når det er snakk om kroppsfiksering, kroppshysteri og kroppsideal? Det handlar om korleis utsjånaden vert oppfatta av andre. Det er altså berre ein del av kroppen det handlar om, ein av eigenskapane. I staden vert heile lekamen redusert til å vera ein slags gjenstand, separat frå personlegdom, og der krangelen stend om kor vidt det er viktig eller ikkje om han passar ideal om kva som er vakkert, sunt, tiltrekkande og så bortetter. Og så er ein brått der at kvinner som gjer det bra i samfunnet er nøydt til å i alle fall ta stilling til om kor vidt ho vil stille i undertøy eller mindre på framsida av ulike blad for å syne at ho har eit godt forhold til kroppen sin.
Så kjære feminist: slutt å sei at du er meir enn berre kroppen din. Sei heller at du er kroppen din, og at du er meir enn berre eit klesstativ eller ein pyntegjenstand. Ikkje la nokon få dele deg opp, og sei at denne delen kan brukast til dette og denne til hint.
Og kjære alle, men særleg de som slit med sjølvbiletet: ikkje gå til krig mot kroppen din. Då gjeng du til krig mot deg sjølv, og på den måten vinn du aldri og får ikkje betre sjølvbilete. Start heller med å innsjå at det å skilje den fysiske og den mentale sida ved deg sjølv fyrst og fremst gjev meining når du er hjå legen. Elles har du alt å vinne på å sjå dei ulike sidene ved deg sjølv i samanheng. Eg trur fleire vil kunne ta gode og sunne val for seg sjølv dersom ein sluttar å distansere seg frå seg sjølv og sluttar å tenke at det handlar om ein stygg eller vakker kropp. Det handlar om korleis du vil ha det og kva vil du gjera.
Bilde: Sunshine through my body , fotograf: Thomas Frost Jensen, Creatice commons license
Jeg er helt enig – jeg er kroppen min. Men ikke engang hos legen gir det mening å skille det fysiske og det mentale, til og med der har man begynt å forstå og ta hensyn til at det er en sammenheng. Fysiske sykdommer kan gi psykiske problemer, og psykiske sykdommer kan gi fysiske symptomer.
Fint skrevet, helt enig, jeg er kroppen min. Og for kvinner er jo det også utrolig kraftfullt, med syklus, fødsler og alt som skjer i og med oss. Men også menn er kroppen sin – så forskjellige er vi da ikke som kjønn – selv om de sikkert opplever den annerledes og har andre problemer, de har bl.a.flere helseproblemer enn kvinner.
Og fortsatt er kvinner over 80% oftere borte fra jobben enn menn, flere kvinner enn menn rapporterer å ha langvarig sykdom og flere svarer at de har nedsatt funksjonsevne sammenlignet med menn.
Så hva du egentlig legger i helseproblemer Liv, ser uansett an til å ha en større effekt på kvinner enn menn.
Hei Jonas. Ja kvinner er mer sykmeldte enn menn, men menn er mer alvorlig syke enn kvinner og dør av sykdommer som i mange tilfeller kunne vært forebygget. Det jeg mener er at menns vilkår pga trang kjønnsrolle bør tas mer på alvor. Jeg har skrvet om det på bloggen min hvis du er interessert:
http://livroksand.wordpress.com/2014/06/17/hvorfor-tas-ikke-menns-helse-mer-pa-alvor/