Slepp rullestolane inn
Under slagordet ”gjør det enklere å bygge” gjer regjeringa det vanskelegare for folk å kome seg rundt.
Regjeringa har no sagt at ho vil lempe på krava om universelt utforma bygningar. Jan Tore Sanner har erklært at krava til nye bygg skal bli lempa på, sånn at ein ikkje treng å ha like stor svingradius for rullestolar som før. Dei vil også unnta mange leiligheiter frå kravet. Det er dårleg nytt for rullestolbrukarar, men også for alle andre.
Rgjeringa bør snu og halde på dagens reglar. Her er tre gode grunnar til det:
1) Det er ikkje særleg lett å kome seg rundt i dag.
Veldig få av bustadane våre er i dag universelt utforma. I følgje Tekna er det under 7%, det kan faktisk vere så lite som 4%. Om du er avhengig av rullestol, betyr det at du sannsynlegvis kan besøke under 1/20 av vennane dine. Om du tenkjer attende til då du gjekk på skulen, og tenkjer på alle som gjekk i klassen din, så betyr dette talet at du berre kunne ha vitja ein eller to klassekameratar. Det er ikkje særleg mange.
Dette talet betyr også at om du på eit tidspunkt blir avhengig av gåstol, er det under 1/20 sjanse for at du kan halde fram med å bu der du bur.
Desse tala viser at kravet om universell tilpassing av nye bygg, som kom gjennom den såkalla Tek 10*, er ein slags naudsynt fridomsrevolusjon, godt gøymt i ei litt grå forskrifts-drakt. Forskrifta opnar stadig fleire dører for alle som treng litt ekstra plass.
Men no meiner visst regjeringa at me kan redusere ambisjonane. Regjeringas innstramming sender oss attende i tid. Dei nymåla dørene på dei nybygga husa vil likevel ikkje opne seg for dei som treng dagens svingradius for å snu rullestolen sin.
2) Det er ikkje dyrt
Debatten om denne forskrifta har lenge handla om at det er dyrt. Det blir hevda at universell tilpassing gjer det dyrt å kome inn på bustadmarknaden for unge og nyetablerte. Byggebransjen har nemnt summar opp til 200 000 kroner når dei skal forklare kor dyrt dette kravet er per leilegheit. Vel, det er rett og slett feil.
Tekna har rekna på det. Og i rapporten ”Ikke så dyrt likevel” skriv dei at det kostar om lag 40 000 per eining. Det er ein heilt annan pris. Universell tilpassing er altså ikkje forklaringa på at me har hatt så valdsamt stigande bustadprisar i Noreg dei siste åra. Det handlar om heilt andre ting.
Faktisk er det fullt mogleg å halde på dagens reglar og samtidig gjere noko med dei høge bustadprisar.
3) Det kan handle om deg og meg
Livet er ikkje så lett å planlegge. Verken du eller eg veit om me, eller nokon som står oss nær, nokon gong kjem til å bli utsett for ei ulykke som gjer at me vil trenge universell tilpassing. Historia til Carine viser kor brått livet kan snu. Plutseleg kan ein vere avhengig av litt ekstra plass sjølv.
I dag bur eg i tredje etasje utan heis. Eg kan ikkje invitere dei eg kjenner som sit i rullestol på besøk. Mindre tilpassing gir folk mindre fridom til å gjere det dei vil, rett og slett.
Tid for å snu
Dei finst tusenvis av menneske som er avhengige av litt ekstra plass til ein gåstol eller rullestol, og enno fleire som er glad i nokon som er det. Universell tilpassing er absolutt naudsynt for at desse skal kunne leve eit kvardagsliv på lik line med andre folk.
Kjære regjering, som seier at de vil ha meir fridom for enkeltmennesket, kan de ikkje snu i dette spørsmålet? Sånn at alle rullestolane, gåstolane og barnevagnane kan rulle inn og svinge seg rundt i dei nye bygga som kjem dei neste åra? Det hadde vore eit ekte tiltak for meir fridom over heile landet.
Bilete: wheelchair at seaham (holga) av Rachel Groves (CC BY-NC-ND 2.0).
Om forfatteren

trine
Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.
Related Posts
-
På tide å avskaffe girlboss-kapitalismen
Av en eller annen grunn har mainstream-feminismen og likestillingen ført oss hit til girlboss-kapitalismen.
Trans nok, skeiv nok: Tanker i kjølvannet av Pride
Oslo Pride er nettopp over, og Pride-måneden juni er på hell. Pride er en markering av skeive folk og vår rettighetskamp. Jeg elsker Pride, for […]
Comments are closed.