Spenning i skogen
Bokmelding
Agnes Ravatn
Fugletribunalet
Samlaget 2013.
Lovorda om Fugletribunalet, den andre romanen til Agnes Ravatn, har vore mange. Boka har vunne både Ungdommens kritikerpris og P2-lyttaranes romanpris. Det er lett å skjønne. Fugletribunalet er ein strålande roman. Ankepunktet er at karakterane ikkje alltid er så enkle å tru på.
Historia byrjar med at hovudpersonen, Allis Hogtorn, er på veg til sin nye jobb. Ho skal vere ei slags hushjelp for Sigurd Bagge, ein mann ho aldri har møtt før. Han bur åleine i eit hus i skogen, langt unna andre folk. Her skal ho lage enkle måltid og rydde i den store, ustelte hagen. Bagge ynskjer ein formell tone mellom dei to. Dei skal ete på ulike tidspunkt, og aldri sitje ved same bord.
Allis kjem til Bagge fordi ho er på flukt frå ein skandale. Ho er eigentleg programleiar og historikar, med sitt eit eige historieprogram på NRK på laurdagskveldane. Etter at ho blir tatt for å ligge med kringkastingssjefen, og vere utru mot sin eigen mann, havnar ho på framsida av sladreblad og tabloidaviser. Difor flyktar ho frå alt.
Kva Bagge jobbar med, kvifor han er så mystisk og held seg for seg sjølv, tar det lang tid å få svar på. Usikkerheita gjer Allis utrygg, men også nysgjerrig. Ho kjenner ei tiltrekking til denne tause mannen som i den eine augeblinken vil drikke vin, i den andre brått forlet ho åleine med ei halvfull vinflaske, utan grunn.
Måten Bagge ynskjer å organisere arbeidet hennar på, gir Allis få høve til å stille alle dei spørsmåla ho brenn inne med. Både Allis og eg døyr etter å forstå meir av den mystiske Bagge. Allis byrjar snart å snoke i det mystiske livet hans. Samtidig fordømer ho seg sjølv for å gjere det:
Badeskapsdøra gav frå seg eit lite knepp. Alt som var der, var smertestillande, plaster, myggstift, ein skjeggtrimmar og ein heilt ordinær deodorant. Det var overraskande, eg hadde nesten tatt for gitt at han var medisinert i ein eller annan forstand. Blikket mitt i spegelen då eg hadde tørka over med papir. Det var tydeleg at det mennesket som stirte tilbake, akkurat hadde gjort noko ho visste var gale; eg hadde sett det blikket hundre gongar før. Ikkje meir av dette, tenkte eg, vere rein.
Desse passasjane, der me slepp inn i Allis sitt indre, er dei beste. Det er lett å leve seg inn i sjelegranskinga hennar. Dynamikken mellom Allis og Bagge skapar også spenning og driv historia godt framover. Dialogen mellom dei er kort og enkel.
Eit anna grep som gjer meg nysgjerrig, er det at Ravatn stadig legg ut enkle frampeik som gir fleire spørsmål enn svar. Når Allis fortel om det fyrste møtet med Bagge, fortel ho at ”Ingenting i blikket hans vitna om at han drog kjensel på meg. Kanskje var han berre god til å spele”. Men kvifor skulle denne framande mannen kunne dra kjensel på Allis, som han aldri har møtt før? Hinta fungerer godt for å få meg til å lese vidare, og etter kvart fell bitane på plass.
Etter kvart som eg les, blir det uforståeleg at Allis vel å bli i huset. Ho er usikker, einsam og redd. Både Allis og Bagge blir karakterar som ikkje er så enkle å tru på. Handlingane deira er for ekstreme. Allis har reist frå mannen sin på dagen, utan at det verkar som det er ein relasjon ho reflekterer særleg over i etterkant. Kvifor gifta ho seg med han, kva gjekk galt, kjenner ho på skuld for å ha stukke av? Desse grunnleggande spørsmåla verkar det som om Allis tenkjer veldig lite på – samtidig som ho er ein grublar.
På same måte er det pussig at foreldra reagerer med skam, og skam åleine, over utruskapen til dottera. Dei er letta når ho reiser frå dei, og dei gir berre lyd frå seg når dei vidaresender post og inkassovarsel frå mannen hennar, sjølv om ho er borte i mange månader. Er ikkje foreldre meir enn det? Ville det ikkje vere naturleg å vise eit litt breiare kjensleregister? I Noreg i 2014 er det få foreldre som ville avvise dottera si totalt etter ein utruskapsskandale.
Å lese ei bok av Ravatn som ikkje skal vere morosam, er uvant, men det fungerer godt. Av og til kjem nokre meir velkjente ravatnske passasjar ein kan humre av, sånn som når Allis stikk av frå huset på sykkel og stoppar på ei vegkro for å låne toalettet:
Lysrøyra i taket blinka, ved spegelen hang ei liste over reingjering av toalett. Ein kulepenn i ein tråd. Menneskelege signaturar som sa: Ja, eg har vore her, eg har reingjort toalettet. Denne og denne datoen. Så alt skulle vere i orden. Det slo meg brått som uendeleg stort, at toalettet var blitt vaska etter forskriftene, med industrielle reingjeringsmiddel og gummihanskar. Eg kjende tårer presse på. Sivilisasjonen.
Desse passasjane lettar på stemninga i ei bok som elles er prega av ei trykkande, skummel stemning.
Om ein skal løfte blikket litt, er det fascinerande å sjå kor kort Ravatn gjer vegen frå likestilling til tradisjonelle kjønnsroller. Allis stikk av frå ei vellukka karriere for å koke torsk til ein mann ho ikkje ein gong kan prate med når ho vil. Ho bruker dagane på å rydde i hagen, sjølv om ho ikkje har vist den minste interesse for hagearbeid tidlegare. Men med tida blir hagearbeidet ei glede. På kjøkenet lærer ho å lage dei deilegaste retter. Godlukta fyller huset i skogen og lokkar Bagge til Allis.
Allis finn seg overraskande lett til rette som ei kvinne som talar når mannen tillet det og føyer seg etter hans vilje, også når relasjonen går frå å vere profesjonell til personleg og intim. Når han sluttar å betale ho lønn, går det lang tid før ho etterlyser pengane.
På line med den mørkeblå regjeringas reservasjonsrettspolitikk, er denne boka ei påminning om kor skjør likestillinga kan vere. Kan tilkjempa og etablerte fridomar for kvinner kan forsvinne så lett? Ville ei høgt utdana, sjølvstendig kvinne eigentleg ha funne seg i å berre bli ein hjelpar for ein annan mann sin karriere, utan å insistere på økonomisk sjølvstende og rett til å snakke når ho vil? Ravatn får det til å verke som eit sannsynleg, og skremmande, scenario.
Viktigast er likevel dette: Boka var nervepirrande og ei glede å lese. Det er få lause trådar, og den rystande avslutninga gir meining. Skal du innom eit bibliotek eller ein bokhandel med det fyrste, bør du plukke med deg Fugletribunalet.
Teksten stod også på trykk i Mål og Makt (1/2014).
Bilete: Pilrito das Pralas/Sanderling av Isidro Vila Verde (CC BY-NC 2.0).
Comments are closed.