Sosialisme og feminisme

Sosialisme og feminisme går hand i hand. Dei er liberale tenkemåtar som har ein samanheng som ikkje kan nektast. Likestillinga som for alvor fikk fart på seg med stemmerett for kvinner i 1913 er no kome veldig langt i Noreg. Men kvinner er enda ikkje likestilt med menn i samfunnet vårt. Og vi kan heller ikkje tru at den dagen kjem til å kome før den faktisk er her. Det er enkelt å rive noko ned, vanskeleg å byggje opp.

Kvinner har alltid vore fattigare enn menn

Sidan Høgre og Fremskrittspartiet kom til makta har kvinnesaker fått mykje oppmerksemd. Ei kortare permisjon for far og reservasjonsrett er negative sakar for kvinner. Det som har vore positivt med det heile er all oppmerksemde sakane har fått, samd at avvisinga av reservasjonsretten demonstrerer at eit sterkt engasjement frå folket i politiske sakar har betyding. Konservativ,- og høgrepolitikk er tradisjonelt sett ikkje noko særleg for kvinnesaker. Historisk sett er det ein liberal politikk som er bra for likestilling; med kvoteordningar, reguleringar i næringar og styre. Dessverre er ikkje Noreg så sosialistisk lenger. Kanskje kan vi skulde på EU, med sine lovar og reglar.

feminism kopi

EØS-avtala som tvingar oss til å vere med på meir og meir fri handel, skjære ned på reguleringar og gjere som dei gjer det i EU. Men mest av alt kan vi skulde på oss sjølve. Det var vi som valde dei som fikk oss med i EØS, det var vi som ikkje skreik høgt nok at denne avtala kunne innskrenke våre fridomar. “Sentralt i EØS står prinsippet om «de fire friheter», dvs. at det som hovedregel skal være fritt varebytte over landegrensene, fri bevegelighet for arbeidstakere, fri adgang for borgere i ett land til å yte tjenester i et annet, og fri bevegelse av kapital” (SNL) Disse prinsippa går i seg sjølve mot metodar som kvoteordningar, statlige reguleringar i handel og sosialisme. EØS-avtala har sjølvsagt positive følgjer for mange næringar. Men er ho positiv for staten Noreg? Kva med folket og velferdsstaten? Og kva med kvinnesaka? Likestilling er bra for økonomien. Ofte treng arbeidsgivarar eit lite spark bak for å hyre kvinner i leiande stillingar, i form av kvoteregler eller oppmuntring frå statleg hold. Statistikkane ein finner hos SSB visar att samanhengen mellom lønnsnivå og utdanning hjå menn og kvinner ikkje heng heilt på greip. Det er derfor veldig viktig å halde fram med kvoteordningar der det trengs både i utdanning og arbeidslivet (nokon gonger trengs det også kvoter for menn!). Eg nektar å tru at kvinner er latare enn menn og mindre egna til sjefstillingar og at der er grunnen til disse forskjellane.

Ofte treng arbeidsgivarar eit lite spark bak for å hyre kvinner i leiande stillingar, i form av kvoteregler eller oppmuntring frå statleg hold. Statistikkane ein finner hos SSB visar att samanhengen mellom lønnsnivå og utdanning hjå menn og kvinner ikkje heng heilt på greip

Sosialismen i Noreg er på hald. “Gapet mellom de fattigste og rikeste i Norge har økt kraftig de 20 siste årene”skriver Adressa (Søndag 19.01.14). Kvinner har alltid vore fattigare enn menn. Det er gjennomslag av statlege ordningar som svangerskapspermisjon, pappa-permisjon og krav om lik lønn for begge kjønn at likestillinga er såpass som ho er. Ei ny regjering med nye intensjonar vitnar om at å halde på ho ikkje er sjølvsagt. No, i 2014, er det minst like viktig som før å tenke likestilling, å tenke på kvinnesaka på eit kvart hald og ikkje miste statlege reguleringar. Mistar ein disse elementa, mistar ein og eit godt grep om kvinnesaka.

Gjestebloggar Silje Volden er lingvist, nylig ferdig utalandsstudent, reiseglad, odelsjente og kommande kvinneleg bonde, språkentusiast feminist, natur – og miljøelskar.

Bilde:

feminism | C. | CC BY-NC-SA 2.0

CC BY-NC-SA 2.0

Om forfatteren

Gjesteblogger

Gjesteblogger

Hvis du vil være gjesteblogger for Maddam, send en mail til hei@maddam.no. Få med hva du vil skrive om og tre linjer om deg selv.

Visit Website

3 Comments

  1. Petter Haagensen 14/05/2014

    “Sosialisme og feminisme går hand i hand. Dei er liberale tenkemåtar som har ein samanheng som ikkje kan nektast.” Hadde vært interessant å lese forfatterens definisjon av sosialisme, feminisme og liberal. Spesielt interessert i forholdet mellom sosialisme og liberal.

  2. Silje 14/05/2014

    Takk for kommentaren, det er noko å ta med seg til neste gong eg skriv.

    Eg tenker her på sosialisme som noko vi har gått bort frå i Noreg meir og meir sidan etterkrigstida, noko mellom storkapitalisme, som eg synast vi går meir og meirm mot no, og steinhard kommunisme. Sosialisme er ein ideologi som opnar for liberale idear i og med at det nettopp er noko midt i mellom. Feminisme er ein liberal ideologi der menn og kvinner har like fridomar og lovleg rett. Derfor veks feminisme, som ein liberal tenkemåte, lettare i sosialistisk miljø enn i eit strengt kapitalistisk et.

    Håper det var noko utfyllande.

  3. Ellen Hageman 19/06/2014

    Feminisme er ikke nødvendigvis en liberal ideologi. Den svenske feministen Nina Björk har kritisert det liberale menneskesynet med utgangspunkt i kroppens sårbarhet og behov for omsorg. Den rettighetstankegangen som deler av feminismen bygger på, er det gode grunner til å kritisere. I det hele tatt er det gode grunner til at feminismen jobber mer med menneskesyn.

    Men at feminismen bør være rød – det er jeg veldig enig i! Vi trenger en annen økonomisk politikk der kvinneperspektivet på en helt annen måte får plass. Men da må vi lytte til kvinners fortellinger. Ikke gå oss vill i prosentregning.