Fire fine frå 2013
Desember er ei fin tid for å lage lister. Eg hiv meg alltid over oppsummeringar av dei beste tinga ein kunne lese, høyre eller oppleve i året som gjekk. Difor kjem eg her med ei liste over fire av dei beste bøkene eg las i 2013, til inspirasjon for andre som er på utkikk etter bra bøker.
Dager i stillhetens historie. Merete Lindstrøm.
Ei lita bok om å hugse det som har vore, og om å bli gamal. Merete Lindstrøm skriv enkle setningar, men dei er rike på innhald. Eg las boka på bryllaupsreise, på ei kvit strand omringa av turkist hav, men då eg las, var hovudet mitt flytta til eit vanleg norsk hus, med grøn hage med epletre. Lindstrøm gjorde meg fullt oppslukt. Boka er kort, men verdt å bruke mykje tid på.
Leve posthornet. Vigdis Hjort.
Ei kvinne i 30-åra leiter etter meininga med det ho held på med. Hjort viser korleis dei små tinga heng saman med dei store. Både tankevekkjande og artig å lese. Blir litt varm i hjartet av moralen – det gir meining å engasjere seg for noko.
Når du ser meg. Siri Hustvedt.
Den fyrste boka eg har lest av Siri Hustvedt. Eit syskenpar leitar og ryddar i kompliserte familierelasjonar etter at faren deira gjekk bort. Fleire innslag om psykologi og korleis hjernen fungerer. Eg fekk lyst til å lese meir av Hustvedt, men også til å lære meir om psykologi.
Bli hvis du kan. Reis hvis du må. Helga Flatland.
Denne las eg ferdig i går, så ho er ikkje ferdig fordøya enno, men ho gjorde sterkt inntrykk. Tre gutar, frå ei lita norsk bygd, reiser til Afghanistan etter fyrstegongstenesta. Ingenting om Noregs føremål i Afghanistan, og forteljaren tek aldri direkte stilling til om Noreg bør vere med, men mykje om kvifor gutane vel å reise, og kva konsekvensar det får for alle rundt dei. Historia er truverdig heile vegen, sjølv om forteljaren bytter mellom å vere heilt ulike personar, som ein middelaldrande mann, ein tenåringsgut og ei nybakt mor med fødselsdepresjon. Ei politisk bok om eit av dei viktigaste politiske spørsmåla for Noreg på 2000-talet, som har fått alt for lite merksemd. Boka minna meg også om dette blogginnlegget, frå Ingrid.
Kos dykk! Og kom gjerne med tips i kommentarfeltet, eg vil gjerne høyre om gode bøker eg bør lese i 2014.
Bilete: Tome Reader av Ozyman (CC BY-NC-SA 2.0).
Om forfatteren

trine
Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.
Related Posts
-
Vold som vaksine
The Handmaid’s Tale har blitt en obligatorisk bok for feminister, og serien forelesningene. Feminister har tatt på seg røde kapper for å kjempe for frihet […]
Del I: Sammenfall med det usagte
Femten år gammel meldte jeg meg på et seminar, det ble sikkert ikke kalt det, vi var bare ungdommer. Kanskje ble det kalt en leir […]
Jeg innser at det er mange mange bøker jeg ikke har lest de siste to årene.. Men apropo lister? Her er en liten nyttårsgave fra meg til dere ;)
http://www.egedenne.com/2013/12/norwegian-blogs-are-more-than-just.html
Hei!
Den boka jeg vil anbefale er Kerstin Ekmans “Grand final i skojarbransjen” (i svindelbransjen, tror jeg det heter på norsk). Boka handler om en uvanlig forfatterkarriere (eller to) og er full av tankevekkende humor og gode formuleringer.
Ellers har jeg kost meg med hele serien av “Stemmer” som Aschehoug har gitt ut i høve hundreårsjubileet for kvinners stemmerett i Norge. Mye bra lesestoff, med Toril Mois bidrag som det aller beste, etter min mening.
Hei Egedenne. Takk for hyggeleg bloggpost! Ein ære at Maddam får vere på lista med så mange gode bloggarar.
Og hei, Ole Jørgen! Takk for gode tips! Har tenkt litt på å lese noko frå “Stemmer”, men aldri kome så langt. Det skal med på lista! Godt nyttår til deg og dine!