Mindre mjuke sundagar
Sundagar er mjuke dagar. Du kan forme dei som du vil. Gatene er tomme, dei fleste butikkar er stengte. Køane er ikkje å finne på Karl Johan, men på Ullevålseter. Det er tid til lange frukostar, varme rundstykke med lune egg og bacon. Kopp etter kopp med kaffi. Om vinteren kan ein gå lange skiturar, sjølv om ein ikkje rakk å kome seg ut av døra før langt på dag.
Sundagar er noko anna enn laurdagar. Når alle bremsar ned samtidig, er det ikkje like lett å halde farta oppe. Det ynglar ikkje av folk i sentrum, men det er ganske tomt. Og det er ikkje like naturleg å haste gjennom ei tom gate, det kjenst betre å lunte. Ein må liksom slappe av litt. Det er heilt greitt. Mens laurdag får oss til å dra bankkortet, får sundag oss til å puste ut og kvile litt.
No står sundagen i fare. Høgre har no sagt at dei vil fjerne regelen i Arbeidsmiljølova som seier at alle skal ha fri annankvar sundag. Meiningsmålingane tydar på at det ikkje er lenge til Høgre kan få det som dei vil. Då vil ikkje sundagar vere som før.
Høgre skriv i programmet sitt at dei vil ”myke opp reglene for søndags-, helligdags- og nattarbeid”. Eg er glad i mjuke ting, men dette er det motsette. Det er hard politikk som vil bety færre mjuke sundagar. Det er ganske trist!
Torbjørn Røe Isaksen argumenterer med at folk kan ta fri på måndag i staden. Sorry, men det er ikkje det same. Eg har nokre gongar jobba helg og fått fri på ein måndag i staden. Sjølv om fri alltid er fint, er ikkje fri på ein måndag like bra som ein vanleg sundag. Ute er tempoet høgt, det er rushtid. Folk er på jobb. Samfunnet er ikkje i kvilemodus, men i arbeidsmodus.
Sjansen for å finne nokon som vil finne på noko er minimal. Har du barn, er dei sannsynlegvis på skule eller barnehage. Ingen i familien har tid til lang måndagsmiddag, sånn som dei fleste no har på sundagar. Det sikkert like fint å gå til Ullevålseter på ein måndag som på ein sundag, men sjansen er stor for at du må gjere det åleine på måndagen. Og det er liten tvil om at kanelbolle åleine smakar dårlegare enn kanelbolle med vener.
Det er klart at nokon må jobbe sundagar for at samfunnet skal gå rundt. Me treng sjukepleiarar, brannvesen og politi heile veka. Dette er viktige yrke. Me får ikkje fleire folk inn i desse jobbane ved å svekke rettane deira i arbeidslivet. Me bør lytte til sjukepleiarane når dei seier at dei ikkje vil ha sundagsvakter oftare enn kvar tredje helg. Me bør heller ikkje flytte forventningane om å jobbe sundag fleire yrke enn i dag. Sundagen fortener vern.
Me har blitt eit prestasjonssamfunn, og mange av oss spring frå avtale til avtale. Sundagane er ei fin motvekt til det. Her er dagen der det er lov å sove utpå, der det ikkje er mogleg å stikke innom Storo-senteret for å kjøpe nye sko. Dette er dagen for å kjede seg litt, møte folk, gjere dei tinga ein ikkje rekk i kvardagen. Ein kan bake brød, rydde i klesskap eller skrive brev.
Eg er glad for at Høgre no har presisert kva dei meiner med ”mjukare reglar”, men eg er skuffa over innhaldet. I praksis betyr det at folk vil få svekka vern i arbeidslivet. Det er mange grunnar til å kjempe for raudgrøn valsiger 9. september. Retten til mjuke sundagar er ein av dei.
Bilete 1: Cinnamon rolls! av Anna (CC BY 2.0).
Bilete 2: Road signs av Torkild Retvedt (CC BY-SA 2.0).
Se her. Et innlegg jeg støtter helhjertet og fullt ut!