Eg er ikkje dum, eg er eit offer
Gjesteblogger skriver for Maddam i dag
Om normaliseringsprosessen
Det er lite som provoserar meg meir enn følgjande kommentarar på nyhendeoppslag der ei kvinne har blitt drepen av ein valdeleg partnar:
Kvifor stakk ho ikkje? Viss han var valdeleg, må ho jo ha skjønt at han ikkje var noko å samle på! Eg hadde aldri blitt hos ein partnar som slo meg
Kva er normaliseringsprosessen?
Begrepet normalisering nyttast i mange samanhengar, men i samband med vald mot kvinner nyttast det for å beskrive korleis valdshandlingane gradvis eskalerer, og utvidar grensene for kva som opplevast som greitt i eit forhald.
Vi leser i blant om denne prosessen, og kor vanskeleg det er å innsjå at du er inni ein. Mange ser ut til i meina at normaliseringsprossesen, berre er dårlege unnskuldingar for dumme kvinner som vel å halde ut med valdelege menn. Eg har visst lenge at eg har vore gjennom denne prosessen ein gong, men det slo meg nett at eg har vore gjennom den ein andre gong og. Kor dum er vel ikkje eg?
Ein ny mann i familien
Den første gongen var med stefaren min. Han kom inn i familien med snop til oss ungane og truskap til mor mi, og alt var fint. Han var “kul”, og vi fekk sjå filmar med 15 års aldersgrense. Eg var 10, broderen var 8 år. Han flytta inn. Han sa han allereie hadde oppdratt sine ungar, så han ville ikkje leggje seg opp i oppdraginga vår. Det tykte mamma var fint, sidan vi trass alt var hennes ungar. Vi innførte fast filmsjåing i helgene, i senga til mamma og stefar.
Nye regelsett
Etter ei lita stund byrja kommentarane. Helst ved matbordet. Plutseleg var det eit heilt sett nye reglar som måtte følgjast, og dei hadde ein tendens til å endre seg frå dag til dag. Viss eg gjorde det som var rett den eine dagen, kunne eg få kjeft for å gjere akkurat det same den neste dagen. Mamma mottok dagleg slengbemerkingar som: “Herregud, kva oppdraging er det desse trolla har fått?”, som tydeleggjorde kva han tykte om hennes intellekt og evne til barneoppdraging.
Naturleg å vere naken?
Det forsette slik ei stund. Så fekk eg puppar. Plutseleg fann stefaren min ut at baderomsdøra og soveromsdøra skulle byttast ut, slik at det ikkje lenger var lås på badet. “Vi er jo ein familie, det gjer ingenting om vi er på badet samstundes!”. Han måtte veldig ofte på do mens eg dusja. Han byrja å gå naken rundt i leilegheita, det var jo ingenting unaturleg ved å vere naken. Han byrja å liggje naken då vi skulle sjå film i senga. Ein ny regel kom: vi måtte berre ha på oss undertøy i senga, for det var dumt å liggje under dyna med klede, og så vart jo sengetøyet skittent! Kvar dag var det krangling ved middagsbordet, eg mot stefar. Og mamma fekk skulda for at eg var ein drittunge.
Sex for pengar
Då eg var 13 byrja trakasseringa å ta seg opp for alvor. Han byrja å tilby meg pengar for sex. Først 10 000 kr, så 30 000… Når vi var på badeplasen sa han at eg var den mest sexy, men at venninna mi ikkje var så verst ho heller. Han byrja å runke når vi såg film i senga. Ferieturar var eit helvete. Krangling. Ein gong slo han broderen i bakken fordi han hadde teke to skiver med nugatti i staden for ei (nok ein regel). Etterpå slo han mamma for good measure.
Då eg var 16 år flytta eg ut. Så langt vekk eg kunne utan å krysse fylkesgrensa. Heime krangla eg med mamma, med stefaren min, med alle. Eg ville vekk. Etter nokre veker fortalte ei eg budde på hybel med om korleis ho hadde blitt seksuelt misbrukt av stefaren sin. Det rørte ved ei nerve.
Kva er ein normal familie?
Sjølv då han tilbaud meg pengar for sex ringte ikkje varselklokkene. Fleire år etter at det byrja, fleire kilometer unna situasjonen, først då gjekk det opp for meg at det ikkje var slik ein normal familie skulle vere. År med urettferdigheit, psykisk vald og grov seksuell trakassering vart stilt i eit nytt lys. Det kan samanliknast med eit diskotek på ein nattklubb der lyset brått skruast på. Nokre månader etter tok eg det opp med mamma. Eg fortalte kva som hadde skjedd, korleis eg følte det, kor lei eg var. Ho kunne ikkje forstå det. Ho meinte eg overdreiv.
Det gjorde vondt. Den personen som skulle beskytte meg og ta mi side, kunne ikkje. Vi hadde for forskjellige premiss for vår verkelegheitsforståing; ho var framleis “inne i det”! Eg har aldri klandra mamma, men det gjorde framleis vondt. Eg byrja å stille krav. Eg ville jo ikkje sjå dritsekken att!
Det gjekk eit par år. Det var tilslutt han som reiste. Han tykte det var så vanskeleg å halde fram å vere ein del av familien når det var så mykje motvilje frå mi side. Akkurat på den tida trur eg mamma klandra meg litt. Heldigvis gjekk det ikkje lang tid før ho landa ho heller, og innsåg kva som hadde skjedd. Dette er seks år sidan, han ringjer ho framleis. Ho tek aldri telefonen.
Normaliserinsgprosessen i praksis
Viss nokon no tenkjer at mamma har behandla meg heilt forferdeleg, at ho burde ta ansvar som forsørgjar for å hindre at slike ting skjedde, så har eg ein ting å seie til dykk: De anar ikkje kva de snakkar om. Det er nettopp det normaliseringsprosessen handlar om: Å normalisere vald. Å innføre eitt element om gongen, å gradvis eskalere “jævligheita”. Mamma hadde mista kontakta med venene sine (“Eg vil ikkje vere aleine her medan du drikk raudvin og fjasar med venninna di! Kan du ikkje vere her i staden?”) og mista alt av sjølvtillit. Å sei at det er hennes feil, hennes ansvar, er å flytte skylda frå valdsmann til valdsoffer.
Tida gjekk. Eg sleit mykje med angst, dårleg sjølvtillit og distansering frå eigen kropp og eigne kjensler. Og eg var på veg rett mot min andre valdsutøvar.
Ein ny valdsutøvar
Eg fann meg ein kjærast. Eg var jomfru, han var eldre enn meg og eg kjente sommarfuglar innimellom, noko som var stort for meg sidan eg ikkje hadde klart å føle noko på fleire år. I byrjinga var det fint. Så flytta eg til Bergen for å gå vidare på skule, han vart att.
Det vart vanskeleg med avstanden, og mange gonger når eg ringte var han full. Han mista jobben, og eg byrja det tunge arbeidet med å få han på fote att. Eg flytta inn igjen hos han for å ta fagbrev i nærområdet. Han gjekk på sosialstønad og var avhengig av at eg forsørgja han. Sommarfuglane var borte for lenge sidan.
”Siste sjanse”
Av og til når eg kom att frå jobb var han full. Eg kjefta på han. Det gjentok seg. Heile tida tenkte eg: “Dette er siste sjanse. Ein gong til så reiser eg!” Men han fekk alltid ein sjanse til. Det byrja å gå dårleg for meg på jobb og fråveret eksploderte. Han drakk meir og meir, eg gav han fleire og fleire sjansar.
Ein dag eg kom heim hadde han teke amfetamin. Vi krangla, og han slengte meg veggimellom. Eg ropte på hjelp, og naboen kom til unnsetning og ringte politiet. Etter det vart politiet tilkalla nokon gonger i månaden. Til slutt orka eg ikkje meir, og flytta ut.
Alt skulle jo bli fint
Ting gjekk fint, eg var på jobb kvar dag. Så byrja han å komme på døra og be meg om å ta han tilbake. Først ein gong i veka, så kvar dag, så fleire gonger for dagen. Eg gav etter. Han skulle slutte å drikke, han skulle slutte med stoff, alt skulle bli fint.
I fem år haldt eg ut i eit forhold med ein person eg aldri elska. Han kutta meg av frå venene mine, snylta på løna mi, utøvde fysisk vald mot meg og valte alkoholen framfor meg. Men det skjedde så gradvis, millimeter for centimeter, at eg godtok det.
To gonger gjekk eg altså i normaliseringsfella. Eg er ikkje dum. Eg manglar ikkje sjølvinnsikt eller kritisk tenking. Eg har ikkje problem med menneskjelege relasjonar (eller, eg hadde ikkje det i utgangspunktet).
Skogen for berre tre…
Allereie medan eg framleis budde hjå mor mi og stefaren min, utdanna eg meg til instruktør i feministisk sjølvforsvar. Eg vart godt kursa i vald mot kvinner, og normaliseringsprosessen. BJELLENE RINGTE FRAMLEIS IKKJE!
Ver på vakt
For at vi skal kunne leve i eit samfunn utan vald mot kvinner, må vi endre haldningane hos menn, så dei sluttar å utøve vald. Eg vil plassere det ansvaret der det bør ligge. Men når det gjeld kvinner som allereie er i valdelege forhold er det viktig å vere merksam.
Informasjon og bevisstgjering om normaliseringsprosessen og vald mot kvinner, er ikkje åleine eit vern mot å gå i fella. Eitt av dei viktigaste stega i normaliseringsprosessen er å avgrense sosial kontakt. Når offeret har avgrensa kontakt med omverda, får ho ingen andre referansepunkt, ingen reality check.
Viss ei venninne byrjar å distansere seg frå vennekretsen, prøv å finne ut kvifor. Det sit mange vener og familiemedlem rundt omkring i landet med dårleg magekjensle og fæle mistankar. Sjekk det opp, gi uttrykk for bekymringa di.
Og aldri, aldri, aldri gje uttrykk for at offeret kan takke seg sjølv, når ho ikkje avsluttar eit forhold som heilt tydeleg er dårleg for ho. Ho er antakelegvis ikkje klar over det sjølv.
Bilde: The waiting room/domestic violence, Topeka & Shawnee County Library, CC BY NC SA 2.0
Godt innlegg! Har sitert deg i sak om såkalt husdisiplin. Lenke: http://www.desk.no/b/461/sla-kjare/
Vennlig hilsen,
Ingeborg Senneset, desk.no
@Ingeborgborg
Veldig bra skrevet! Takk for at du deler historien din, jeg trengte å lese denne teksten, og det tror jeg mange andre jenter gjør også.
Jeg er med helt til du sier at det som må gjøres noe med er holdningen til menn. Atter en gang er jeg som mann ansvarlig for alle rasshøla i verden. Holder det ikke at jeg føler skam når kvinner setter opp farten, bytter fortau eller på annet vi unngår en fordi en har gått i sine egne tanker en stund og ikke fått med seg at en “følger etter” noen? Holder det ikke at jeg stiller opp hver eneste morsdag til min mor, på tross av hennes oppdragelse som var preget av prinsippet at å gi sine barn en klem og trøst er feil? Holder det ikke at den store majoriteten av alle menn i dette landet tar kraftig avstand fra å utnytte de som er svake? Holder det ikke at jeg har stått som skjold mellom prostituert og hallik for å beskytte henne mot overgrep? Hva ER det med mine holdninger som mann jeg må endre på? Hvilke egenskaper har jeg som mann som ikke er gode nok?
Hvorfor må JEG, bare fordi jeg er mann, stilles til ansvar for en minoritet av menn sine handlinger? Som jeg startet med, du hadde meg helt til du la kollektivt ansvar på alle menn, og mennene alene. Det handler nemlig ikke bare om menn, men om hele samfunnet. Der inngår også kvinner! Dette handler om samfunnets holdninger, verdier og vilje til å se de mørke sidene. Det handler ikke om menn.
Eg meiner det er eit kollektivt ansvar å drive haldningsendrande arbeid retta mot menn, fordi menn som utøvar vald mot kvinner er eit gjennomgripande, strukturelt problem. Min situasjon er ikkje eit enkelttilfelle.
Eg meiner ikkje at det er din feil, personleg, fordi du er mann. Men menn som utøver vald mot kvinner er ikkje naudsynlegvis monster, eller sjuke, eller maktsjuke. Dei er som regel heilt vanlege menn, som har lært av samfunnet at kvinner er eigendelar som dei kan gjere som dei vil med, utan alt for store konsekvensar. Det er DERFOR vi må endre haldningane. Vi må reprogrammere samfunnet.
I tillegg til å lære opp gutar til å behandle jenter med respekt, må vi lære opp jenter til å behandle seg sjølv med respekt. Grensesetjing, informasjon om vald og byggjing av sjølvtillit og sjølvverd bør rettast mot dei.
Eit veldig bra innlegg, som det er godt at nokon er modig nok til å skrive. Men eg er også einig med CRVENA. Handlar dette berre om menn sine haldninar til kvinner? Er gift med ein mann som aldri har slått meg, men som blir så sint og snakkar til meg på ein så nedverdigande måte at han nesten like godt kunne gjort det. Eg har iallfall forstått kvifor kvinner ikkje flyttar frå valdelege menn. Når den mannen du valde fordi du syntest han var eit bra menneske fortel deg kor gale det er det du har gjort eller sagt, at du er eit elendig menneske, så må det jo vera noko i det… Det hadde ikkje gjort meg noko om Mulla Krekar meinte eg var ei dårleg kvinne, eg har jo aldri anerkjent hans grunnlegjande haldningar til korleis kvinner skal vera.
Nokre menneske har ein sjukleg trang til å kontrollere andre, gjerne eit resultat av sjølv å ha hatt ein vanskeleg barndom. Ein kan kontrollere andre både med vald, truslar om vald, med “psykisk vald”, ved å gje den ein vil kontrollere dårleg samvit fordi han eller ho ikkje tek nok omsyn til seg m.m. Å utøve fysisk vald er ein av fleire måtar å kontrollere andre menneske på. Menn reagerer oftare med vald enn kvinner, medan kvinner kanskje lettare er psykisk manipulerande? Dette er eg ikkje fagperson på, men ser at min mann blir kontrollert av mora si… Han vil ikkje sjå det. Ho redda jo hus og heim trass i den psykisk sjuke faren. Ho veit å minne han på kor stor takknemlighetsgjeld han står i til henne. Sine frustrasjonar lar han å ut over meg.
Eg søkte famliekontoret om hjelp. Eg lurte på om alle krava han stilte til meg var rimelege eller om eg var heilt på jordet. Eg fortalde blant anna om at han stod på julafta og heldt fram presang etter presang framfor meg, og stilte meg til ansvar for at eg ikkje hadde sagt til slekta mi at det ikkje skulle kjøpast leiker til jul. Ungane no til dags hadde for mykje leikar. Våre hadde lite, for det var bannlyst å kjøpe leikar.. Han rydda ein gong vekk halvparten av leikane til ungane (den eine kassen), fordi det var nok leikar. Han var rasande og nekta å fortelje kor han hadde gøymt kassen som inneheldt halvparten av puslespelbitane, traktoren som vi berre hadde tilhengaren til osb. Eg håpa historiene illustrerte at mannen min måtte ha eit underliggjande problem, at psykologen ville “friskmelde” meg som vart så ute av meg når han oppførte seg slik. (I følge mannen min hadde eg “dårleg psyke”, og det var ei belastning for han.) Men den gong ei, nøytraliteten er heilag på familiekontoret. Det ringde ingen bjøller hos psykologen. Eg fekk inga hjelp der til å tru at eg var normal. Og mannen min meinte at det beviste at han ikkje hadde gjort noko gale når dei ikkje sa det på familiekontoret.
Kanskje er det nokre fagfolk som bør endre tenkemåten sin? Ungane mine har ein uberekneleg far. Kva gjer det med dei? Men eg kjenner også menn som er gifte med ubereknelege kvinner. Terskelen er ikkje mindre for dei å søkje hjelp. Og faren for ikkje å bli trudd kan føre til at feil forelder, anten det er mor eller far, får foreldreretten. Angsten for at det (blant anna) kan gjera at ein ikkje tør setje i gong prosessen med skilsmisse.
Fysisk og psykisk vald er ulike utrykksmåtar, og utøvarane kan tilhøyre begge kjønn for begge deler… Det trur no eg.
Nei, de er ikke helt vanlig menn. Nei, menn lærer ikke at kvinner er menns eiendom. Vi lærer allerede opp gutter til å behandle ALLE med respekt. De problemene du mener finnes finnes ikke. Den absolutte majoriteten av menn vil ikke være i nærheten av å kjenne seg igjen i det bildet som tegnes av menn som overgripere. Det tristeste med det hele er at så lenge feministene fortsetter å male dette fiendebildet mot menn så vil en aldri klare å få gjort noe med de underliggende problemene. Problemene som handler om at de sterke har en plikt til å beskytte de svake. Enten den svake part er barn, kvinner eller menn.
Jeg kan for så vidt forstå hvorfor du tror problemene er slik som du tror, men som nevnt over, det eneste du oppnår med å tviholde på dette verdensbildet er å støte menn fra deg. De menn jeg kjenner og omgås privat er alle opptatt av mellommenneskelig respekt. Uavhengig av kjønn, alder, etnisitet og seksuell legning. I den verden jeg lever så dømmes og æres folk ut fra sine handlinger og ingenting annet. Derfor finner de menn jeg kjenner seg heller ikke i å bli ensidig omtalt som “fienden”. Vold i nære relasjoner handler ikke bare om menn sin vold mot kvinner og barn, men også om kvinner sin fysiske og psykiske vold mot menn og barn. Om en skal få gjort noe varig når det kommer til vold i nære relasjoner så må vi angripe problemstillingen slik at alle føler at de kan støtte opp om endringene som må til. Det vil aldri skje slik feministene ensidig ser på menn som årsaken til alle problemene.
<i>Derfor finner de menn jeg kjenner seg heller ikke i å bli ensidig omtalt som “fienden”.</i>
Crvena, kvifor synest du det er so viktig å vri diskusjonen over på at ikkje alle menn er overgriparar? (Det trur eg 99,99 % av alle feministar er klare over.) Og kva meiner du ein kan gjera for å få slutt på mishandling og vald i heimen? Er det feministane sin feil at ein ikkje klarer det?
@Synnøve
Det er viktig å vri på påstandene om at det er ensidig menn som må skjerpe seg. Vold i nære relasjoner handler om alle som involveres. Nære relasjoner er mellom enn og kvinner, kvinner og menn, menn og barn og kvinner og barn. Om en da ønsker å legge til rette for å bekjempe vold så hjelper det ikke å gjøre ett helt kjønn til fiender og ansvarlig, og så glemme å se på helheten. Det er som om en skal gi alle innvandrere ansvaret for alle overfallsvoldtektene begått av innvandrere, det henger rett og slett ikke på greip. Det er viktig å påpeke denne feilslutningen om at menn ensidig må ta et kollektivt ansvar, for n oppnår ikke annet en å støte fra seg menn. Hvordan skal det løse noe som helst?
Det finnes ingen fasit for hvordan en løser problemstillingen. Men det handler mye om hvordan vi oppdrar våre barn, hvordan menn og kvinner møter og snakker med hverandre. Det handler om de grunnleggende verdiene i samfunnet og om at vi alle må respektere hverandre. Det handler om å få lov å snakke uten å bli stemplet som det ene eller andre. Det handler i bunn og grunn de verdivalg vi alle gjør. Det handler om de grunnleggende verdiene i et samfunn. Det handler om psykisk helsevern fra barnehagen av. Det handler IKKE om at menn alene skal stilles til ansvar for hva en liten del avvikere er ansvarlige for.
Den eminente forfatteren av blogginnlegget skriver at “menn som utøver vald mot kvinner … er som regel heilt vanlege menn, som har lært av samfunnet at kvinner er eigendelar som dei kan gjere som dei vil med, utan alt for store konsekvensar”.
Kvinner slår og sparker like mye som menn. Menn har jevnt over mer punching power og står for den groveste volden. Men det er ikke vanlige menn (og kvinner) som banker løs på den nærmeste omgangskretsen. Vanlige sunne friske folk gir ikke partneren sin en springskalle selv om sistnevnte sølte øl på stuens bord. Vanlige menn lærer ikke at kvinner er bruksgjenstander som kan fikes opp etter eget forgodtbefinnende. Hvor tar du det fra?
Problemet med å skrive “mannlige overgripere” og “kvinnelige ofre” er ikke at “menn må ta ansvar for det Per gjør”, problemet er at det rett og slett ikke er feministisk.
Et offer er et offer. Når en gutt på ni år forteller at stefaren gjør seksuelle ting med (mot) han så tenker ingen, “nåh, det er jo bare en gutt så da er det ikke så farlig likevel, gutter tar jo ikke så stor skade av slikt”. Men når en mann på 29 år forteller at kona hans mishandler han hjemme, slår han, kan i verste fall finne på å stikke han med det hun har i hånden, gaffel, kniv, hva som, eller kaster ting etter han når hun blir sint, så tenker folk at, “jaja, men han er mann, han takler slikt”.
Menn og kvinner er like når det gjelder overgrep, på samme måte som gutter og jenter er det. Det er en vond og skrekkelig opplevelse. Å at på til ikke kunne fortelle noen om det i frykt for å bli latterliggjort, ledd av, og verst av alt, ikke trodd på… Vel, kvinner burde kjenne til hvordan det er, ikke sant?
Et offer er et offer. Å sette kjønn foran er på ingen måte feministisk. Det er å fortsette å være fanebærer for patriarkiet, å fortsette å tenke at kvinner er små, yndige, uskyldige, som må beskyttes mot farlige menn.
Eg kunne ha svart med ei lang utgreiing om kvifor vald i nære relasjonar også er eit problem for menn, og ein arena der menn bør ta ansvar, men Jackson Katz seier det så mykje enklare og betre:
http://www.ted.com/talks/jackson_katz_violence_against_women_it_s_a_men_s_issue.html?utm_source=facebook&source=facebook&utm_medium=social&utm_campaign=ios-share
Når det gjeld vald utøva mot kvinner, er det stort sett menn som utøvar den valden. Vald mot menn er og stort sett utøvd av menn. Ser du problemet her?