Solidaritet med Europa

Dette innlegget har tidlegare vore publisert på Nei til EUs gjesteblogg:

Å ha eit ”Nei”-klistermerke på bilen, det var skikkeleg bra. Det er det einaste eg hugsar frå EU-kampen i 1994. Eg var sju år gamal og skeptisk til alle dei som hadde ”Ja”-klistermerke. På den tida hadde foreldra mine svaret på alt eg lurte på, så om dei sa nei til EU, var eg også mot.

Den harde debatten

I etterkant har eg sjølvsagt skjønt at det aller meste av EU-debatten i 1994 gjekk over hovudet mitt. Det var harde frontar. Ord stod mot ord. Det handla om framtida og kvardagen til folk. Arbeidsliv. Distrikt. Folkestyre.

Tidlegare i haust sendte radioprogrammet Ekko på P2 eit gjenhøyr med ein av debattane om EU frå 1994. Der diskuterte Nei-dronninga Anne Enger og statsminister Gro Harlem Brundtland høgt kva som ville skje med det norske arbeidslivet dersom me blei med i EU. Her er eit utdrag:

Anne Enger: Det er en konflikt, selvfølgelig, mellom de som skal ivareta kapitalens interesser og arbeidernes interesser. Og derfor ligger det i dette konseptet, svekka faglige rettigheter. (…) Og jeg må si, at jeg synes det er trist, at Arbeiderpartiet har havna på feil side i kampen mellom arbeid og kapital.

Gro Harlem Brundtland: Her sitter Anne Enger Lahnstein og sier at det blir svekka faglige rettigheter. Det er feil! Det er feil! Det går ikke an at du sitter og sier dette etter at du har blitt arrestert så mange ganger på dette. Det er mange usannheter som har være spredd i denne diskusjonen, og vi har slitt livet av oss for å få ryddet dem ut. (…)

Klippet er artig å høyre, fordi det viser at politisk debatt har endra seg på desse åra. Men det er også tankevekkande. I ein debatt med så harde frontar, i eit så viktig spørsmål, er det relevant å sjå kva argument som stod seg for ettertida.

Mindre demokrati

No har det gått snart 20 år. Same år som Noreg sa nei til EU, trådde EØS-avtalen i kraft. Avtalen gjer at Noreg er med i EU sitt regelverk om fri flyt av folk, tenester, varer og kapital. Landbruk og fiskeri er utanfor avtalen, som likevel har hatt enorme konsekvensar for norsk politikk.

No kan norske veljarar påverke mindre av kvardagen sin gjennom val. Direktiv kjem utanfrå. Det norske demokratiet er svekka. I ei Norsk Offentleg Utgreiing som kom i år, stod det, svart på kvitt, at:

”Innenfor rammene av avtalene (EØS, Schengen, m.fl.) er Stortinget i realiteten ikke selv lovgiver, men må nøye seg med å gjennomføre regler som er utformet i EU. (…) Når Stortinget selv gir lover må man videre passe på at de nasjonale reglene ikke komer i motstrid med EU/EØS-retten, og dersom det skjer vil domstolene som hovedregel måtte gi EU/EØS-reglene forrang.” (NOU2012: 2, s. 821)

Det er harde ord.

Hardare arbeidsliv i Noreg

Eit av områda som særleg har blitt råka av EØS, er det norske arbeidslivet. EØS-avtala har gitt meir konkurranseutsetjing, auka vikarbruk og sosial dumping. Fleire direktiv har blitt tatt inn i norsk lov, og på den måten påverka norsk arbeidsliv. Vikarbyrådirektivet har ført til at reglane om vikarar og midlertidige tilsettingar kjem frå EØS, ikkje frå Stortinget.

Fleire direktiv har møtt motstand, som Postdirektivet, der Noreg brukte reservasjonsretten, men hovudbiletet er klårt. For deg og meg betyr EØS at tariffavtaler og andre rettar som har vore med på å gjere det norske arbeidslivet trygt, står i fare. Det betyr også at det er vanskelegare for norske veljarar å påverke reglane. For no er det ikkje lenger dei norske politikarane som avgjer. Anne Enger hadde altså rett i sine spådommar i 1994 om svekka faglege rettar.

Verre i Europa

For landa som blei fullverdige EU-medlemer, er situasjonen i arbeidslivet mykje verre enn i Noreg. No er 53 prosent av unge under 25 år i Spania utan jobb. I Hellas er talet 54. I EU 22,5 prosent. Euro-prosjektet, som Noreg ikkje har vore med på, har vore eit gedigent eksperiment med Europas framtid. Det har vore drive av ideologi og store visjonar, men for folk flest har kvardagen blitt vanskelegare.

Ungdommen har mista trua på framtida. Velferdstilbodet blir kutta i land etter land. At fredsprisen gjekk til EU, verkar i det lyset som eit stort paradoks.

Kva no?

Nei-sida laug ikkje i diskusjonen om EU og arbeidsliv. Men å ha rett i ein politisk diskusjon er ikkje det same som å vinne ein fotballkamp. Det er ikkje kult å sjå at ein har rett. At folk mistar trua på framtida. I EU-land blir offentleg sektor mindre og ungdom får ikkje jobb. Makt blir flytta frå mange til få. Eg har heller kjensla av å ha tapt ein fotballkamp.

No er det på tide å stå opp for eit anstendig arbeidsliv. Det bør bli enklare å få fast jobb, arbeidstida må vere regulert og sosial dumping må bli stoppa. Difor vil SV, og fleire forbund i fagrørsla, gå inn for at Noreg skal erstatte EØS-avtalen med ein meir avgrensa handelsavtale. Saka skal opp i LO-kongressen til våren.

At nei-sida fekk rett, gir oss ein grunn til å brette opp erma og jobbe vidare. I dag veit me, med fakta på bordet, kva som har skjedd med arbeidslivet gjennom EØS. Det bør vere grunn nok til å skape ei endring.

Bilete 1: Worn out European Blue flag av Horia Varlan (CC BY 2.0).

Bilete 2: SANY0028 av dltq (CC BY-NC 2.0) .

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website

One Comment

  1. Thomas Røst Stenerud 09/12/2012

    Er det ikke sånn at nei-sida fikk rett fordi nei-sida vant? At om vi hadde meldt oss inn i -94, så hadde norske representanter hatt noe å si på “lovene fra Brussel”?