Med tanke for lesaren

Bloggdebatten har rast dei siste vekene, og mange mammabloggarar har vist til at dei skapar glede på internett. Det har dei nok rett i. Samtidig bør det vere på tide å innsjå at mammablogginga også har andre konsekvensar.

Bloggarar påverkar lesarane sine. Det kan ikkje vere opp til lesaren åleine å vurdere kva delar av historia på bloggen som er truverdig. Dersom ein hektisk kvardag med full jobb, baking, bleieskift og køyring på fotballtrening blir presentert som problemfri på ein blogg, er det ikkje usannsynleg at lesarane kan tru at det er sånn det skal vere. Det styrkar forventninga til kvinner om å lukkast på stadig fleire område.

Fleire mammabloggarar har vist til at lesarane burde kunne skjønne at idyllen berre er ei side av historia. Så enkelt er det ikkje. Reklamebransjen er eit godt eksempel på at idylliske framstillingar av eit produkt får folk til å kjøpe meir av det produktet. På same måte vil mammabloggarar kunne påverka andre mødrer til å ville leve som dei. Det er eit ansvar mammabloggarar burde tenkje på. Og det kunne vere ein god grunn til også å skrive litt om utfordringar ved småbarnslivet, som til dømes Mammadamen gjer på ein fin måte.

Dersom ein tar eit steg attende frå mammabloggane, ser ein at dette også er eit generelt problem på internett. Mange av oss legg ut dei fine feriebileta på Facebook, mens dei mislukka blir liggjande på kameraet. Dersom internett blir ein stad der me berre deler det positive i liva våre, vil me skape uoppnåelege forventingar til kvarandre. På den måten kan delar av kritikken mot mammablogging også fremjast mot andre former for blogging og deling av informasjon på andre sosiale media. Unyansert internettlukke er nok med på å skape ulukke. Her burde fleire av oss gå i oss sjølv.

Mammablogging fortener likevel ein eigen debatt. For denne trenden har to særeigne tendensar som er urovekkjande for likestillinga.

For det fyrste er det stort sett kvinner som bloggar om familieliv. Difor er det bra med mannlege tilskot til fellesbloggverda, som viser at barn er eit felles ansvar. Dersom målet er at mor skal dele meir av ansvaret for heimearbeidet med far, er det problematisk om familielivet på nett stort sett blir fortalt frå mamma si side. Då verkar heimeansvar som ei kvinnegreie.

For det andre gir bloggane status til tradisjonelle kvinneaktivitetar som tar mykje tid, som til dømes å lage syltety med sjølvplukka ber eller å berre bruke heimebaka brød. Når andre kvinner opplever dette som reelle forventningar for å vere vellukka, gir det stress og press. Eg fryktar at dette presset kan få kvinner til å trappe ned på jobb, fordi alle forventningane er uoppnåelege å kombinere. For samfunnet vil det bety færre kvinner med samfunnsmakt, og mindre likestilling i praksis.

Konklusjonen bør ikkje vere at mammabloggarar bør slutte med hobbyen sin. Derimot bør dei sjå at dei påverkar lesarane sine og leggje inn litt ekstra omtanke. Dei kan tenkje på gleda og gjenkjenninga dei kan skape dersom dei innimellom fortel om då kakeglasuren ikkje blei så vellukka. Det treng ikkje vere meir som skal til.

PS: Les også Diskusjon over ein kaffekopp om samme tema.

 

Bilete: Jam end-productav Treehouse 1977. (CC BY-SA 2.0). 

 

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website

2 Comments

  1. Ellen 03/08/2012

    Jeg mener at mange kunne ha godt av å lese Kristin Briseids bok “Likestillingslykke”. Den kan kaste et interessant lys over en hittil temmelig forutsigbar (blogg)debatt!!

  2. Marit 12/02/2013

    “For det andre gir bloggane status til tradisjonelle kvinneaktivitetar som tar mykje tid, som til dømes å lage syltety med sjølvplukka ber eller å berre bruke heimebaka brød. Når andre kvinner opplever dette som reelle forventningar for å vere vellukka, gir det stress og press. Eg fryktar at dette presset kan få kvinner til å trappe ned på jobb, fordi alle forventningane er uoppnåelege å kombinere. For samfunnet vil det bety færre kvinner med samfunnsmakt, og mindre likestilling i praksis.” 
    Jeg er enig i at bloggerne som inviterer lesere inn i sin familiehverdag, også burde vise mer enn bare fasaden av hverdagen. MEN: Er det så galt om mammablogger fører til at flere kvinner jobber deltid, eller rett og slett velger å bli hjemmeværende? Kvinner blir diskriminert uansett, enten de jobber ute eller hjemme. Kvinner og menn som ønsker å være hjemme med barn, må for søren lov til å gjøre det uten å bli sett på som late. Å ta seg av sine egne, små barn er å gjøre samfunnet en tjeneste! Barnehager er generelt sett IKKE til for ettåringer, de er til for at mor og far skal jobbe. JA, barnehager er flott for barn som kommer fra ressurssvake hjem, men de aller fleste som voksne som har satt barn til verden i Norge har mer enn god nok kompetanse til å gi barna sine både trygghet og stimuli i egne hjem. Det er nok av møteplasser hvor små barn kan leke med andre jevnaldrende. Dessuten, 1-2åringer trenger ikke andre barn, like mye som de trenger nærværet av sine egne foreldre! Forskning viser at ettåringer ikke forstår at mamma og pappa kommer tilbake senere når de blir etterlatt i barnehagen kl 07.30 om morgenen, før mor eller far haster ut av døren. De har rett og slett ikke utviklet det begrepet om tid, og dette er traumatisk for ettåringen. Dagens likestilling er rett og slett undertrykkende både for mor/far og ikke minst, barna.