Foreldre bør kunne ha alt
Ein ny likestillingsdebatt er i gong, starta av amerikanske Anne Slaughter. Ho skreiv artikkelen Why women can`t have it all i The Atlantic. Rekordmange leste artikkelen, og no rasar debatten i mange land. Debatten har forgreina seg og handlar om mange ting på ein gong.
Det er vanskeleg å kommentere alt, så dette innlegget handlar om Slauthter-debatten og det norske arbeidslivet.
Den amerikanske toppleiarkvardagen: Kvinner kan ikkje kan ha alt.
Slaughter skildrar den hektiske kvardagen ho hadde som direktør for politisk planlegging i det amerikanske utanriksdepartementet. Ho vekependla til jobben og rakk så vidt å møte ungane i helgene, mellom telefonkonferansar og lesing av rapportar. Ho kom alltid for seint frå jobb til å kunne handle i noko anna enn døgnopne butikkar. Ho stod i fancy middagsselskap med mektige folk og klarte ikkje å tenkje på noko anna enn sonen som var heime og sleit på skulen. Ho klarte ikkje å følgje opp sonen og gjere ein god jobb samtidig.
Konklusjonen hennar er at det i USA er umogleg for kvinner å kombinere leiarjobbar med familieliv. Difor har ein veldig få kvinnelege toppleiarar i dag. Dei få kvinnene som har topposisjonar har ein enorm arbeidskapasitet. Og dei aller fleste har ikkje ungar. Altså, kvinner kan ikkje ha alt, skriv Slaughter.
Dette hovudpoenget har i etterkant blitt direkte overført til norsk debatt om arbeidsliv generelt. Stemmer dette?
Den norske arbeidskvardagen
For det fyrste må ein forstå konteksten teksten er skrive i. Slaughter skriv sjølv at det handlar om kvardagen til ei ganske lita gruppe, nemleg kvinnelege toppleiarar i USA. Dette er temmeleg fjernt frå ein vanleg norsk arbeidsdag. Det er skilnad på å jobbe og å satse på toppleiarkarriere. Likevel har norske debattantar tatt Slaughters innlegg til inntekt for at kvinner burde slutte å jobbe, fordi noko anna er skadeleg for barna. Det er sant at Slaughter trappa ned frå si toppstilling, men det var til ei anna full stilling ved universitetet, der ho slapp å pendle og jobbe døgnet rundt.
Laila Fresjarå Foldvik ser ut til å ha oversett dette. Ho har tatt utgangspunkt i Slaughters innlegg og skrive i Aftenposten at:
Den feministiske ønskedrømmen om at ungene klarer seg uansett hvor lite omsorg de får, viser seg igjen og igjen å ikke å ha sin rot i virkeligheten. (…) For å etablere trygg tilknytning er masse tid med mor spesielt viktig de to første leveårene.
Vel, her er ein reality check til Foldviks analyse. Feministar har aldri, som eg har sett, drøymt om at ungar kan klare seg uansett kor lite omsorg dei får. Feministar har derimot stått på barrikadane for rett til barnehageplass, eit tilbod som gir ungane eit godt omsorgstilbod, samtidig som foreldra kan jobbe. Forsking viser at barnehage påverkar ungane på positivt (sjå punkt 7.4 i lenka). Me har i Noreg 8-timarsdag, rett til barnehageplass, gode permisjonsordningar og solide feriar. Denne typen tiltak er noko av det Slaughter etterlyser i USA.
Slaughters tekst kan heller bli sett på som ein kritikk mot ei feministisk grunnhaldning som har blanda seg med slagordet om den amerikanske drømmen, kvinner kan få alt om dei berre er tøffe nok og jobbar hardt nok.
Slaughter viser til eigne og andre sine erfaringar og viser at dette berre ikkje stemmer. Her er det ikkje berre opp til individet å jobbe hardt nok og planlegge godt nok, så vil alt gå bra. Ho viser til at det politiske systemet, presset og forventningane i arbeidslivet gjer dette umogleg. Løysinga må altså kome frå kollektivt nivå – dei må finne felles ordningar som gjer det mogleg å jobbe og vere mor samtidig. Her har Noreg kome mykje lenger enn USA, og det poenget ser ut til å gleppe for nokre av dei norske debattantane.
Derimot ser det ut til at fleire norske debattantar er ute etter å påføre skyld på arbeidande kvinner. Olav Kandal skriv i Dagbladet:
Men debatten innebærer en erkjennelse av skyld, og det syntes jeg er interessant. Kanskje er det flere feminister som nå føler en slags skyld, og at de nå opplever at denne kampen ikke bare har vært til det bedre for samfunnet.
Å gi kvinner dårleg samvit for å jobbe må vere noko av det mest bakstreverske ein kan gjere i ein likestillingsdebatt. Kan me ikkje kome til felles semje om at både kvinner og menn bør ha fridom til å jobbe, samtidig som ungane må få eit godt omsorgstilbod?
Eit foreldreansvar, ikkje eit kvinneansvar
For det andre blir det feil når denne debatten blir klistra tett opp til norske kvinner. Ja, det går sakte, men i Noreg går me faktisk gradvis mot meir likestilling i heimen (og det er verdt eit lite hurra!). Det betyr at mange er to om foreldreansvaret. Det blir mindre ansvar på mor enn før, og det blir meir på far. I ein politisk kvardag der likestilling er målet, og der alle bør ha like sjansar, bør det relevante spørsmålet heller vere: Kan norske foreldre ha alt? Kan dei jobbe og vere foreldre samtidig?
Det norske samfunnet har sett ein enorm omvelting dei siste generasjonane, der fleirtalet av kvinner har gått frå å vere husmødrer til å jobbe. I dag er det ein halv million fleire som jobbar i Noreg enn det var for 20 år sidan. At norske kvinner er med i arbeidslivet, gir minst like mykje inntekt til Noreg som olja. Det er ein enorm styrke for velferdsstaten.
Samtidig har ikkje arbeidskrava heime forsvunne. Ja, me har fått støvsugar, oppvaskmaskin og tørketrommel, men ein vanleg småbarnsfamilie må uansett bruke mange timar heime i veka berre for å halde hjula i gong med mat, klesvask, oppvask og rydding. Desse tinga må framleis skje, sjølv om både mor og far jobbar.
Nokre foreldrepar opplever småbarnssituasjonen så stressande at nokon må trappe ned på jobben. Og diverre er det veldig ofte kvinnene som må gå over i deltid. Det er lett å skjønne at dette er praktisk når mor allereie tener mindre enn far. Det er lett å skjønne at dette er det enklaste når me alle har vakse opp i ein kultur der hushaldningsarbeid ofte er sett på som ”typisk kvinneleg”. Vidar Ruddox bommar på målskiva når han skriv i Aftenposten at deltidsarbeidande kvinner kan bli forklart med biologi. Sorry, men her handlar det om pengar og kultur.
I Noreg er det to ting hovudproblem som peikar seg ut i denne debatten. Problem 1 er at me har eit arbeidsliv som ikkje er tilpassa småbarnsforeldrelivet i stor nok grad. Problem 2 er at dette i større grad råkar kvinner enn menn.
Det er nemleg kvinnene som tapar på at dei må trappe ned i jobben. Det er kvinnene som får lågare inntekt. Det er kvinnene som får dårlegare pensjonsvilkår. Det er kvinnene som stiller dårlegare på jobb når nokon skal forfremjast. Det er kvinnene som har mindre økonomisk fridom til å flytte frå ektefellen, dersom han skulle bli valdeleg eller forholdet skulle ta slutt. Det er urettferdig, for ungar burde vere eit felles ansvar mellom foreldra.
Politikk må til
Desse problema bør bli løyste på samfunnsnivå. Me må finne gode politiske tiltak. Gail Dines skriv i ein kommentar til Slaughter godt om korleis me må finne løysingane som gjer arbeidskvardagen enklare for dei store gruppene med arbeidande kvinner. Dersom me løftar blikket til samfunnsnivå, ser me at det blir mindre felles pengar til velferd om kvinner vel å jobbe mindre. Og me ser at det er ei ordning kvinner taper økonomisk på. Målet må vere delt foreldreansvar mellom kvinner og menn. Det må bli enkelt for både mor og far å jobbe, samtidig som ungane får god omsorg.
Far bør i enno større grad bli sett på som ein omsorgsperson, med alt ansvaret som høyrer til. Pappapermen er eit flott steg på vegen. Kvinnedominerte yrke bør få eit lønnsløft. Og dersom tida ikkje strekk til når både mor og far er like aktive i omsorgsarbeidet, er det eit problem for begge to. Då bør konklusjonen til Slaughter få ei omformulering: det er i så fall foreldre som ikkje kan ha alt.
Det er nemleg sånn at det er arbeidande folk som er den viktigaste ressursen i Noreg. Barnehagebygging og permisjonsordningar har vore viktig for at dette skulle skje. No bør me ha kome så langt at me kan seie at både kvinner og menn bør jobbe. Både mor og far bør ha det praktiske foreldreansvaret. Foreldre bør kunne ha alt, både ungar og jobb.
Slaughter-debatten viser at me likevel ikkje har kome langt nok. Meir likestilling og eit inkluderande arbeidsliv for småbarnsforeldre generelt må vere vegen vidare.
Bilete 1: Baby and godmother av kton25 (CC BY-NC-ND 2.0).
Bilete 2: 96th street subway, uptown side. Oct 2009 – 15 av Ed Yourdon (CC BY-SA 2.0).
Bilete 3: Mother and son washing the car av sean dreilinger (CC BY-NC-SA 2.0).
Bilete 4: Typical av Crazybananas (CC BY-NC-ND 2.0).
supert innlegg Trine. det første jeg tenkte var at all den tid dette er en problemstilling som gjelder kvinner, og ikke begge kjønn like mye, har feminismen fremdeles mye for seg. For som du sier burde det handle om hvorvidt begge foreldrene kan få begge deler. hjelpesbevares. kjempebra at du svarer på denne debatten, fordi det er helt bak mål å overføre forhold i andre land direkte hit og si at dette illusterer at feminismen har tatt feil. Det dette illusterer er at vi trenger mer likestilling, ikke mindre.
Slaughter tar for seg kvinnelige toppledere og at de ikke kan ha alt. Du konsentrerer deg mer om debatten i ettertid som tar for seg arbeidslivet generelt. Greit nok, men vedr. din siste setning: “Meir likestilling og eit inkluderande arbeidsliv for småbarnsforeldre generelt må vere vegen vidare.”
Mener du også at vi må ha et mer inkluderende arbeidsliv for småbarnsforeldre som er toppledere?
Skal toppledere også kunne få alt? Menn har som kjent vært toppledere i årevis uten at noen har protestert høylytt på at de har for lite tid til å være sammen med familien.
Hvorfor begynner jeg å tenke på Finn Kalvigs “Aldri ride ranke”?
Knut: Så det du sier er at det er flott at feminismen endelig tar et tak for å likestille menn og kvinner? Dette er noe du har ventet lenge på skjønner jeg? :)
@Malin: Takk skal du ha! :)
@Knut: Takk for spørsmålet. Du har rett i at det var ein del av debatten eg ikkje gjekk inn i, rett og slett fordi innlegget då ville blitt for langt.
Tida er forbi der ein kan stille krav om at ein toppleiar kun skal vere toppleiar, og berre det. Ein føresetnad for at det har gått tidlegare, har vore at dei aller fleste toppleiarar har vore menn (eller kvinner utan barn), og dei fleste av desse mennene har hatt ei kone heime som kan stryke skjorter, lage middag og vaske. Og sånn er det i færre og færre familiar no. Og så trur eg familiemedlemene lett har protestert på at mannen alltid har vore borte, men dette har vel ikkje alltid kome på trykk i avisa og blitt synleg for resten av verda.
Me mistar masse flinke toppleiarar om me ikkje opnar for at dei kan vere foreldre samtidig. I politikken har me dei siste vekene sett at også menn har takka nei til attval pga småbarn (som kvinner har gjort i tiår allereie). Det viser at likestillinga har kome lenger, og det er bra, men samtidig er det alvorleg for politikken om me ikkje klarer å tilretteleggje for at politikarar kan vere foreldre samtidig. Det er også eit problem i lokalpolitikken, der mange er aktive før dei får ungar, men forsvinn etterpå. I lokallaget mitt har me mange aktive i 20-åra og i pensjonistalderen, men få i mellom. Småbarnsforeldre er ei viktig gruppe å ha med i politiske verv, både for at andre i same gruppe skal sjå at dei er representerte, og for at desse er ei gruppe som er innom ein stor del av velferdstilbodet vårt over få år (sjukehus, helsestasjon, barnehagar og skular). Den kunnskapen er det viktig at politikarane har, sånn at dei har eigne erfaringar om kva som funkar og ikkje i systemet som det er. Så svaret mitt er ja, me må ha eit meir inkluderande arbeidsliv også for toppleiarar.
@Trine
Takk for fyldig og informativt svar. Jeg synes det er prisverdig at noen vil ta opp kampen for at også toppledere skal kunne ha 37,5-uke eller noe i den duren, men den kampen er nok langt vanskeligere å vinne enn det å sikre tilsvarende rettigheter for oss vanlige arbeidstakere. Arbeidsmiljøloven har vel noen bestemmelser vedr. maks antall timer det er lov å jobbe pr. uke over tid. Av en eller annen grunn virker det som om politikere er av den oppfatning at loven ikke gjelder for dem samt for personer i diverse andre ledende stillinger rundt omkring.
Grunnen til spørsmålet mitt i den opprinnelige kommentaren var at jeg undres over at kjønnsperspektivet først trekkes inn når kvinner blir “rammet”. Dette er jo ikke et likestillingsspørsmål da begge kjønn rammes på samme måte: ‘topplederliv inkompatibelt med familieliv’.
Knut: Den logiske tankerekken du fremstiller er at det finnes kvinner som er toppledere som ikke kan både ha familie og gi 100% i jobben sin, derfor reagerer feministene. -Slik situasjonen er som jeg oppfatter den så er det slik at kvinner i topplederjobber ikke kan ta seg av både familie og gjøre jobben sin 100%, dette brukes som argument av antifeministene mot at kvinner skal jobbe (i det hele tatt!), dette er det som feministene reagerer på.
Så enkelt er det. :)
Enig i problem 1 og 2. Altså forholdene bør tilrettelegges for at mor og far i fellesskap skal finne den beste løsningen når kabalen skal gå opp. En politikersoppgave fremover…Så kan målskiva bli truffet for alle individuelle individer og familier individuelt :)
@Andreas. Du har rett i at jeg oppfatter debatten slik at det er feministene som reagerer på Slaughters “funn”, og at det er merkelig at de ikke har problematisert dette tidligere – for begge kjønn. Er det derimot slik du oppfatter det, at det er antifeministene som tar Slaughters artikkel til inntekt for et syn på at kvinner ikke skal jobbe, så er det i mine øyne et mindre problem. Med mindre de nevnte antifeminister faktisk er i posisjon til å ansette folk.