Den partiske kommentatoren

Dei politiske kommentatorane har blitt stadig viktigare dei siste åra. Rolla deira er problematisk av fleire grunnar. Fyrst kan me jo sjå på kva som skjedde då Elisabeth Skarsbø Moen og Kyrre Nakkim fekk mikrofonen eit stykke ut i Debatten på NRK førre torsdag.

Debatten på NRK
38 minutt ute i partileiardebatten fekk kommentatorane ordet. Under ei kappe av nøytralitet leverte dei politiske påstandar på rekke og rad.

Eit fyrste eksempel var då Elisabeth Skarsbø Moen sa at norske veljarar ”ser sine eldre lide på sjukeheim og ikkje få plass”. Er det verkeleg sånn? Svaret avheng av kven du spør og er djupt politisk. Regjeringa har ei interesse av å vise dei positive sidene av helse-Noreg, for å vise dei positive tiltaka dei har gjennomført dei siste åra. Opposisjonen vil vise dei negative sidene, for å vise at det trengst ei politisk endring. Sanninga ligg ofte ein plass midt i mellom. Delar av eldreomsorga fungerer godt, mens andre delar bør bli mykje betre. Moen tok her på seg hatten ”analytikar av norske veljarar” og tok kraftig stilling. Norske veljarar meiner at dei eldre lid, i følgje Moen.

Det er vanskeleg å vite kva Moen baserer påstanden sin på. Det kan vere ho har lest forskingsrapportar eller snakka med mange veljarar. Det kan også vere at ho synsar ut i frå eigne politiske synspunkt. Ingen spør.  Kommentatorane har rolla som nøytrale faktaleverandørar.

Eit anna eksempel leverte Kyrre Nakkim få minutt seinare, då han kommenterte eit mogleg regjeringssamarbeid mellom Høgre og Framstegspartiet. Han meinte veljarane ikkje var så redde for Frp lenger, for:

– Nå har de Erna som garantist. Og Erna Solberg skremmer ingen.

Vel, det er også eit politisk spørsmål. Sjølv er eg skremt over politikken Solberg står for, som betyr kutt i sjukelønn, meir midlertidige stillingar og store skattekutt. Men igjen får ein kommentator kome med politisk lada påstandar og presentere dei som fakta. Ingen sjekkar om norske veljarar er redde for Erna Solberg.

Problemet er ikkje påstandane i seg sjølv. Problemet er situasjonen påstandane kjem i, som legg opp til at dette er svar ein kan setje to strekar under.

Ikkje nøytralt
På NRK har dei politiske kommentatorane ei slags observatørrolle. Dei skal observere politikken og forklare til sjåarane og lyttarane kva som eigentleg skjer. Her formar dei inntrykket av korleis politikarane har prestert i debatten. Dei analyserer om dei har gode eller dårlege argument og fortel kva politikarane eigentleg meiner.

Kommentatorane blir på den måten eit slags filter mellom politikarane og folket. Folket treng ikkje sjølv avgjerde kven som gjorde det bra og hadde gode poeng i TV-debatten. Kommentatorane gjer det for dei. I avisene kastar dei terning. Då skal sjåarane og lesarane vere kritisk innstilte til kommentatorrolla eller vere veldig trygge på eige syn for ikkje å bli påverka. Kommentatorane får ein enorm definisjonsmakt.

Desse politiske TV- og radiodebattane, der politikarane fyrst debatterer og kommentatorane etterpå vurderer og kjem med ”nøytrale” konklusjonar, er baserte på eit falsk premiss. For konklusjonane og vurderingane er ikkje nøytrale. Dei er politiske. Og i etterkant blir dei ikkje kontrollerte og diskuterte av media på lik line med påstandane politikarane kom med i debatten.

Det handlar om makt
Før stortingsvalet i 2009 var kommentatorane med i 32% av valsendingane til NRK. Dei kan ha like mykje sendetid som ein partileiar i ein partileiardebatt. Og dei får snakke på ein måte som ikkje opnar for diskusjon, men som skal vere ”fakta”. Det betyr at dei sannsynlegvis får meir gjennomslag i stua enn politikarane, som må diskutere påstandane sine.

Ein enkelt kommentator kan altså ha meir makt enn ein enkelt partileiar når det kjem til å forme sjåarane sine inntrykk av ein TV-debatt. Samtidig sit kommentatorane mykje tryggarane enn politikarane. Dei er der fordi dei har blitt tilsette i ein god posisjon i ei avis, ikkje fordi dei er folkevalte. Sjåarane kan ikkje velje bort kommentatorane dei er usamde med, med mindre dei skiftar kanal.

Spelet, ikkje sakene
Kor mange gongar har ein ikkje høyrt kommentatorar vurdere om dei borgarlege vil samarbeide i regjering i 2013? Kommentatorane har ein tendens til å snakke mykje om politisk spel, og lite om politiske saker. Spørsmålet fyllar sending etter sending, og det kjenst som om det blir tatt opp i Politisk kvarter på P2 kvar morgon. Det har utvikla seg til ein såpeopera, eller ei sladrespalte.

Forskaren Toril Aalberv ved NTNU har vist at veljarane er meir interesserte i å høyre om politiske saker enn om politisk spel. Media burde ta folket på alvor og endre kurs.

Kva skal kommentatorane gjere då?
NRK burde gi politikarane meir tid til å diskutere politikk, og dei burde gi mindre sendetid til politiske kommentatorar under og rett etter politiske debattar. Det betyr ikkje at politiske kommentatorar ikkje kan ha ei rolle eller gjere bra ting. BT si side faktasjekk.no, som diverre berre blir oppdatert i valkampane, er eit godt førebilete, der dei går politikarane i saumane. BT sjekkar kor argumenta til politikarane kjem frå og ser om dei stemmer. Nokre gongar er det litt sant og litt usant. Då skriv BT det. Og dei viser til kjelder. BT meistrar her å gjere lesaren klokare og halde fokus på sakene. Det kan gjere det enklare å velje parti basert på saker, ikkje berre på ullen kommentatorsynsing. Då vil ikkje dårlege argument halde i lengda.

For at politikken skal vere demokratisk, er det eit poeng at folket skal ha best mogleg utgangspunkt for å velje. I dag har me eit kommentatorkorps som legg mange føringar for dette valet, utan at det er organisert på ein særleg demokratisk måte.

No er det på tide at media droppar den partiske kommentatorsåpeoperaen. Dei bør ta dei politiske sakene og maktkritikken attende.

 

Bilete 1: Bilete av skjermen, www.nrk.no

Bilete 2: dice another day av topher76 (CC BY-ND 2.0)

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website

2 Comments

  1. Synnøve 03/06/2012

    Veldig bra innlegg!

  2. trine
    trine 03/06/2012

    Takk!