Skru av lyset

På Maddam har me tidlegare hatt fleire postar om miljø- og klimaspørsmål.

Sunniva har skrive om klimakutt, Arnold Schwarzenegger som Climate action hero og trikken i Oslo. Ingvild R. har stilt spørsmålet: Driter de unge i klimaspørsmål? Desse innlegga har til felles at dei stør ein tydeleg miljøpolitikk.

Halv ni i kveld er det Earth Hour, planeten sin time. Arrangør WWF skriv at organisasjonar, selskap, symbolbygg og vanlege folk då vil skru av lyset i ein time for å vise at dei vil “gjøre mer for klimaet også de andre dagene i året“.

Maddam vil gjerne vere med og arbeide mot klimaendringar året rundt. Difor slukkar også me lysa klokka 20.30 i kveld.

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website

Comments are closed.