Kjærleik gjer blind
Eg har no kome i den alderen der vener og kjente støtt og stadig fortel at dei skal bli foreldre. Dei vil nok få det enklare enn dei som blei foreldre tidleg på 2000-talet. Regjeringa, med SV i front, har nemleg gjennomført eit imponerande barnehageløft. 72 000 fleire barn kan gå i barnehage i dag enn i 2003. Plassane har også fått ein makspris. Det gjer utgiftene føreseielege og overkommelege for foreldra. Den store satsinga gjer at foreldre i større grad enn før kan organisere kvardagen som dei vil.
Barnehageløftet har kome frå regjeringsnivå, men er avhengig av at kommunane samarbeider. I min kommune, Oslo, vil det bli fleire innbyggarar dei neste åra, og mange av desse er barn. Difor kan ikkje Oslo-politikarane no seie seg ferdige med barnehagesatsinga. Dei må fortsetje.
Høgre, det største partiet i byrådet i Oslo, ser ut til å ha valt satsingsområde i barnehagepolitikken: Privatisering. Dei ser ut til å ha forelska seg i det tiltaket, både når det kjem til eldreomsorg, trikken og t-banen, kinoen og barnehagane. Dei skriv dette på sin barnehageportal:
Byrådet skal legge til rette for at en større andel av barnehageutbyggingen foretas i privat regi.
Eg er bekymra for kva dette vil gjere med kvaliteten på barnehagane. Regjeringa har vore avhengig av både private og kommunale barnehagar for å få til barnehageløftet. Men dersom ein kan velje, bør kommunale barnehagar vere å føretrekke. Telemarksforskning har vist at private barnehagar har færre tilsette per barn. Dei tilsette har også lågare lønn og dårlegare pensjonsavtaler. Dei private eigarane bruker faktisk 22 000 kroner mindre per barnehageplass enn kommunane gjer. Det meste av desse pengane går til å redusere lønna til dei tilsette. Pensjonen blir også kutta. Fagforbundet kallar det difor pensjonsran når ein kommunal arbeidsplass blir privatisert.
Overskota til desse barnehagane går ikkje til auka velferd. Det blir profitt. Private barnehagar tok ut over 600 millionar i overskot i 2010. Det er usolidarisk av byrådet i Oslo å arbeide for at ein skal ta frå dei barnehagetilsette, ei viktig gruppe som allereie har låg lønn, samtidig som offentlege pengar går rett til privat profitt. Det er dårleg politikk å redusere tilbodet til barna, for å kunne knipe inn nokre kortsiktige prosentar på barnehagebudsjettet.
Når ei yrkesgruppe får lågare lønn, gir det yrket lågare status. For å trivst på jobb, er det utruleg viktig at nokon verdsett det du gjer. Lønnskutt sender ikkje akkurat eit sånt signal. Derimot sender det signal om at jobben du gjer, ikkje er så viktig. Det gir ikkje motivasjon for ein ekstra innsats. Sannsynlegvis vil privatiseringsromantikken gjere at ein mistar flinke førskulelærarar, som vil gå over i andre, betre betalte yrke. Det er openbart dårleg for barnehagane.
Det er ikkje berre dei tilsette som tapar på denne politikken. Barna, hovudpersonane i barnehagepolitikken, vil ende opp med eit dårlegare barnehagetilbod. Foreldra vil kunne få mindre tillit til plassen der dei sender barna sine fem dagar i veka. Denne tilliten er viktig for at barnehagen skal vere eit reelt alternativ.
Eg er glad for at venene mine i dag har garantert barnehageplass for barna sine. Likevel er eg bekymra for barnehageframtida i Oslo. Eg fryktar at Oslo-barnehagen vil bli prega av lønnskutt, færre vaksne og dårlegare kvalitet enn før. I staden burde byrådet snu på flisa. Førskulelærarar og andre barnehage tilsette burde få høgare lønn. Me burde få fleire, ikkje færre, til å velje å jobbe i barnehagar. Då må Høgre-byrådet opne auga og innsjå at kjærleiken deira til privatisering ikkje er til det beste for verken barn, foreldre eller tilsette i barnehagane. No verkar det som om byrådet sin privatiseringskjærleik gjer dei blinde for konsekvensane av eigen politikk.
Bilete 1: Australia, Melbourne: When love… av kool_skatkat (CC BY-NC-ND 2.0) .
Bilete 2: Barnehage (17) av Bærum Kommune (CC BY-NC 2.0).
Om forfatteren

trine
Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.
Related Posts
-
Dag og natt: Serien som treffer godt også her til lands
Den trønderske sommeren har ikke vært mye å skryte av, men heldigvis har jeg en digg sofa og tilgang til mange strømmetjenester på TVen. Så […]
Vi må gjere meir for å beskytte Ukrainske familier, kvinner og barn
Russlands invasjon av Ukraina har ført til at millionar av menneske er på flukt internt og inn i Europa, og vi står ovanfor den største […]
Comments are closed.