EØS og likestilling

Hildegunn Gjengedal og Marianne Granheim Trøyflat frå Nei til EU gjestebloggar:

Europautredningen har no levert sluttrapporten «Utenfor og innenfor», NOU 2012: 2. Utvalet hadde i oppdrag å vurdere «konsekvenser av EØS-avtalen», vel å merke ikkje alternative måtar å samarbeide med EU på. Ein tydeleg konsekvens av EØS-avtalen er innstrammingar innan likestilling og kjønnskvotering. Konstruktive tiltak som øyremerking av vitskaplege stillingar og stønad til kvinnelege gründerar har vorte underkjent av ESA og EFTA-domstolen, og forboda har lagt lista for kor langt ein kan gå på feltet i framtida.

 Ein tydeleg konsekvens av EØS-avtalen er innstrammingar innan likestilling og kjønnskvotering.

Etter at Universitetet hadde lyst ut vitskaplege stillingar øyremerka kvinner, slo EFTA-domstolen i 2003 fast at dette var i strid med EU sine krav til likehandsaming. Domstolen meinte ikkje at grunnlaget for å «diskriminere» var godt nok, mellom anna fordi det «i prinsippet måtte vera ei mulegheit for at den best kvalifiserte kandidaten fekk stillinga». Med andre ord eit forbod mot absolutt kjønnskvotering.

Berre ein av fire som starta eiga bedrift var kvinner.

I 2008 vart eit tiltak for å tilretteleggje for kvinnelege entreprenørar stoppa med heimel i EØS-avtalen. I lys av den skeive kjønnsfordelinga blant entreprenørar i Noreg, presenterte regjeringa ein handlingsplan for å få fleire kvinnelege entreprenørar. Bakgrunnen var openbar. Berre ein av fire som starta eiga bedrift var kvinner. Som startkapital satsa kvinner i gjennomsnitt 15 000 kroner av eigne pengar, medan menn satsa 50 000 kroner.

Tiltaket var ei ny stønadsordning for småbedrifter i utkantstrok. Søknader frå kvinner skulle leggjast øvst i søkarbunken, og var eit enkelt grep for å jamne ut skilnader mellom kjønna. Slik positiv særhandsaming er heimla i nasjonal lovgjeving gjennom likestillingslova §3. Men ESA kunne ikkje godta dette, og meinte tiltaket var i strid med EU sitt likestillingsdirektiv som krev lik handsaming av kvinner og menn.  Du kan lesa om liknande saker i Nei til EU sitt Vett-hefte: «Kvinner i krise – EU og likestillingspolitikk».

Europautredningen gjer ingen forsøk på å underslå desse sakene. Det som likevel blir framheva som mest problematisk, er at Noreg ikkje er nok integrert i EU-samarbeidet. NOUen omtalar ei sak der Noreg har takka nei å vera tilknytt EU sitt nye Likestillingsinstitutt på grunn av manglande høve til å delta i styrande organ. I følgje utgreiinga har Noreg vanlegvis fått innvilga observatørstatus til styret i dei EU-byråa der vi har delteke, men dette blir vanskelegare etter kvart som EU får fleire nye medlemsland. Slike påpeikingar av vanskar med å stå utanfor er symptomatisk for heile utgreiinga.

Det er på høg tid med seriøs debatt om EØS-avtalen.

Det er på høg tid med seriøs debatt om EØS-avtalen. Prosjektet Alternativer til dagens EØS-avtale vil om kort tid supplere Europautrendingen med ei framstilling av mulege alternativ til EØS. Nei til EU deltek i dette prosjektet saman med ei rekkje andre organisasjonar, mellom anna El og IT, For Velferdsstaten og Fellesforbundet.

EØS-avtalen er eit åtak på norsk folkestyre og likestilling. Sjølv om EU/EØS kan endre likestillingspolikken sin i framtida, vil det framleis vera slik at ikkje-folkevalte organ har stor kontroll med kor langt medlemsstatane, både i EU og EØS, kan gå i å fremje likestillingstiltak. Dei nordiske landa har ein tradisjon for å ligge langt fram i likestillingspolitikken. I den ferske boka ”Gender and Well-being. The Role of Institutions” kjem det fram at mange kvinner i Sør-Europa drøymer om den nordiske velferdsstaten. La ikkje EØS-avtalen svekke denne modellen.

Hildegunn Gjengedal er nestleiar og kvinnepolitisk ansvarleg i Nei til EU. Ho jobbar til dagleg som seniorrådgjevar i Norges Bondelag.

Marianne Granheim Trøyflat er informasjonsrådgjevar i Nei til EU.

Bilete 1: Worn out European Union blue flag av Horia Varlan (CC B.Y. 2.0)

Bilete 2: Hildegunn Gjengedal av Nei til EU

Om forfatteren

Gjesteblogger

Gjesteblogger

Hvis du vil være gjesteblogger for Maddam, send en mail til hei@maddam.no. Få med hva du vil skrive om og tre linjer om deg selv.

Visit Website

Comments are closed.