Alskens kjønn

Forskarar og lekfolk diskuterer kjønn så busta fyk, men kor mange av dei veit kva ordet kjønn eigentleg tyder? Etymologien til kjønn kan vera noko å slå i bordet med for alle som kjempar mot fastgrodde kjønnsstereotypiar; etymologien kan til og med gjera livet som transperson litt lettare.  

Me veit det inderleg godt alle saman: Kjønn er vanskeleg. Det er vanskeleg på ulike måtar og i ulik grad, men dei fleste har ein eller annan gong streva med at dei er det kjønnet dei er. Dei synlege og usynlege normene for korleis kvart kjønn bør eller skal vera, ligg på lur alle stader. Dei er slitesterke rettesnorer som grensar av tankane og handlingsromet vårt, men me merkar det knapt før me støyter mot dei. Å finna seg sjølv og plassen sin innanfor desse grensene, kan vera ugreitt. Å finna ut at ein på alle måtar står utanfor desse grensene, er i beste fall ei svimlande nifs og einsam oppleving.

Den nådelause inndelinga i to skarpt åtskilde kjønn gjer livet uuthaldeleg for mange, og dette skarpe skiljet er høgst naturstridig. Me tenkjer og lærer at naturen deler arten menneske inn i to kategoriar: hankjønn og hokjønn. Tvikjønn er relativt sjeldsynt. Ettersom mennesket har ein ibuande trong for orden og oversyn, strukturerer me verda ved å dela menneskeflokken inn i ulike slag. Minste motstands veg er å bruka den same inndelinga som (me trur) naturen brukar, og kjønn har lenge vore sjølve hovudkategorien vår. Når eit nytt menneske kjem til verda, er spørsmålet alltid det same:

«Er det gut eller jente?»

Men naturen er ikkje fullt så enkel. Oftare enn me skulle tru skaper han individ som opplever seg som det motsette av det kjønnet dei vart registrerte som ved fødselen (transseksuelle), eller individ som opplever seg om både mann og kvinne, eller ingen av delane, eller noko heilt anna (transpersonar/pangender m.fl.). Alt dette er naturleg i den rette tydinga av ordet; det er − som oftast − medfødd, altså naturskapt. Me kan sjølvsagt velja å bryta meir eller mindre med det rådande kjønnsrollemønsteret, men dei fleste som fell utanfor dei vanlege kategoriane, gjer det mot sin eigen vilje. Poenget er: Det er unyansert og reduserande å seia at naturen opererer med to kjønn for mennesket, for jamvel om naturen skil mellom hannkjønn og hokjønn, set han inga endeleg og uoverstigeleg grense mellom dei to.

Etymologisk er ordet kjønn heilt i samsvar med den mangfaldige kjønnspraksisen i naturen. Kjønn kjem av norrønt kyn, som grovt sagt har desse tre hovudtydingane: ‘kjønn, ætt, avkjøme’ (jf. eng. kin); ‘art, slag’ (jf. eng. kind); ‘vis, måte’. Med andre ord er den opphavlege tydinga til kjønn temmeleg open og nøytral: Å vera eit kjønn er å vera eit slag, eller det er ein måte å vera på. Det er fyrst i seinare tid at tydinga til kjønn er vorten snevra kraftig inn slik at folk flest koplar kjønn til dikotomien kvinne − mann. I det norske målet finn me i dag berre restar etter den gamle bruken av kjønn. Eit døme er ordet alskens, som før hadde skrivemåten allskyns («allskjønns»), og som altså tyder ‘allslags’. Kort sagt: Historisk sett er kjønn eit svært vidt omgrep som femner mykje meir enn kategoriane kvinne − mann.

Me bør sjølvsagt ikkje nytta etymologien til kjønn som einaste faktagrunnlag når me granskar fenomenet kjønn, men kunnskap om dette omstridde og kompliserte ordet kan få oss til å sjå kjønn frå ein annan synsstad − noko som i sin tur kan verka oppfriskande på ein kjønnsdebatt som ofte køyrer seg fast i det same, gamle sporet. Måten me brukar ord på seier mykje − ja, i grunnen alt − om korleis me tolkar verda ikring oss og kva me tenkjer om henne. Då bør vel fyrste steg i alle diskusjonar vera å undersøkja bakgrunnen til og bruken av det ordet som er stridens eple?

Dessutan er det ikkje fritt for at etymologisk gransking kan ha ein viss styrkjande og trøystande verknad. Som transperson har eg hatt umåteleg stor glede av å gjera meg kjend med tydingshistoria til kjønn, eit ord som tidlegare gjorde meg uvel og nærmast tok til å kvela meg. Eg syntest at ordet var for trongt; det var ikkje plass til meg der. Grovt sagt er eg eit maskulint vesen i ein kvinnekropp, men eg kjenner meg ikkje som mann eller kvinne. Eg er noko anna. Slike som eg fell mellom to stolar, i alle fall om me skal tru den rådande inndelinga i hankjønn og hokjønn. Difor var det trøyst i å oppdaga at kjønn opphavleg femner så vidt og breitt at eg er trygt innanfor: Når kjønn tyder ‘slag’ og ‘måte’, er min måte å vera kjønn på like rett som nokon annan. Ikkje minst har eg funne eit godt, norsk namn til kjønnsidentiteten min: Eg er alskens − alle kjønn.

Kristin Fridtun (f. 1987) har mastergrad i norrøn filologi frå NTNU. Ho er spaltist i Dag og Tid og tilsett i Stadnamntenesta i Språkrådet.

Bilete: Field`s Shopping Center: Toilet Signs av Jacob Christensen (CC BY-NC-SA 2.0)

 

Om forfatteren

Gjesteblogger

Gjesteblogger

Hvis du vil være gjesteblogger for Maddam, send en mail til hei@maddam.no. Få med hva du vil skrive om og tre linjer om deg selv.

Visit Website

Comments are closed.