Den skitne krigen

Tenk deg å vakse opp med ein aukande mistanke om at foreldra dine eigentleg ikkje er dine biologiske foreldre. At dei du har vakse opp med og blitt glad i har ført deg bak lyset når dei har fortalt om kven du er. At du har ein annan familie, men at denne familien er forsvunne.

Om lag 500 unge vaksne i Argentina har opplevd og opplever framleis dette marerittet.


Mellom 1976 og 1983 var det militærdiktatur i Argentina. Mange grufulle overgrep fann stad. Difor blir perioden frå tidleg 1970-tal til 1983 ofte kalla «den skitne krigen». Eit av desse overgrepa var ei systematisert kidnapping av opposisjonelle. Offera var ofte venstreradikale, studentar, fagforeiningsmedlemer eller journalistar. Opptil så mange som 30 000 forsvann i denne perioden. Mange av dei som blei kidnappa var unge, og mange av kvinnene var gravide.

Sidan Argentina var eit diktatur med streng sensur, var det vanskeleg for dei etterlatte å snakke om forsvinningane. Stillheita blei utfordra av mødrene til nokre av dei forsvunne, som byrja protestere på Plaza de Mayo i Buenos Aires i 1977. Dei ville vite kor ungane og barnebarna deira var blitt av og kalla seg Abuelas de Plaza de Mayo, bestemødrene frå Plaza de Mayo.

Sanninga var at dei fleste opposisjonelle blei drepne. Mange av drapa var systematiserte ved såkalla dødsfly, der offera blei dopa ned og så sloppe ned frå fly i havet mellom Argentina og Uruguay. Desse flya gjekk kvar onsdag i fleire år.

Nye familiar

I dag er det litt over 100 som har funne ut at dei har vakse opp i feil familie.

Ungane til offera, som blei fødde i fangenskap i konsentrasjonsleirar, blei tatt hand om og sendt til nye familiar. Dette var militærfamiliar eller venane deira, folk som var nært regimet. Dei skulle oppdra ungane i konservative og kristne heimar. Det heile var eit eksperiment for å få fleire folk «på den riktige sida».

Då desse ungane vaks opp på 1990-talet og tidleg 2000-tal, byrja nokre av dei å  stille spørsmål. Nokre av dei likna ikkje på resten av familien. Andre hadde sett bilete av forsvunne opposisjonelle som var like dei sjølv.

I dag er det litt over 100 som har funne ut at dei har vakse opp i feil familie. Bestemødrene på Plaza de Mayo trur det er om lag 500 totalt. Menneskerettsaktivistar har tilrettelagt for at dei som er usikre på foreldra sine kan møte opp og ta gratis DNA-testar for å sjekke.

Nær historie
Historia om den skitne krigen er vanskeleg, fordi ho er så nært i tid og fordi ho handlar om mange som framleis er i live, både offer og overgriparar. I førre veke var eg på ESMA, den største av mange konsentrasjonsleirar. Det var den plassen der flest offer blei haldt og torturerte før dei blei tatt med i dødsflya. Mange barn blei fødde her og frakta ut til nye foreldrar.

ESMA var ein stor skule for marinen under diktaturet, og konsentrasjonsleiren var tett knytt til den daglege drifta av skulen. Taktikken til militærleiinga var at så mange som mogleg skulle vere involverte, sånn at dei ikkje skulle snakke om overgrepa i ettertid. Vanlegvis måtte dei yngste militærstudentane gi mat til fangane. Militærleiinga haldt til i 2.etasje, mellom fangerommet i 3.etasje og torturrommet i kjellaren. Dei kan umogleg ha gått glipp av overgrepa.

ESMA er i dag eit omvisningssenter der dei snakkar om denne historia. Senteret er drive av fleire friviljuge organisasjonar og organiserer omvisningar. Det er prega av å vere drive med små midlar og av å framleis vere kontroversielt. Å vere der gav sterke inntrykk.

Heilt til toppen
Sjølv nokre av dei rikaste arvingane i Argentina er råka. Ernestina Herrera de Noble, eigaren av eit stort medieselskap og den største opposisjonsavisa i Argenina, Clarín X, har to ungar, Marcela og Felipe Noble Herrera. Mediene har dei siste åra spekulert i om desse to arvingane til selskapet kan vere adopterte frå opposisjonelle. Dei blei nemleg adopterte i 1976. Bestemødrene har identifisert kven dei trur kan ha vore Marcela og Felipe sine biologiske foreldrar. Marcela og Felipe har tatt fleire DNA-testar, men er i konflikt med bestemødrene og styresmaktene om kva som er ein legitim DNA-bank (les meir her, om du er interessert).

Framleis vanskeleg
Dei månadene eg har vore her i Argentina, har eg fått inntrykk av at dei unge snakkar ganske opent, men at foreldregenerasjonen tiar i større grad om det som har skjedd. Det er ikkje rart at det er vanskeleg. Det må vere vanskeleg å konfrontere foreldra med sanninga. Fleire av foreldrepara som tok i mot kidnappa ungar er no i fengsel. Det må vere vanskeleg for dei som mista nokon dei kjente, eller nesten blei fanga sjølv. Det må vere vanskeleg for militærpersonell å snakke om kva som skjedde på ESMA mens dei blei utdana.

I dag er bestemødrene delt opp i to organisasjonar med ulike krav, men bestemødre frå båe organisasjonane går framleis i tog på Plaza de Mayo kvar torsdag ettermiddag, 34 år etter at dei byrja.  Argentina er i gong med arbeidet med å finne sanninga om kva som skjedde under den skitne krigen. Det vil nok ta tid før bestemødrene har fått svar på alle spørsmåla sine.

Bilete 1: madres y abuelas 7 av antonio.giron (CC BY-NC-SA 2.0)

Bilete 2: ESMA (6) av Petezin (CC BY-NC-SA 2.0)

Bilete 3: Madres/Abuelas de Plaza de Mayo av Alicia Nijdam (CC BY 2.0)

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website

6 Comments

  1. Takk for lesing, og for at du deler. Ante ingenting om dette.

  2. trine
    trine 24/01/2012

    Hei Ellen. Hyggeleg at du sette pris på teksten.

  3. Andreas 28/01/2012

    Det er ikke første gangen jeg hører slike historier, men det er første gangen jeg blir klar over at det skjedde i Argentina. Akkurat de samme gursomheter og forferdelser skjedde i Chile når Pinochet voldtok nasjonen og folket.
    Det var også barn som vokste opp i “militærfamilier” fordi soldatene som skjøt foreldrene deres ikke hadde hjerte til å skyte de små barna også. Da hendte det at de ble tatt med hjem til sine nye familier og vokste opp uvitende om sine opphav.

  4. trine
    trine 30/01/2012

    Hei Andreas. Nei, Argentina er diverre ikkje det einaste landet som har vore gjennom alvorlege overgrep frå staten. Akkurat no er eg faktisk i Chile. Det hadde vore interessant å sjå meir på banda mellom diktatura som var i Chile, Argentina og Uruguay.

    I helga las eg forresten at den konservative borgarmestaren i Buenos Aires ikkje vil auke stønaden til ei friviljug teatergruppe som reiser rundt på skular og held førestillingar om temaet. Han argumenterte med at dette ikkje fortente meir stønad enn anna kunst. Konsekvensen er at gruppa sannsynlegvis må leggje ned, for det er vanskeleg å klare seg om ikkje inntektene er tilpassa den sterke inflasjonen. Veldig synd.

  5. Ragnhild Grevskott 03/01/2013

    Tak for bra artikkel. Folk trenger å lese slike ting. Har selv nettopp lest boka “Perla” av Carolina de Robertis. Denne var gripende og rørende. Anbefaler virkelig boka, den har både en gripende historie og en historisk bakgrunn. 

  6. trine

    Hei Ragnhild. Takk for hyggeleg kommentar og godt tips! Eg kom heim frå Argentina i fjor vår, og då var eg så heldig at eg fekk møte de Robertis og intervjue ho om “Perla” for bokbladet Bok og Samfunn. Intervjuet ligg diverre ikkje på nett, men det var veldig interessant å få snakke med ho. Tøft at ho tar opp denne historia i skjønnlitterær form, trur det er bra for debatten i Argentina.