Stilling ledig: Bråkjekkas

Styret i Universitas har tilsett ny redaktør. Universitas er nordens største studentavis, kjem ut ei gong i veka, har eit opplag på 17 000 og dekker nesten 60 000 studentar i Oslo og Akershus.   Redaktørjobben er ei løna fulltidsstilling, tidsavgrensa til eitt år.

For åttande gong på rad er det tilsett ein mann. Dette skal openbart ikkje vera eit innlegg om manglande kvalifikasjonar hjå vedkomande som er tilsett, underteikna kjenner ikkje eingong mennesket, men er rimeleg sikker på å ha sitt på det tørre i konstateringa av at det er ein mann. Og skremmande ofte er det nok til å lage ei sak av.

Styret hadde for så vidt ikkje noko val. Det var ingen kvinnelege søkarar i år, så kva skulle dei gjera? Kanskje var dei berre glad for at nettopp han som fekk jobben hadde søkt, da det var eit dyktig og omgjengeleg menneske med dei beste intensjonar for avisa.

Det var ingen kvinnelege søkarar i år, så kva skulle dei gjera?

I prinsippet kan kven som helst søke. I stillingsutlysinga blir det presisert at ein må ha «journalistisk erfaring» noko som i seg sjølv er eit ganske vidtfemnande omgrep. Elles er det ope som alle som ønskjer det å søke jobben. Ein treng slett ikkje, som dama som desse liner skriv, å ha jobba i Universitas i årevis for å ha noko i redaktørstolen å gjera. Det skulle ha vore eit hav å ta av.

Så, er det eigentleg noko å mase om? Det er no eingong berre ei skarve studentavis, tilfeldigheitene rår der som andre stadar og damene som heller held seg på lesesalen har minst like gode sjansar for å koma seg opp og fram her i verda som dei som spring ned allslags dugnadsprosjekt. Sjølv om alt dette var sant, kan ikkje debatten slutte der. For avisa har opparbeidd seg ein sterk og unik posisjon,  større enn formatet og dekningsområdet skulle tilseie.

Universitas er premissleverandør i samfunnsdebatten. Det er over mange år dokumentert at studentane les og set på pris på Universitas. Kritisk nyhendejournalistikk, aktuelle kultursaker, lettbeinte kommentarar og særeigne reportasjar er vonleg noko av årsaka til det. Saker blir også jamnleg sitert i riksmedia. Røynde mediefolk oppfattar dei som relevante og viktige, og redaktøren for Universitas får dermed vera med å setja dagsorden og prege nyhendebiletet. Det er makt.

Saker blir også jamnleg sitert i riksmedia.

I tillegg handlar dette om rekruttering til mediebransjen. Det er korkje opplest eller vedteke at Universitas skal avlaste eller utfylle medieutdanningane rundt omkring, men i praksis skjer det sjølvsagt i stort monn. Eitt års engasjement som redaktør er eit gullkort på handa inn i ei bransje der rifta er stor og køane lange.

Og ikkje berre er det papir på journalistisk innsats, men også solid leiarerfaring og personalhandtering. Universitas har mellomleiarar for dei ulike seksjonane, som igjen følgjer opp ei rekkje journalistar, fotografar og sideutteiknarar. I tillegg jobbar ein redaksjonsleiar på fulltid som næraste avlastar og  medarbeidar for redaktøren. Desse to deler mellom anna ansvaret for å tilsetja eit tjuetals medarbeidarar i løpet av eit år. For å nemne noko.

Å vera redaktør for Universitas innber altså både høve til å prege akademisk liv og samfunnsdebatt der og da, og til å leggje eit solid grunnlag for vidare yrkeskarriere. Vegen skulle derfor ha ligge like  open for kvinner som for menn. Det gjer han ikkje. Kvinner kvier seg meir enn menn for å søke redaktørstillinga i Universitas, og ingen veit heilt kvifor.

Vegen skulle derfor ha ligge like  open for kvinner som for menn. Det gjer han ikkje.

Etter mitt syn er ikkje Universitas prega av eit testosteroninfisert arbeidsmiljø der mannfolka rottar seg saman, tek avgjerdene på bakrommet og ser på kvinnfolk som lett underhaldning til arbeidet. Ingen plass har eg fått så mykje ufortent tillit som i Universitas. Eg vil likevel påstå at mennene i Universitas, som alle andre stadar, er tre hakk flinkare enn damene til å byggje nettverk, inkludere kvarandre i viktige avgjerder og støtte kvarandre på vegen opp og fram.

I tillegg handlar det truleg mykje om karakteren på arbeidet. Å jobbe i Universitas inneber jamnleg tøffe konfrontasjonar med mektige og profilerte menneske. Og sjølv om det ikkje er redaktøren som må ta alle telefonane og gjera intervjua, er det han (!) som må stå til rette når kjeldene hevdar seg feilsiterte, uthengte og utnytta i svake augneblinkar. Det er ubehageleg, utfordrar sjølvbiletet og er ikkje minst utruleg slitsamt over tid. Det bles på toppane. Kvifor set men meir pris på eit vindkast enn det kvinnene gjer?

Og sjølv om det ikkje er redaktøren som må ta alle telefonane og gjera intervjua, er det han (!) som må stå til rette når kjeldene hevdar seg feilsiterte, uthengte og utnytta i svake augneblinkar.

Universitas er ei stor og viktig avis i vekst. Styret har eit ansvar og må skjerpe seg. Dei har ikkje noko med den daglege drifta av avisa å gjera, men har ein del av personalansvaret, via redaktørtilsetjinga, og er fullstendig klar over at rekrutteringa hovudsakleg skjer internt.  Det er vanskeleg for styret å påleggje ei rekkje likestillingstiltak over natta, men det er fullt muleg å vise initiativ og føreslå gode tiltak. Det bør skje snarast.

Kvinnene må også skjerpe seg. Sjølv var eg totalt utslitt før det var snakk om å søke avansement.  Det var også mykje anna eg hadde lyst å halde på med, og eg var dårleg til å prioritere. Til slutt måtte eg berre samle trådane, skrive ferdig masteroppgåva, klyppa håret og få meg eit ordentleg arbeid. Og det var fint det også. Og så er det jo fint å vite at ingen ser på meg som slik ei bråkjekk type som trur eg kan gå rundt og leie store og viktige aviser.

 

 

Marianne Granheim Trøyflat er 29 år og jobbar som informasjonsrådgjevar i Nei til EU. Ho er medlem i Senterpartiet, likar å debattere og bur enn så lenge i Oslo.

Bilete 1: Frederikkeplassen, Blindern av Peirik ( CC BY-NC-SA 2.0)

Bilete 2: Er det skribenten som har tatt.

Om forfatteren

Gjesteblogger

Gjesteblogger

Hvis du vil være gjesteblogger for Maddam, send en mail til hei@maddam.no. Få med hva du vil skrive om og tre linjer om deg selv.

Visit Website

24 Comments

  1. Antifeminist 02/12/2011

    Det enkleste er ofte det beste. Mannen var bedre egnet til stillingen.

  2. Margrethe 02/12/2011

    Bedre enn…? Leste du i det hele tatt artikkelen?

  3. Antifeminist 02/12/2011

    Bedre enn de andre søkerne.
    Artikkelen er skrevet på et språk jeg ikke forstår. Beklager.

  4. Ingrid
    Ingrid 02/12/2011

    Tror ikke du leste artikkelen jeg;)

  5. Antifeminist 02/12/2011

    Siden artikkelen er på kauvrælsk og ikke på norsk så leste jeg ikke artikkelen, nei.
    Som nevnt så er det enkleste ofte det beste, finn en kvinne som er bedre kvalifisert enn noen andre søkere når det lyses ut en stilling, be henne om å søke, så har dere muligens en kvinne i den stillingen. Så enkelt.

  6. Øyvind 02/12/2011

    Hvorfor kommenterer du på en artikkel du ikke en gang gadd å lese? Var utfordringa med å lese nynorsk så stor at du ikke klarte det?

    Uansett hvor kvalifisert mannen som blei valgt var er det vel ikke noe sunnhetstegn at en studentavis kun får mannlige søkere? Jeg regner med at redaksjonen ikke kun består av menn. Argumentet med at de valgte den beste faller jo når de ikke har hatt muligheten til å vurdere noen kvinnelige kandidater.

  7. Antifeminist 02/12/2011

    Fordi det er tydelig hva artikkelen er om. Enda mer syting over at menn er bedre kvalifisert enn kvinner. Spør du meg som antifeminist om jeg synes det er et sunnhetstegn at bare menn søker på stillingen som redaktør for studentavisen Universitas? Jeg synes det er et veldig godt sunnhetstegn. Da er heldigvis ikke all ungdom gjennomsyret med feminismen. Menn er mer interessert i å ofre og satse på for karrieren sin enn kvinner er. Du har sett Hjernevask? Hvis ikke vil jeg anbefale deg å få sett den serien. Kan være du får løsrevet deg fra en del av den feministiske tankegangen. Bare et velment råd!
    Hvis kvinner var like interessert i å skape seg en karriere som det menn er ville der ha vært kvinnelige søkere. Kvinner er mer interessert i å komme seg hjem fra jobben og drive på og vaske, rydde, etc i hjemmet, kakle med venninner, og annet slikt som kvinner synes er gøy. I mens vi menn sliter oss halvt ihjel på jobben.
    Hvor mange kvinner var det som søkte sa du? Mon tro om det ikke er på tide å innse at feminismen er gått for langt?

  8. generasjonx 02/12/2011

    Først og fremst, jeg ser at de ovenfor mener du bør ha lest artikkelen du kommenterer. Det er jeg helt uenig i. Jeg mener som deg at det irrelevant hva som sto i de knappe syv avsnittene. Det er mye mer morsomt å ta utgangspunkt i hva jeg tror sto der. Eller hva?

    For hva har egentlig disse rabiate, illsinte rødstrømpene å fortelle meg som jeg ikke vet fra før? Dette er det jeg prøver å prente inn i folk, slutt å les artikler og kom i gang med kommenteringa. Det er den eneste måten vi kan mene masse om temaer vi er utgangspunktet kan ingenting om. Om vi en gang iblant skulle komme til å skrive noe som har ingenting med temaet å gjøre.. Hva så? Man kan ikke skrive en kommentar helt ut av det blå og alltid treffe.

    Disse folka har tross alt ikke sett hjernevask, så de veit ikke at kvinner digger å få dårligere betalt enn menn, å bli sextrakkasert, voldtatt i nære relasjoner og være underrepresentert i forhold til mannen i alle maktposisjoner i samfunnet.

    Å fader, jeg hadde glemt at den nynorsktentamen var på mandag. Kanskje jeg skal lese den litt vanskelige artikelen likevel?

  9. Marianne 02/12/2011

    Takk for alle kommentarar! Interessant å sjå at Hjernevask blir trekt inn som argument i denne saka. Om nokon meiner at kvinner frå naturen si side er programmert til å sky karriere til føremon for avkom og husvask, så er det heilt ok, men da har vi ingenting å diskutere. Om utganspunktet heller er at kvinner og menn innehar nokonlunde lik intellektuell og anna menneskeleg kapasitet, blir saka ei litt anna. Det byrjar omlag like mange kvinner som menn i Universitas, likevel er kvinner kraftig underrepresentert i toppleiinga. Det skjer noko undervegs, som både handlar om korleis ting fungerer i Universitas, og i samfunnet rundt. Men dette er fullt muleg å gjera noko med, problemet er at det hittil ikkje er brukt noko kapasitet på det.

  10. Hei! Eg synst denne kommentaren var lite fokusert og vanskeleg aa faa tak paa.

    1. Kva vil du fram til?

    2. Kva vil du gjere med det?

  11. Marianne 02/12/2011

    Takk for det, Eirik ;) Fokus er kvinnerepresentasjon i toppleiinga i Universitas. Noko er feil i “utveljingsprosessen” av kven som blir redaktør, når det berre er menn som har greidd å nå toppen dei siste 8 åra. Så – kva skal ein gjera? Kva gjer ein på andre område når kvinner notorisk er underrepresentert og det ikkje er nokon logisk årsak til det? Ein forsøker først med “mjuke” tiltak som nettverksbygging, kursing, bevisstgjering og personlege oppfordringar. Fungerer ikkje det, supplerer ein med meir enn mindre strenge kvoteringstiltak. Men eg kan berre tenkje høgt. Det er styret og staben i Universitas som har ansvaret og må leva med konsekvensane.

  12. Var jo rimelig bortkastet å lese hva som stod, for det er skrevet 1000 ganger før. Menn har skyld for at ingen kvinne har søkt. Så litt selvpisking på vegne av eget kjønn for å gjøre det spiselig i 2011-stil, før en går til det gamle igjen at man må jo lete etter kvinner som ikke gidder å søke, men som egentlig ville søke. De bare visste ikke det selv.

  13. Ingrid
    Ingrid 04/12/2011

    Så fint at du likevel leser (neste alle postene) i bloggen vår da, selv om det er “bortkasta”:)

  14. Hadde jo håpet på noe rivende nytt. Det spirende håpet blir jo titt og ofte revet ned.

    Ellers fin hersketeknikk:)

  15. Profeminist 05/12/2011

    Nok ein kommentar som viser kvifor det er viktig med obligatorisk sidemål. Takk for at du stør oss i kampen!

  16. generasjonx 05/12/2011

    Jeg tror du må begynne å lese postene.

  17. Herlig. Men du må skylde på kvinnene jeg har hatt som lærerinner. De var dårlige.

  18. Fredrik Weisethaunet 14/12/2011

    Hjernevask er, selv om jeg digger Harald Eia og var svært spendt på serien, skuffende og slett journalistisk arbeid. Ikke en eneste person med sosiologisk utdanning ble intervjuet, selv om hele serien liksom skulle handle om sosiologi.

    Den forskeren det ble fokusert mest på, nemlig Ødegaard, er litteraturforsker og sitter og snakker om ting som ligger langt utenfor hans forskningsfelt. Han er riktignok kjønnsforsker, men han forsker på kjønnsfremstillinger i litteratur, ikke noe godt utgangspunkt for å representere sosiologien. Å vise til hjernevask er derfor helt idiotisk. Jeg studerer sosiologi, og frustrasjonen var stor hos en rekke av våre professorer som på ingen måte ønsket å la Ødegaard få representere dem.

    Det er nok av sosiologer å ta av i landet vårt, hvorfor Eia valgte å se bort fra dem er for meg en gåte.

    De fleste kvinner jeg kjenner, hater å vaske og rydde i like stor utbildning som meg. Makan til vrøvl skal man lete lenge etter.

  19. Rahkmann 04/01/2012

    Hvor mange ‘redaktører’ finnes på denne siden? Er det én kvinnes verk? Jeg tror majoriteten av Norges kvinner skjemmes over det jeg har funnet rundt på nettsiden.

    Trykke ned et samfunn bygd av menn, for å så å skulle fjerne kjønnsrollene og dermed også selvfølelsen til begge kjønn. Vi er skapt til forskjellige formål, skjønner at det er en hard sannhet for kvinner, men dere lider da ingen nød? Får mat på bordet og et hus å bo i, for så å klage?

    Dette er en kortvarig “kamp” dere kjemper, damer. Så lenge kapitalismen råder, er det mulighet for dere å trykke dere frem gjennom kvoteringer, men når økonomisystemet til slutt bryter sammen, og “survival of the fittest” blir mer fremtredende – ja, no need to say more.

  20. Rahkmann 04/01/2012

    Og når kommentarene attpåtil må gå gjennom sjekk hos deg før det blir postet vitner om en svak sak, agree?

  21. Ingvild

    Du kan godkjenne kommentaren din selv gjennom linken du får på mail. Etter dette blir kommentarene dine godkjent automatisk.

  22. Susanne

    Oj, oj, oj. Kortvarig kamp? Kamp for likestilling har jo vært kjempet lenge!!! Og heldigvis er tradisjon med slaver avskaffet. Mellom land og kjønn er det fortsatt et stykke igjen. Men, tidligere kunne ikke damer gå på universitetet igjen. Jeg tror, heldigvis, at det er de som tror damer passer og liker best å rydde, ikke er de som predikerer fremtiden :-)

    Syntes forøvrig nynorsk er fint og lett å lese, selv om jeg ikke skriver det eller snakker dialekt. Skjønner jo at jeg må være et geni!

  23. A Hansen 05/01/2012

    Marianne,

    Jeg er helt enig med deg i at begge kjønn har like forutsetninger til å lykkes med både klesvask og toppjobber. Det som stadig forundrer meg er at så stor andel kvinner fortsatt velger å utdannse seg til sykepleier, barnehagepedagog, lærer osv. Det kan se ut til at kvinner i større grad enn menn vektlegger andre kriterier enn lønnsutsikter i karriérevalg.

    Heldigvis har det skjedd en endring på en del studieretninger de siste 10 årene ved at det er flere kvinner på toppuniversitetene innen økonomi (NHH), ingeniør (NTNU) og jus. Hvis vi skal oppnå likestilling må kvinner også ta de tøffe karrierevalgene. De må velge jobber som gir god karrierevekst, jobbe 60-timers uker, ofre venner, fritid og familie en stund, for å nå toppjobbene (slik de aller fleste som får toppjobber har gjort og gjør). Desverre ser jeg ikke at det er en overvekt av kvinner som tar disse valgene, selvom det begynner å bli likestilling på utdanningsinstitusjonene.

    De eneste som kan gjøre noe med dette er kvinnene selv! Det er snakk om valg, og prioriteringer.

  24. Han som ikkje blei redaktør i Studvest 16/03/2012

    Eg er mann, og blei ein gong innkalla til intervju for redaktørjobben i Studvest i Bergen. Eg fekk ikkje jobben. Det gjorde derimot ei kvinne.
    Ein mannleg styremedlem sa til meg etterpå at eg var betre kvalifisert.
    Blodig urettvist tenkte eg, då.
    Damene hadde rotta seg saman.

    Eitt semester seinare tenkte eg at ho hadde gjort ein god jobb, den nye redaktøren.
    Då ho vann ein skup-pris nokre år seinare tenkte eg at damestyremedlemmane kanskje hadde rett…