Tøff barnelitteratur
Historiene me høyrer når me er små er viktige for haldningane me tar med oss vidare i livet. Om alle jentene i barnebøkene har rosa kjole, blir det vanskelegare å vere 8 år gamal jente som helst vil gå i bukse. Difor er det så bra med barnebøker som er litt annleis, som blandar inn litt grønt og oransje mellom alt det rosa og blå.
Pippi er kroneksempelet på ei typisk heltinne i ei barnebok. Litt rart med tanke på at boka kom i 1946. Burde me ikkje ha fått litt fleire heltinnar sidan då?
Denne veka såg eg eit nett-TV-program om dette temaet. Litteraturvitar Nina Méd var intervjua. Ho skreiv for nokre år sidan masteroppgåve om kjønn i barnelitteratur. Ho fann ut at ein skuffande liten del av bøkene me les som ungar har kvinnelege heltar som hovudpersonar. Ho fann 6 heltinner etter å ha lese 100 bøker.
Tidsskriftet Fett har òg undersøkt. Dei gjekk gjennom barnelitteraturen frå 2004 og fann 2 av 22 kvinnelege hovudpersonar i bøkene som var hovudbøker i Bokklubbens barn.
Om du er jente som elskar fart og spenning, må det vere kjipt å berre lese om at jenter skal vere heime, vere forsiktige og opptatt av vakre ting. Difor har eg laga ei lita liste over barnebøker som utfordrar det tradisjonelle. Desse bøkene utfordrar dei typiske tankane våre om korleis jenter og gutar bør vere:
- Forfattaren Maria Parr har ført oss litt framover. Ho gav i 2009 ut boka Tonje Glimmerdal, som har ei vaskeekte kvinneleg heltinne. Samlaget presenterer Tonje på denne måten:
Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja på ski mellom fjella.
- Ei anna bok som utfordrar tradisjonelle kjønnsroller i litteraturen, er Gummi-Tarzan av Ole Lund Kirkegaard. Boka handlar om Ivan Olsen, ein gut som er pysete, vil ikkje klatre i tre og har ikkje noko særleg med musklar. I staden for å gi inntrykk av å ville vere som dei andre, bruker han fantasi og ironi for å takle at han er annleis.
- Hedvig! Av Frida Nilsson handlar om Hedvig på 7 år som er tøff og gjer masse rampestrekar. Ho juksar i spel og pratar heile tida.
Kanskje noko å tenkje på i desse julegåvetider?
Bilete 1: Mommy`s Little Girl Dress av sewitsforyou (CC BY-NC-ND 2.0)
Bilete 2: Pippi-mrnilsson av pucci.it (CC BY-NC-SA 2.0)
Om forfatteren

trine
Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.
Related Posts
-
Vi må gjere meir for å beskytte Ukrainske familier, kvinner og barn
Russlands invasjon av Ukraina har ført til at millionar av menneske er på flukt internt og inn i Europa, og vi står ovanfor den største […]
Vold som vaksine
The Handmaid’s Tale har blitt en obligatorisk bok for feminister, og serien forelesningene. Feminister har tatt på seg røde kapper for å kjempe for frihet […]
En billedbok “Snill” av Gro Dahle er en barnebok som også utfordrer kjønnsrollene også. Den handler om en jente Lussi som er bare veldig stille og snill, men så forsvinner hun en dag inn i veggen og blir usynlig. Ved å tørre å ta plass å bli sint så kommer hun fram fra veggen. Er også veldig bra illustrert.
Takk for bra tips, Tonje!
Alt av Anne-Cath Vestly er fremstår jo som rimelig utfordrende i et, ehum, heteronormativt lys. Mor jobber, far er hjemme med barn (Aurora-bøkene), mens Guro-bøkene forteller om en liten familie uten far (og mor blir vaktmester). Kule jenter i hovedrollene.
Hei Johan. Takk for bra innspel!
Eg har ikkje finstudert materialet som var brukt i masteroppgåva eg refererte til, men det var ganske tydeleg kriteriar for korleis ein kunne vere “heltinne”. Ho måtte mellom anna vere hovudperson. Det gjer at til dømes Hermine i Harry Potter dett utanfor, sjølv om ho er tøff. Altså kan det vere ein del bøker som har mykje bra i seg, men som likevel dett utanfor statistikken.
Eg har faktisk ikkje lest verken Aurora eller Guro-bøkene, men hugsar at Mormor og de 8 ungene var stas.
Jeg har ikke barn og er veldig lite orientert om barnebøker, men hvis noen vil lese en voksenbok (eller gi i julegave) med en sinnsykt kul dame i hovedrollen kan jeg anbefale “Til Sibir” av Per Petterson. :)
“blank ark” står fremdeles sterkt altså…