Pappapolitikk
Gjesteblogger Beate Sletvold Øistad anmelder Audun Lysbakkens nye bok Frihet, likhet og farskap:
Å vere pappa er ikkje småtteri. ”Farskap er forutsetningen for både likhet og frihet, fordi et mer likestilt samfunn ikke er mulig uten mer likestilte familier”, skriv likestillingsministeren i si nye bok.
Når journalistar med tilgong til kommentarplass i riksdekkande aviser blir gravide, finn svangerskapet deira raskt vegen til spaltene. Feministar som Martine Aurdal, Marte Michelet og Liv Skotheim har skrive politisk om magane sine, det same kan ein ikkje seie om underskogen av meir eller mindre anonymiserte petit-skribentar i dømes A-magasinet og Dagens Næringsliv. Den veksande magen er stor og levande og nokre gongar litt vanskeleg. Han gjev eit nytt perspektiv på både det eine og det andre. Når avkommet er ute er tida komen for små, forsøksvis vittige og nære historier frå småbarnskvardagen, der mammaen ikkje orkar å lage mat frå botnen av og pappaen tek på kleda til ungen på vranga. Det personlege er personleg.
Den politiske pappaen
Likestillingsminister og SV-nestleiar Audun Lysbakken kan ikkje vere verre. Han skriv om korleis han som uvan far tek på strømpebuksa utanpå buksa til babyen for tredje gong og at den vesle jenta hans et aviser og eingongsklutar. Men der den jamne småbarns-petit er friksjonsfri føde (babymat?) attåt søndagskaffen, har Audun Lysbakken skrive eit politisk forsvar for pappapermisjonen.
”For det å være pappa, det å være forelder, oppveksten til barna våre er jo alt sammen dypt politiske spørsmål”
, skriv han i innleiinga. Han argumenterar overbevisande for kor bra pappaperm er for arbeidslivet, likestillinga og fedrane si nærleik til eige barn. I beste søttitalsstil er det personlege er alltid politisk for likestillingsministaren. Forma er kvardagslege petit-aktige historier i salig blanding med pappapermens historie og likstillingspolitisk argumentasjon.
Både Lysbakken og den første, spede fedrekvota kom til verda i 1977. Det første kapittelet i boka er både historia om familien Lysbakken og pappapermen, som i denne boka går ut på eitt. Dette er eit klassisk forteljargrep ein ofte finn i bøkene til Manifest forlag, der enkeltmenneska sin kvardag er ramma for forteljinga om dei store samfunnsendringane. I somme Manifest-verk verker grepet påklistra, men i Frihet, likhet, farskap fungerer det bra. Men eit avsnitt på side 49, kjem ommatt på side 50. Har korrekturlesaren vore i tidsklemma?
Gyldig fråver
I 1977 kunne foreldra dele 12 av dei 18 permisjonsvekene, og far fekk rett til to vekers permisjon ved fødselen, riktig nok ulønna. Men det var nesten ingen pappaer som tok ut perm likevel, fortel Lysbakken. Korkje arbeidslivet eller familielivet var innretta mot at far skulle vere heime med barn. Ved inngangen til nittitalet hadde den samla foreldrepermisjonen auka frå 28 til 42 veker, men det var likevel berre to-tre prosent av fedrane som tok pappapermisjon. Difor blei fedrekvota til i 1993. Fire nye veker, berre for pappaer. Medan nesten ingen tok ut pappaperm i byrjinga av tiåret, tok 65 prosent av pappaene ut permisjon i 1995. I dag er det meir enn 90 prosent. Valfridom var altså ikkje nok. I 15 år hadde fedrane formell rett til permisjon utan at dei tok imot tilbodet. Ein del av permisjonstida måtte øyremerkast for å få pappa heim til ungane. Eit statleg overgrep mot valfridommen til einskildindividet?
Langt ifrå, meiner Lysbakken. Kvota gjer menn medvitne på at det å vere heime med barn i ein periode er mogleg. Og kanskje viktigare, med fedrekvota er det ikkje berre kvinner som blir vekke frå arbeidslivet i lengre periodar. Fedrakvota er ”gyldig fråver”, ein etablert rett som sjefane må ta med i reknestykket når dei anset ein mann. Forventinga om fråvær vil gjelde alle småbarnsforeldre, ikkje berre mødrene.
Kjønnsperspektiv på alt
Etter mi meining er det dette det viktigaste argumentet for auka pappaperm, i tillegg til at menn blir rekna som fullverdige omsorgspersonar. Lysbakken peiker på kva strukturelle konsekvensar dette vil få for både arbeidslivet og familielivet. Han slår eit slag for at likestillingspolitikk ikkje berre gjeld kvinner, men også er noko som menn kan ha interesse av. Lysbakken vil faktisk ha eit kjønnsperspektiv på all politikk. Det varmar mitt hjarte som feminist. Til dømes peiker han på at menn køyrer meir bil enn kvinner, medan kvinner i større grad vel kollektivtransport. Om ein bruker alle samferdselspengane på vegar, brukar vi ”meir ressursar på mannlege nordmenn enn på kvinnelige”. På same måte er skattelette til dei rikaste eit skattelette til menn, då dei rikaste her i landet er av hankjønn.
Lysbakken vil gje familie- og likstillingspolitikken den tyngda han fortener i den offentlege debatten. Han vil vekk frå inndelinga av politikken i ”harde” og ”mjuke” område, der finans, utanriks og energi er dei ”tyngste” og mest prestisjefylde tinga ein kan jobbe med, medan oppvekst, utdanning og likestilling er ”lette” og ”mjuke” felt som kvinner kan få lov til å ta seg av. (Til dømes er lønsnivået i Barne- og likestillings- og inkluderingsdepartementet det lågaste bland alle departementa.) Lysbakken er fast i trua:
”Leter du etter en sak som vil få håndfaste konsekvenser for økonomi, makt og strukturer i framtidens Norge, finner du ikkje noe hardere spørsmål enn likestilling”.
Hardt og mjukt
Sidan både dei fleste politikarar og media no ein gong opererer med skiljet mellom ”harde” og ”mjuke” politikkområde skal ein ikkje sjå bort frå at den personlege pappaidyllen kan kome i vegen for den politiske sprengkrafta i Lysbakken sitt prosjekt. Høgre-mann Torbjørn Røe Isaksen skriv i Morgenbladet 28. oktober:
”Mens Europa balanserer på kanten av stupet, har vi nordmenn diskutert amming”.
Huff, så altfor soft! Morsmjølka renn, medan verda brenn! Isaksen held fram:
”Jeg vil ha systemdebatt og kapitalismekritikk! […] Jeg vil ha Audun Lysbakken som marxist, med Kapitalen under armen, ikke som minister og pappa med en nydelig, liten jente på armen”.
Sjølv om pappapermen ikkje oppfyller krava til ”skikkeleg” og ”relevant” politikk (det vil seie at det ikkje er tema som middelaldrane menn er opptekne av) er pappapermen i høgste grad både ein systemdebatt og ein kapitalismekritikk. Og kven seier at ein ikkje kan drive med politikk og samstundes ha ei lita jente på armen? Det handlar om djupt politiske spørsmål om kva slags arbeidsliv vi skal ha og korleis ein kan organisere ein av grunneiningane i samfunnet, familien. Slikt kan ein ikkje overlate berre til kvinnfolka å diskutere!
Om ein treng argument eller ynskjer eit innblikk i pappapermens idéhistorie bør ein lese Frihet, likhet, farskap. Folk på høgresida vil nok like boka dårlegare enn folk på venstresida av di ho er full av venstresidas retorikk, men ein kan aldri gjere alle til lags, spesielt ikkje om ein er minister og nestleiar i SV. At Lysbakkens liv som småbarnspappa verkeleg alltid er så idyllisk og fantastisk som i boka, har eg derimot vanskeleg for å tru, men det er ein anna debatt.
Beate Sletvold Øistad er redaksjonsmedlem i Fett og gjer så godt ho kan.
Bilete 1: Lysbakken_omslag. Av Manifest.
Bilete 2: Can`t talk. Busy. Very Important Things To Do. Av NontrivialMatt (CC BY-NC-ND 2.0).
Bilete 3: Like father, like daughter. Av Cvogle (CC BY-NC 2.0).
Bilete 4: Happiness is holding your own milky milk bottle. Av Wayan Vota (CC BY-NC-SA 2.0).
Om forfatteren

Gjesteblogger
Hvis du vil være gjesteblogger for Maddam, send en mail til hei@maddam.no. Få med hva du vil skrive om og tre linjer om deg selv.
Related Posts
-
Vi må gjere meir for å beskytte Ukrainske familier, kvinner og barn
Russlands invasjon av Ukraina har ført til at millionar av menneske er på flukt internt og inn i Europa, og vi står ovanfor den største […]
Feminisme i 2022: Jeg vil ha flere menn med på laget
Godt nyttår! Hva ønsker jeg å se mer av i feminismen i 2022? Vel, jeg ønsker å se flere menn med på laget. Til tross […]
Likte denne anmeldelsen!
Ville bare slenge inn en bemerkning til din mening om pappapermen; jeg er også enig i argumentene for en egen pappakvote, men det er ikke dermed innlysende for meg at mors permisjon må forkortes tilsvarende fars økning! Jeg synes jammen menn kan kjempe fram sin egen kvote uten å dermed begrense mors mulighet til å ta ut en lang permisjon hvis hun ønsker det!
:-) KristinB