Eit skritt fram, og så attende igjen
I førre veke skjedde det noko historisk her i Argentina. For fyrste gong var det ein debatt i parlamentet om å legalisere abort opp til 12. veke.
Tragiske utfall
Abort har i mange år vore tabu i den argentinske debatten. I dag kan kun kvinner som har blitt valdtatt, står i fare for psykiske helseplagar og bur i visse provinsar få abort. Sjølv då er det kontroversielt. Til dømes gjekk ein katolsk biskop ut for nokre veker sidan og kritiserte at ei 13 år gamal jente fekk lov til å ta abort etter å ha blitt misbrukt seksuelt.
Dystre tal
Resultatet av abortforbodet er tragisk.
- 500 000 argentinske kvinner går gjennom ulovlege abortar kvart år.
- 80 000 av desse opplever komplikasjonar.
- Berre 1 av 8 som opplever komplikasjonar oppsøker lege.
- Over 300 kvinner døyr kvart år som følgje av ulovleg abort. Mange av desse er mindreårige.
Eit klassespørsmål
Det er ikkje tilfeldig kven desse kvinnene er. Abort handlar nemleg om både kjønn og klasse.
Kvinner med låg utaning og låg inntekt har ofte mindre kunnskap om og tilgang på prevensjon. Dei same kvinnene har færre valalternativ når dei fyrst blir gravide. Då blir ofte løysinga farlege abortar utført av folk som ikkje er helseutdana. Følgja er at mange kvinner døyr unaudsynt.
Som ein representant i det argentinske parlamentet sa: Dersom abort blir legalisert:
“vil alle kvinner frå dei fattigaste sektorane kunne gjere det same som middelklasse- og overklassekvinner utan å risikere liva sine”.
Diverre gjekk ikkje framlegget igjennom.
Kva skjer no?
Både nasjonale og internasjonale interesseorganisasjonar jobbar no aktivt for legalisering. På Gay Pride-marsjen i Buenos Aires i førre helg, var ”fri abort” eit av dei mest brukte slagorda. Amnesty International og Human Rights Watch er nokre av dei internasjonale organisasjonane som jobbar for legalisering.
Det er bra at argentinarane har byrja bryte tabua kring abort. Men det er ikkje bra nok. Argentinske kvinner bør få rett til legal abort. No.
Bilete 1: Yo decido!! av Pachakutik (CC BY-NC-ND 2.0)
Bilete 2: aborto londres av Erprofe (CC BY-NC 2.0)
Bilete 3: aborto av Daquella Manera (CC BY 2.0)
Om forfatteren

trine
Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.
Related Posts
-
Vi må gjere meir for å beskytte Ukrainske familier, kvinner og barn
Russlands invasjon av Ukraina har ført til at millionar av menneske er på flukt internt og inn i Europa, og vi står ovanfor den største […]
Vi trenger alle noen omsorgsdager nå
Problemene knyttet til slitenhet under pandemien og kapitalismen er uten tvil systematiske, men jeg tenker likevel det er på sin plass med plaster på såret: jeg synes at alle kunne fått noen omsorgsdager nå.
Comments are closed.