Russland – ein annan stad, ein annan fridom

”Russland er et annet sted” var tittelen på ei bok eg fann i eit bibliotek-utsal for snart ti år sidan. Ho kosta sikkert meir enn ein frukost, men mindre enn ein middag, så då hamna ho i bokhylla mi. Det var slik prioriteringane fort vart gjort då eg budde på hybel på vidaregåande.

Boka er i grunnen ikkje så veldig god, men det var tittelen som fanga meg. Det tok ikkje mange dagane frå eg hadde høyrt om plata ”Jazz på rysska” av Jan Johanson før ho og stod i hylla. Den plata er i motsetnad til boka, nokså god. Men det
visste eg ikkje før ho vart tinga. Det var tittelen som fekk meg interessert. Eg hadde ei sterk interesse for Russland som eg ikkje heilt greidde å forklare. Ho starta lenge før eg hadde ein eigen økonomi som let meg gjere den type impulskjøp som skildra ovanfor, og ho er vel faktisk nokså mykje sterkare i dag.

Kva er det som gjer Russland så annleis? Det finns mange teoriar om dette, og diskusjonane kan sporast langt attende, særleg i Russland. Og annleis frå kva? Kva er det ein samanliknar med? Ofte har det vel vore Vesten.

I fylgje Nestor-krøniken for dei slaviske og finske stammane vestover for å finne ein konge som kunne rå over dei. Men seinare tok ein avstand frå Vesten ved å velje den austlege retninga av kristendomen, den ortodokse. Då Bysants, Det andre Rom fall, var det tid for Det tredje Rom: Moskva. Dette er noko russarar til den dag i dag kan dra fram. Tsar Nikolai I (1796–1855) fekk laga seg eit program: ”Ortodoksi, autokrati og nasjonalkjensle” som spelar vidare på dette og høvde godt i samtidas diskusjon om retninga til Russland.

Det som gong på gong vart peika på som det som skil Vesten frå Russland var åndelegheit. Vesten er materialistisk, dekadent og korrumpert. Frelsa ligg i Russland og i åndelegheit. Med visse endringar heldt mykje av dette seg gjennom Sovjetsamveldet, der det var den sovjet-kommunistiske revolusjonen som skulle frelsa verda. Denne tanken har halde seg, til ein viss grad, fram til i dag.

Kvar? Eg meiner i mellom anna noko så grunnleggjande som i forståing av fridom. Av det eg har lært og erfart om russarar har nok mange ei anna forståing av fridom enn det dei fleste vestlege har. Hjå oss handlar fridom mykje om politiske rettar: demokrati og røysterett. I Russland kan fridom like fort vera fridom frå politikk. På skulen er me i større grad vane til å analysere og drøfte innhald i litteratur og poesi. Me les (delar av) ”Hellemyrsfolket” av Amalie Skram og lærer om kvinnekamp, me les ”Du må ikke sove” av Øverland og lærer om solidaritet og motstandskamp. Russiske ungar lærer Pusjkin og Lermontov på rams, og held fram med Bulgakov og Gogol, men set det sjeldan i ein politisk kontekst. I mange høve vil russiske kulturutøvarar ikkje kjenne seg att i analysen vestlege forskarar gjer av uttrykket deira. Sjølve utgangspunktet er ofte forskjellig. Til dømes vart ein del russiske rocke-grupper på 80-talet, mellom anna DDT, stempla som regimekritiske og anti-kommunistiske av vestlege forskarar, medan dei sjølve prøva på harde livet å fjerne seg frå alt politisk innhald.

Det vil for mange av oss virke som ei politisk handling i seg sjølv, og her vil mange russarar vera usamde..

 

Om Åsne Ø. Høgetveit (f.1985): Urbanisert bygdejente. Ho tek eigentleg ein mastergrad i Russlandstudiar ved UiT, men dette året er ho fagpolitisk ansvarleg i Norsk studentorganisasjon (NSO). Åsne har også tatt bildene, så hvis du vil låne dem så må du spørre henne om lov.

Om forfatteren

Gjesteblogger

Gjesteblogger

Hvis du vil være gjesteblogger for Maddam, send en mail til hei@maddam.no. Få med hva du vil skrive om og tre linjer om deg selv.

Visit Website

Comments are closed.