Livet som motorsykkelrype
Eg har null interesse for mekanikk og motorar. Difor hadde eg aldri trudd at eg skulle bli saman med ein fyr som elskar motorsyklar og les bruksanvisingar på senga (i alle fall ikkje før eg møtte fyren for 6 år sidan).
Bilete 1: Sambuaren min med sin fine, svarte regndress på Haukeli.
No skal me på vår fyrste motorsykkelferie. Me skal sjå norsk natur på nært hald gjennom Møre og Romsdal, Sør- og Nord-Trøndelag.
Difor var eg i dag på Biltema. Eg skulle kjøpe nett for å feste bagasje på sykkelen og ein regndress eg kan ha utanpå motorsykkeldrakta. Det var ein handletur der eg hadde fått klåre instruksjonar om kva eg skulle kjøpe (til og med varenummer, for å vere heilt sikre på at dette skulle gå bra).
Bilete 2: Meg med min vanvittig stygge, nye regndress (den einaste i butikken som passa).
Dette var ein handletur eg motviljug gjennomførte, etter fleire diskusjonar i heimen. No er ikkje shopping noko eg liker generelt, men aller verst er butikkar som Biltema og Claes Ohlson. Eg blir rastlaus og ukomfortabel berre eg ser logoen til butikkane.
Difor blei eg veldig overraska over meg sjølv då eg kom inn på Biltema. Der gjekk eg, som tilsynelatande sjølvstendig kvinne, om kring mellom mannlege kundar og såg på mekanikk og motorsykkelutstyr. Og eg merka at eg blei litt stolt.
Dei tenkjer sikkert at eg har peiling på dette. At eg veit kva eg skal ha. At eg er god på motor.
Eg gjekk til og med ein (liten) ekstra runde, berre fordi det var ei god kjensle (men eg såg ikkje på varene). Kva hadde skjedd?
På vegen heimover tenkte eg meg om. Og under middagen i dag diskuterte me – kva hadde sambuaren min følt om han var åleine i ein butikk som høyrte til på eit tradisjonelt kvinnedomene? Til dømes på aerobic-avdelinga på G-Sport?
Det var som eg tenkte. Han hadde blitt flau.
Det fekk meg til å konkludere med at tradisjonelle mannehobbyar har høgare status enn typiske kvinnehobbyar. Irriterande.
Eller kva tenkjer du?
Comments are closed.