Kvifor ikkje fleire kvinnelege toppleiarar?
Dei siste vekene har det vore debatt i media om kvinnelege toppleiarar. Kvifor blir framleis fleire menn enn kvinner toppleiarar? Kvifor er Kristin Skogen Lund framleis eit unnatak som kvinneleg toppleiar?
Ulike svar har kome, men det eg har sett mest av har vore ”kvinner vel det bort” eller ”kvinner ynskjer ikkje dei mest krevjande jobbane”, som til dømes John G. Bernander har sagt her.
Eg blir ikkje overtydd av det svaret. For det fyrste trur eg det er meir komplekse mekanismar som ligg bak enn at kvinner i dag får tilbod om å bli sjef, og så seier nei. For det andre gir dette oss rom til å slutte arbeidet for å få likare fordeling av makt mellom kvinner og menn. Om dette svaret stemmer, er det på mange måtar ikkje så mykje samfunnet kan gjere med at menn framleis har store delar av toppleiarstillingane i samfunnet, sidan kvinner ikkje ynskjer noko anna.
Nei, eg trur me må leite etter andre svar. I bransjar der menn tradisjonelt har vore i leiinga, kan det framleis vere vanskeleg å nå toppen som kvinne. Det er naturleg at sitjande leiarar stør og oppmodar dei som liknar seg sjølv til å følgje på oppover. Altså menn. Like flinke kvinner får kanskje ikkje dei same sosiale signala frå sjefen, sjølv om selskapet eller organisasjonen kan ha uttalte mål om fleire kvinner i leiarstillingar. Dermed er det mange kvalifiserte kvinner som aldri søkjer på leiarstillingar dei er kvalifiserte til i eigen organisasjon, rett og slett fordi dei ser andre menn kring seg som dei meiner vil gå framfor dei i køen. Ein kan risikere å stikke seg ut ved å søkje på ein leiarstilling ein ikkje trur ein vil få, og då er det kanskje lettast å ikkje gjere det.
I Aftenposten i går kom Elisabeth Hunter, leiar i Allaince, med eit interessant innspel:
– Hvis menn sitter og venter på at kvinner skal komme og si at de vil ha toppjobben, så må de vente lenge. Jeg var markedsdirektør og fornøyd med det. Så ble jeg overtalt eller overbevist om å ta toppjobben. Hadde jeg ikke blitt det, hadde jeg ikke tatt steget opp.
Hunter seier mykje interessant her. Å aktivt byggje sjølvtilliten til flinke kvinner, og direkte oppmode dei til å søkje på leiarstillingar på kvar enkelt arbeidsplass, kan vere ei løysing. Eg trur nemleg mange av oss kan vere vår eigen verste fiende når det kjem til å vurdere eigen kompetanse. Det er eit dårleg utgangspunkt for ein søknadsprosess der ein skal selje seg sjølv.
Eit anna døme på denne forma for sjølv-nedvurdering kom denne veka. Aftenposten skriv:
– Bare drøyt halvparten av jentene som søker lederutdanning i Forsvaret og blir innkalt, møter til opptak. Mange oppgir frykt for ikke å være godt nok fysisk forberedt som årsak til at de ikke møter.
Eg veit ikkje noko om den fysiske forma til desse jentene, men kan tenkje meg at i alle fall ein del av dei hadde kome gjennom krava om dei hadde møtt opp. I staden var det frykta for å mislukkast som haldt dei heime.
Desse døma viser at fleire kvinner både kan og vil bli leiarar, men at det framleis er ein del hindringar på vegen. Å byggje opp sjølvtilliten til kvinner kring oss kan vere eit av grepa me kan ta for å få fleire kvinnelege sjefar. Eller kva meiner du?
Bilete 1: Kristin Skogen Lund av Orkla. (CC BY-NC-ND 2.0)
Bilete 2: Austrian Army av Incinerator (CC BY-NC-ND 2.0)
Innledningsvis vil jeg si at svaret på hvorfor det ikke er flere kvinnelig toppledere muligens ligger i måten kvinner tilnærmer den aktuelle problematikken på. Som toppleder forventes det at man uoppfordret skal fatte beslutninger og stake ut kursen for selskap/organisasjon og ansatte. Når det kan virke som om kvinner trenger oppfordringer til å ta beslutningen om å søke på lederstillinger vitner det, slik jeg ser det, om manglende evne til å fatte beslutninger. Dette er uforenelig med det å være toppsjef.
Å være toppleder er en utsatt posisjon hvor organisasjonens feil og mangler ofte blir gjort til et spørsmål om lederens kompetanse og person. I tillegg til det ytre presset vil det også internt være ansatte og andre ledere som ønsker seg din plass og man kan oppleve at man ikke kan gjøre alle til lags. Likestillingssaken har så langt vært opptatt av å fremstille kvinner som offer for en mannelig sammensvergelse, hvor selv ikke de mest kompetente kvinnene når maktens stormfulle tinder. I lys av den aktuelle problemstillingen er dette, slik jeg ser det, en kontraproduktiv strategi, da den undergraver kvinners troverdighet som autoritetsfigurer. Det er skjelden en god lederstrategi å fremstille seg selv som svak.
Mye av likestillingenskampen dreier rundt hvilke forventninger vi har til kvinner. Er det f.eks. mulig å kombinere rollen som toppleder med rollene som mor, vennine og kone? Svaret på dette spørsmålet er selvsagt sammensatt, men det synes som om kvinner møter forventninger på flere arenaer enn menn. Går man til kilden til disse forventingene finner man imidlertid at vel så mange av forventningene stammer fra andre kvinner som fra menn. Mine egne erfaringer tilsier f.eks. at kvinner er blant de første til å kommentere andre kvinners utøvelse av morsrollen. Likeledes fremstår det som bomskudd å laste menn for de forventninger venniner eventuelt måtte ha. I den grad kvinners karrierevalg bestemmes av ytre foreventinger er det således vel så viktig at kvinner forventer mindre av kvinner.
Som en avledning av det forrige avsnittet kan det være betimelig å spørre seg. Hva tjener kvinner egentlig på makt? I et evolusjonsperspektiv kan man kanskje driste seg til å hevde at “posisjonsmakt” fungerer som en proxy på hvor veltilpasset man er til det siviliserte samfunn. For menn fremstår posisjonsmakt som hard valuta. Jo mer makt, desto mer tiltrekningskraft og goodwill fra omgivelsene. For kvinner der i mot, kan det imidlertid se ut som om makt ikke gir den samme fortjenesten som for menn. Snarere tvert i mot. Ikke bare kan sterke og mektige kvinner virke avskrekkende på en del menn. Som det fremgår av forrige avsnitt, medfølges maktens sødme av forventingenes sure svie. Gitt disse mekanismene fremstår det derfor som irrasjonelt for kvinner å søke topplederansvar.
Hei Jo
Me er nok ikkje me er einige her, men det er interessant å lese kva du tenkjer. Og kult at du les bloggen vår. Eg har prøvd å svare på kvar del av innlegget ditt:
At kvinner ikkje søkjer på toppleiarstillingar, handlar på ingen måte om at dei ikkje har evner til å ta avgjerder. Når kvinner ikkje søkjer på ein jobb, er det òg ei rasjonell avgjerd tatt basert på argument for og i mot.
Poenget mitt er at me som samfunn er for flinke til å vektlegge argumenta mot at kvinner skal bli toppleiarar (“Er kvinner sterke nok?” “Går det ikkje ut over morsrolla?” “Det er sikkert flinkare personar som kan ta same jobb” “Kven skal bake til korpsdugnaden når mamma er på jobb?”). Difor slår mange kvinner seg til ro der dei er. Me bør bli flinkare til å vektlegge argumenta for at kvinner kring oss skal ta leiarjobbar.
Kvinner er ikkje svake. Det er ein kritikk me feministar ofte får, at me framstiller kvinner som offer. Derimot trur eg at kvinner ofte er meir sjølvkritiske enn menn, sjølv om dei kan vere minst like flinke. På den måten mistar no samfunnet masse kvinner som kunne gjort ein veldig god jobb som toppleiarar. Difor ser eg ikkje poenget ditt – sjølvsagt kan kvinner òg ta gode avgjerder som toppleiarar.
Me har eit veldig ulikt syn på kva feminisme er, Jo. For meg er ikkje feminisme at “kvinner er offer for en mannlig sammensvergelse”. Derimot handlar det om å sjå at me har eit samfunn der menn har meir makt enn kvinner. Dette er det mykje statistikk som viser (eg reknar med du har sett denne i ulike former, elles kan eg kome med nokre døme). Dette handlar om korleis både kvinner og menn tilnærmar seg spørsmålet, ikkje berre kvinner, som du skriv.
Me arbeider ikkje mot menn, men mot eit system der menn er meir priviligerte enn kvinner. Me vil at menn og kvinner skal ha like høve til å bli toppleiarar, uavhengig av kjønn. Dermed kan me få dei flinkaste av både menn og kvinner til å leie organisasjonar og bedrifter.
Eg tolkar innlegget ditt som ganske polemisk, der du les innlegget mitt som “kritikk mot menn”, og så svarer du med “kritikk mot kvinner”. Derimot gjekk min kritikk ut til heile samfunnet. Ja, eg meiner at menn må bli flinkare til å løfte fram kvinner, men eg meiner òg at kvinner må bli flinkare til å løfte fram seg sjølv og andre kvinner. Difor ser eg ikkje behovet for å finne ut om det er menn eller kvinner si skyld at det er sånn. Eg vil berre gjere noko med det.
Eit poeng der eg er delvis samd med deg er det med forventningar. Ja, me stiller mange forventningar til oss sjølv. Ein skal meistre både samliv, utsjånad, jobb, familie, interiør og trening. Elin Ørjaseter har vore inne på kor mykje tid kvinner mistar på å sminke seg og shoppe. Eg drøymer til dømes om eit samfunn der me ikkje har plakatar av retusjerte modellar overalt, som sender forventningar om å ha ein kropp dei færraste har.
Det siste avsnittet ditt måtte eg lese nokre gongar for å henge med på. Eit “evolusjonsperspektiv” tenkte eg fyrst var at ein hadde biologiske eigenskapar som låg til grunn for handlingane ein gjer, men etter å ha lest avsnittet igjen trur eg ikkje det er det du meiner.
Du kan ha rett i at kvinner med makt ikkje får like høg status i omgivnadene som menn i same posisjon. Til dømes meiner eg at kvinnelege politikarar får meir tyn i media enn mannlege (Inger Lise Hansen i Det Nye var til dømes langt over streken, men Jonas Gahr Støre naken med motorsag i Magasinet var heilt greitt. Kvifor?). Dette bør på ingen måte vere grunnlag for å slå oss til ro, men heller vere noko me bør gjere noko med.
Kult tema, Trine. Eg er så klart samd! Sjølvtillit er mykje meir avgjerande her enn vi trur. Eit anna problem er at kvinner brenn seg ut før dei når toppen. Kanskje nokon dyttar på og oppmodar om å gi litt ekstra for å “vise at du dug”, men det resultatet at du blir utbrent og ikkje orkar tanken på å gå til topps. Veit ikkje om du har sett ein veldig artig visuell illustrasjon på dette? Ei dame som slit seg opp fjellveggen åleine med klatreutstyr, medan tre mannfolk tek stolheisen opp saman ved sidan av henne? Eg orka ikkje ta google-søket no, langt mindre stele biletet og bli utsett for sanksjonar (Hm – kvinner er late – eit konkurrerande postulat).
Hei Marianne!
Kult at du er samd. Eg kjenner meg igjen i det med å brenne seg ut.Ikkje bra. Senebetennelseepidemien blant mine venninner er eit teikn på at det er mange som jobbar mykje. Difor trur eg latskap kan vere bra innimellom. Har ikkje sett illustrasjonen, nei. God ferie!
Det er tonnevis med statistikk som som viser korrelasjon mellom ledere og høyden deres også. Just sayin’. Dere er har noen greie peonger her på bloggein iblant, men jeg hadde satt pris på om dere klarte å gå rett på ball iblant også.