Val i Tyrkia

I dag gjekk det tyrkiske folket til valurnene. I Tyrkia er det ikkje snakk om noko folkeopprøyr mot regimet, på line med det ein har sett i Egypt, Tunisia, Libya og Syria. Valvinnaren blei det sitjande regjeringspartiet, eit parti som allereie har leia landet i ni år med kraftig økonomisk vekst. Det store spørsmålet har vore om dei vil vinne stort nok til å kunne endre grunnlova.

Anna utanrikspolitisk line

Tyrkia har dei siste åra fått ei stadig sterkare rolle i internasjonal politikk. Tyrkia har sidan 2002 vore leia av Rettferd- og utviklinspartiet (AKP), eit parti med islamistiske røter. Partiet bruker ikkje merkelappen ”islamistisk” om seg sjølv, men heller ”demokratisk konservativt”. Det har lenge hatt EU-medlemskap for Tyrkia som hovudsak, og har stått i bresjen for EU-tilpassingsreformer. Den langsamme forhandlingsprosessen, og motstand mot tyrkisk medlemskap i mange EU-land, gjer at EU-medlemsskapet verkar fjernt i dag.

I utanrikspolitikken har AKP stått for ei meir aktiv line enn Tyrkia tradisjonelt har gjort. Difor har Tyrkia no hatt tettare diplomatisk kontakt med nabolanda, inkludert Syria og Iran. Slagordet til utanriksminister Ahmed Davutoğlu seier at Tyrkia skal ha ”zero problems” med nabolanda. Av den grunn har tyrkiske styresmakter fleire gongar hatt ei anna line enn USA i Midtausten-spørsmål dei siste åra.

Tyrkia er NATO-medlem og hadde på 1990-talet tette band til både USA og Israel. I dag er særleg forholdet til Israel kjølna, ei nedkjøling som byrja med Gaza-krigen i desember 2008 og blei sterkare med Gaza-flåta i fjor, der åtte tyrkarar mista livet. No skal tyrkiske organisasjonar sende ei ny flåte. For nokre dagar sidan blei det klart at USA har kome med tilbod til Tyrkia om ei sentral fredsforhandlingsrolle i Midtausten om dei stoggar flåta. Førebels har AKP-regjeringa avslått presset frå USA.

Hovudsak i valet

Ei hovudsak for AKP i dette valet har vore endring av grunnlova. Dei har ikkje vore så spesifikke på kva dei har ynskja med den nye grunnlova, anna enn å tryggje grunnleggjande fridomar. Grunnlova Tyrkia har i dag er frå 1982, resultatet av eit militærkupp i 1980. Av den grunn har ny grunnlov vore eit krav for å kunne bli med i EU.

Opposisjonen har hevda at denne nye grunnlova både vil kunne truge demokratiet og den sekulære modellen Tyrkia er kjent for. Dette er vanskeleg å vurdere. Så langt har AKP stått for demokratiseringsprosessar i Tyrkia, men dei har ikkje vore like demokratiske på alle frontar. Særleg har journalistar kritisert AKP-regjeringa for dårlegare vilkår. Andre har òg hevda at særleg statsminister Erdogan har blitt meir autoritær etter kvart.

AKP har respektert Tyrkias sekulære modell dei 9 åra dei har vore i regjering så langt. Dei har likevel kome med framlegg om å fjerne forbodet mot slør på universitetet og framlegg med forbod mot utroskap. Ingen av desse framlegga har gått gjennom.

AKP fekk 50% av røystane. Ei ny grunnlov ville dei kunne lage med 2/3 fleirtal i parlamentet, ein siger dei glapp med nesten 40 mandat. Men hadde dei berre fått 4 fleire mandat kunne dei ha fått til folkerøysting om ei ny grunnlov. No må dei samarbeide med dei andre partia for å få til det.

AKP vann ikkje så stort berre fordi det er populært, men òg fordi valordninga favoriserer store parti. Landet har ei sperregrense på 10 prosent (noko som ville ha gjort at berre Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet ville ha kome inn i Noreg).

Opposisjonspartia

To opposisjonsparti har kome inn. Det fyrste, CHP, fekk ca 26%. Partiet satt i opposisjon i førre periode og har tradisjonelt kritisert AKP for å islamisere Tyrkia. I fjor fekk dei ny leiar, og no ser dei ut til å ha endra strategi. No er det AKP-leiingas tette band til store medieorgan, og det faktum at mange journalistar sit fengsla i Tyrkia, som er under kritikk. Dette har fått The Economist til å heie på CHP i valet i dag. CHP gjorde med dette sitt beste val på lenge. Det andre partiet, MHP, fekk 13%. Det er sterkt nasjonalistisk og var ute av parlamentet i førre periode.

De kan lese meir om valet her og her.

Bilete 1: Recep Tayyip Erdogan  – World Economic Forum Annual Meeting Davos 2009. (Andy Mettler CC BY-SA 2.0)

Bilete 2: Turkish flag. (kgbbristol, CC BY-NC 2.0)

 

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website

3 Comments

  1. En god analyse av valget i Tyrkia.

  2. trine
    trine 13/06/2011

    Takk skal du ha!

  3. Vel, en god analyse er det da ikke vil jeg si. En lettfattelig og kort oppsummering av dagens Tyrkia og dets valg. Men noe analyse av valget er det jo ikke, hvis jeg skal være ærlig. Og det skal man jo.

    Ellers måtte tyrkere finne veien tilbake der de kom fra.