Fordi han fortener det
Av gjestebloggar Synnøve Midtbø Myking.
I den norske filmen Fatso frå 2009 er det ei scene der hovudpersonen Rino går på deit — det er søte Malin, som Rino bur ilag med, som meiner han passar saman med ei ho jobbar med. Arbeidskollegaen viser seg å vera ei overvektig dame, noko som set sinnet til Rino i kok: Er han dømt til å deita tjukkasar, berre fordi han er tjukk sjølv? Fortener han ikkje noko betre? Er det so utenkjeleg at han, ein sosialt klønete mann utan erfaringar på sex- eller kjærleiksfronten, skal få ei som Malin?
Det er mykje interessant ved denne scena, og det er den som gjorde sterkast inntrykk på meg då eg såg filmen. Det er mogleg at Rino sine eigne fordomar og dårlege sjølvtillit spelar han eit puss, men det kan òg vera at Malin sin tankegang verkeleg er slik: Feite folk må nødvendigvis vera saman med andre feite folk, sidan ingen andre vil ha dei. Usympatisk og overflatisk, sjølvsagt, men reaksjonen til Rino er ikkje lett å svelgja heller. Han lèt nemleg vonbrotet og sinnet sitt gå ut over den stakkars arbeidskollegaen, som må finna seg i få å høyra — truleg ikkje for fyrste gong — at ho ikkje er ei slik kvinne som menn vil ha.
Kva er det som gjer at Rino føler han fortener betre? (Legg merke til at “betre” her refererer til “tynnare, yngre og meir i tråd med rådande venleiksideal”; det er nemleg slike kriterium som for Rino avgjer kor vidt ei kvinne er attråverdig.) Trass alt er han ikkje berre tjukk, han har òg uappetittlege vanar, so godt som ingen vener og ein heller uglamorøs jobb. Han er ingen Mr. Darcy, so kvifor er han ute av stand til å setja pris på at det i alle fall var ei dame som var viljug til å gå på deit med han?
Eg tippar at reaksjonen hans har å gjera med visse tenkjemåtar som sit djupt i oss, og som det nok skal meir til enn nokre skarve år med feminisme for å få slutt på (utan at eg trur dei er medfødde, heller):
1. Kvinner er, og skal vera, penare enn menn
Heile ideen om at kvinner er “det fagre kjønnet”, stør opp under tankegangen om at venleik er det som gjer deg attraktiv som kvinne. Ei kvinne som ikkje fylgjer dei normene samfunnet har sett opp for feminin utsjånad, risikerer dimed å verta møtt med sanksjonar — på same vis som andre folk som bryt med kjønnsrollene dei har fått tildelt. (“Du ser ut som ein mann” er ikkje nett nokon kompliment, so nåde deg om du ikkje hugsar å nappa augnebryna.)
2. Menn treng ikkje vera unge og vakre for å vera attraktive
Pengar, autoritet, makt — alt det der vert sett på som sexy, i alle fall når det er ein mann som har det. Kven bryr seg om han er snart nitti år og tynn i håret? I alle fall ikkje damene til Hugh Hefner.
3. Kvinner forstår ikkje sitt eige beste
Kvifor vil den heite blondina gå ut med ein bøllete machomann, når den greie karen i nabohuset framleis er ledig på torget? Eller, i dette tilfellet: Kvifor vil ikkje Malin gje Rino ein sjanse, han som hadde dyrka henne som ei gudinne og tilbede jorda ho går på, om han berre fekk lov?
Sjølv om Rino på somme måtar er ein fæl fyr, er det vanskeleg å ikkje føla med han i jakta på kjærleiken. På same viset er det vanskeleg å vera usamd i at utsjånad har null og niks å seia for kor godt to menneske passar saman, og når ein fyrst vert forelska har slike omsyn ein tendens til å gå fløyten. Likevel synest eg det hadde vore spennande om nokon laga ein film om ei feit, einsam, sjenert jente som fantaserer om den heite naboguten og som nektar å ta til takke med kva som helst type som kjem hennar veg. Eller er eit slikt scenario altfor urealistisk?
Om Synnøve:
Synnøve Midtbø Myking (f. 1985) er masterstudent i fransk lingvistikk ved Universitetet i Oslo. Ho er interessert i film og feminisme og mykje anna.
Comments are closed.